meiningar

Drikkekulturen utviklar seg i løpet av ungdomsskulen, spesielt i 10. klasse. Her har skulen eit problem å ta tak i. Mange får tak i alkohol heime. Her har foreldra eit stort ansvar, skriv Otto Inge Molvær.

Alkohol i Sveio 

Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine meiningar og haldningar.

Eg har i tidlegare innlegg påpeikt det uheldige med at politikarane er for slepphendte med å gi løyve til alkoholsal. Det er ein klar samanheng mellom kor tilgjengeleg alkohol er og kor mykje som vert brukt, og vidare mellom kor mykje som vert brukt og skadar på individ, familie, arbeidsliv og samfunn. 

Som lege i distrikt, på legevakt, i medisinsk avdeling, på kirurgiske avdelingar, på øyre-nase-halsavdelingar, som tilsynslege ved AA-klinikk (Anonyme Alkholikarar), som militærlege i inn- og utland og som ekspedisjonslege, har eg hatt fyrstehands innsyn i problema alkohol skaper. 

Sveio er no på botnen i Helsedirektoratet sin oppvekstprofil (1). Høgast på alkoholbruk med 16,4 %. Det er ein auke frå tidlegare, over landsgjennomsnittet og høgare enn Stord, Haugesund, Bømlo og Tysvær. Politiet og ungdomsrådet åtvarar mot utviklinga. 

I Folkehelseinstituttet (FHI) sin oppvektprofil opplyser 21 % av jentene at dei har rusa seg på alkohol siste året, nær dobbelt så mange som blant gutane (12 %). At framtidige mødrer legg seg til slike drikkevanar er svært urovekkjande. 

Drikkekulturen utviklar seg i løpet av ungdomsskulen, spesielt i 10. klasse. Her har skulen eit problem å ta tak i. Mange får tak i alkohol heime. Her har foreldra eit stort ansvar. 

Få trenar så mykje som ein gong i veka, og fjerdeparten er overvektige eller feite.

Stor reportasje i Vestavind om gjesting av filippinsk ambassadør der han og ordføraren utvekslar brennevin som gåver (2). Kva signal sender det til ungdomen når samfunnstoppane demonstrerer at dei synest alkohol er så gjævt – og får det løfta fram i lokalavisa? 

I same avisa ropar sosialarbeidar Rune Knudsen varsko om rus blant Sveio-ungdomen (2).

Alkohol er ein av våre største livsstilrelaterte helserisikoar med skade på hjarte, blodårane, mage-tarmsystemet, lever, bukspyttkjertel og nervesystemet, inkludert auka risiko for kreft og mental helseskade (3).

Diverre går det ikkje berre ut over den som drikk. Det rammar òg familie, arbeidsliv og samfunnsliv.

Til ei kvar tid er det her i landet om lag ein kvart million (250.000) alkoholavhengige personar – i alle samfunnslag. Stortingspolitikarar er blitt tekne for fyllekøyring og har vedgått alkoholproblem. 

Verdshelseorganisasjonen (WHO) slår fast at alkohol er ei leiande årsak til tapte kvalitetsjusterte leveår. I Europa døyr om lag ein million (1.000.000) menneske av årsaker knytt til alkoholbruk – kvart år!

Den europeiske helsealliansen mot alkohol (EHAA) synleggjer alkoholindustrien sin aukande samfunnspåverknad og den aukande børa av alkoholrelaterte skadar på kontinentet.

Heldigvis er det mange lyspunkt – også her i Sveio. Ære vere alle dei som brukar fritida si på å skape sunne og positive fritidsaktivitetar for born og unge i rusfrie miljø. Imponerande kva dei oppnår nasjonalt og internasjonalt i sport.

Litteratur:

  1. Vestavind nr. 23 - 18/6-2026 s. 1 og 3.

  2. Vestavind nr. 24 – 25/6 -2026 s.1, 10 og 12.

  3. Tidsskrift for den Norske Legeforening nr. 8/2026: 728-31.

Otto Inge Molvær
Kommandør
Professor emeritus, dr. med.

Powered by Labrador CMS