nyhende

—Då eg vaks opp, var det industridrift med 2500 høner. Det var ikkje særleg romantisk, seier Hilde Thomsen, som seinare via ein heil kalender til 12 bevaringsverdige hønserasar.

49 norske husdyrrasar har gått til kunsten

Rygjasau, vestlandsk raudkolle og jærhøns får sjeldan plass i kunsten. Hilde Thomsen har brukt over ti år på å teikne alle dei bevaringsverdige, norske husdyrrasane.

Publisert

– Det var sauen som redda meg, faktisk. Bønder kom langvegsfrå til utstillinga, fordi det endeleg var nokon som hadde teikna noko dei likte og brydde seg om. Det var då eg skjønte at det går an å drive med dette.

Det er tidleg føremiddag i ein ombygd låve på Fister i Ryfylke. På veggane heng det kyr, høner, geiter og kaninar, og midt på golvet står Hilde Thomsen med ein plakat med elleve sauer i hendene:

Rygja og dalasau, pelssau og spælsau, trøndersau og kvit sau, listar ho opp, og blir tydeleg glad av gjensynet med dei firbeinte.

– Sjå kor forskjellige dei er, då! Og alle har ulik karakter og personlegdom!

Kom i flokk

Etter eit langt liv som teiknar og illustratør for aviser og tidsskrift, var det slump at Thomsen skulle bli mest kjent for å karikere husdyr. Det var under eit skriveoppdrag med å skildre kulturen rundt sauehald, at ho snubla over ei liste med norske sauerasar hjå Nibio. Det var då ho oppdaga kor mange som fanst.

Sauer er ikkje berre ålreite dyr - dei er også svært ulike. Her er Hilde Thomsen si tolking av dei norske rasane.

Ein etter ein, tok ho rasane for seg, på same vis som når ho elles festa Erna Solberg eller politiske nyheitskommentarar til teikneblokka. Sjølv om Thomsen knapt hadde råd til rammer på denne tida, vart saueflokken etter kvart så stor at ho bestemte seg for å stille han ut.

Då både NRK Rogaland og Norge Rundt kom for å dekke utstillinga i det vesle kontorlokalet ho leigde i Stavanger, tok salet av.

– Norske husdyr får ikkje så mykje merksemd, korkje i litteraturen eller i kunsten. Kanskje me tek dei litt for gitt, eg veit ikkje. Då bøndene fekk høyre kva eg dreiv med, kom dei i alle fall strøymande til for å kjøpe bilete.

Bygd for berga

Nibio hadde fleire lister, for å seie det slik. Neste prosjekt vart difor å teikne alle bevaringsverdige, norske storferasar. Deretter tok Thomsen for seg høner. Innimellom skissa ho andre dyr, som ein del av eit langt meir omfattande prosjekt: Å få alle dei 49 norske husdyrrasane ned på papiret.

I fjor var det over ti år lange prosjektet ferdig, og er no tilgjengeleg i form av ein stor plakat.

– Då eg teikna meg gjennom Nibio-lista, vart det tydeleg korleis dei norske dyra passar inn på ulike stader i landet. Her i Ryfylke er det til dømes mykje berg og fjell, så då har jo bøndene måtta jobbe med landskapet. Vestlandsk storfe og gamalnorsk spælsau passar her.

Handkolorering av eit ferdig plakattrykk.

Thomsen blir avbroten av naboen Kjell, som stikk hovudet inn gjennom glasdøra i atelieret. Kjell har skrive kronikk om kva Stavanger skal gjere etter olja, og lete både Hilde og faren i nabohuset få lese.

– Me går jo konk! Blir me sånn som Odda tru, at alle damene dreg til England for å studere, og så blir me mennene att og drikk og bankar kvarandre? spør Kjell og flirer.

–No vell. Eg kom berre innom for å hente ein plakat med sauer. Eg har flytta biletet med fiskane ned i fiskebua, skjønar du, så no vil eg ha sauer der i staden.

Kunstnaren lyser opp:

– Ja, sjølvsagt, du må jo ha sauer!

– Eg kan signere plakaten til deg litt seinare, og så legg eg han ute på bordet her, ok?

Ei hønemor

Hilde Thomsen vaks opp her i Fister, og kunne ikkje koma seg fort nok vekk. Etter sosionomutdanning i Stavanger og Sør-Afrika, studerte ho barnebokillustrasjon i Wales og illustrasjon i Australia. Då ho kom attende til Noreg i 2011, var det likevel som frilans avisteiknar for Stavanger Aftenblad ho starta.

Det finst 12 norske hønserasar. Dette er Plymouth rock. Illustrasjon: Hilde Thomsen
Bier gir glede. Thomsen håpar å kunne djupdykke i den store familien ein dag.

– Eg er jo kunstnar, men i ei avis kan du gjere noko nyttig i tillegg, det er det som er så tøft. Avisteikning er veldig umiddelbart, du teiknar med høgare tempo og tydeleg deadline. Det er kjempekjekt! Og så likar eg jo at dei pakkar fisk i avisa dagen etter. Då er teikninga gløymt og ein kan starte med blanke ark.

Det var først for seks år sidan ho kom attende til heimgarden. Her bur ho med to born, tolv høner og faren i nabohuset.

– I oppveksten hadde me industridrift med 2500 høner. Det var ikkje særleg romantisk. Det var min jobb å hente egga, og eg syntes ikkje det var noko kjekt med dei tronge bura.

Ho ler:

– Far hjelper meg med alt, men når det kjem til hønene har me ein liten strid. Eg er kunstnar og vil dei skal gå fritt, medan han er bonde av den gamle skulen og meiner framleis dei bør låsast inn.

Fast vs. ferie

Sjølv om det stundom kan bli einsamt, er det her i Fister ho finn mest arbeidsro og inspirasjon, seier Thomsen. Fleire av kundane køyrer dessutan gjerne frå Stavanger for å få ein kaffi med på kunstkjøpet, i staden for å handle på nett.

Interessa for dyr og landbruk er dessutan uløyseleg knytt til livet i distriktet.

Ei ny sending med stort papir er i hus. Kvart av dei svære arka kostar 1.500 kroner.

Då må det bu folk i husa:

– Det er mange som kunne tenkje seg å bu her fast, men kommunen har ikkje buplikt, og då konkurrerer jo potensielle fastbuande med hyttefolk.

– Barneskulen vår har til dømes stått i fare for nedlegging lenge. Det er ikkje meir enn eit kvarter til skulen i Hjelmeland, men det handlar jo om meir enn det. Forsvinn skulen her, forsvinn også butikken. Då blir det snart berre ein plass å bu, i staden for ein plass å leve, seier ho alvorleg.

Kalenderkunst

Thomsen har dumpa ned i ein gamal lenestol, der ho lyser opp av sommarsola som kjem inn gjennom eit av dei mange takvindauga. Rundt henne er veggane dekte av dyr og blomar og draumelandskap. Ein dag skal ho kanskje fordjupe seg i biene si forunderlege verd, men akkurat no er ho i gang med nokre skikkeleg digre bilete, som mest av alt skal bogne av glede og energi.

Den no avdøde sogningen Olav Salbu hjelpte Thomsen med mangt. Då han døydde, viste det seg at han hadde stilt opp like mykje for resten av bygda. No kjem han i neste åres kalender. Illustrasjon: Hilde Thomsen

I tillegg må ho bli ferdig med ein ny kunstkalender. Ho plar lage det opp mot jul kvart år.

– Som kunstnar må ein vera kreativ for å skaffe seg inntekt. Dei siste åra har også førespurnadene frå avisene blitt færre, men då var det kanskje ikkje det eg skulle drive med likevel.

– Det er ikkje eit lukrativt liv, men det går rundt. Og eg er heldig som får jobbe med det eg likar aller best.

Frå fe til folk

I år skal ho for første gong fylle kalenderen med folk. Nærare bestemt: tolv fastbuande i Fister.

Førebels har ho teikna bakaren og dama som driv restauranten «Smaken av Ryfylke». Den no avdøde sogningen Olav Salbu, som alltid stilte opp for alle, er óg kalenderklar.

– Eg brenn jo for dette vesle samfunnet vårt. Me er berre 400 som bur her fast, og det er utruleg viktig å sjå verdien i den gode kulturen som blir skapt av folka her.

Også faren skal teiknast for første gong. Kven dei resterande åtte blir, er enno ikkje bestemt. Det kan fort bli mange menn, minner Thomsen seg sjølv på, men her bur også fleire driftige damer og bondekvinner som fortener å bli løfta fram. Dei kjenner ho óg eit ansvar for.

Telemarkfe. Illustrasjon: Hilde Thomsen
Ein pelssau frå Sirdal. Illustrasjon: Hilde Thomsen

Som teiknar er utfordringa uansett den same. Anten ho portretterer menneske eller dyr, er det viktigaste å bruke tid på å studere dei. Det var det ho gjorde med alle husdyra, fortel ho:

– Det er når eg teiknar noko som verkeleg betyr noko for meg, at det blir best. Det er då eg får ut x-faktoren og essensen. Så det er det eg skal gjere med folka her; vera lenge saman med dei, og sjå dei.

– For som med husdyra, er jo også folka i Fister veldig bevaringsverdige.

49 bevaringsverdige husdyrrasar, har me i Noreg. Hilde Thomsen har teikna alle. Illustrasjon: Hilde Thomsen
Powered by Labrador CMS