nyhende
Bjørn Berge hyller gamle heltar med energisk plate
Det er ekte, det er hardt og brutalt, men likevel fylt til randen med sterke kjensler. Bjørn Berge er aktuell med sitt 15. album.
Det er ein klassisk setting. Gitarkongen som har tatt Noreg og verda med storm med sin kassagitar, raske fingrar og sin kjærleik til blues, svingar innom på kaféhjørna for å fortelje om nytt album – og livet elles langs vegen.
Kaffien er svart og samtalen rimeleg kjapt intern og detaljert om gitarar og turnélivets mysterium. Berge er ein dyktig forteljar både på scena og med kaffikoppen.
– Utruleg kjekt å sleppe eit nytt album med coverlåtar frå eit av mine favorittband Morphine band. Dei riffa som Mark Sandman og gjengen serverte seint på 1990-talet har vore med meg lenge. Eg har vel spelt inn ei låt av dei tidlegare og frå scena har det også komme litt. Men denne gongen blei det skikkeleg, og responsen på dei første konsertane og på plata har vore svært hyggelege, smiler Bjørn Berge.
Han har vore der lenge nå, på scenekanten sittande med kassagitaren, slide og brettet med basslydar. Han har vore med i Vamp, i eit par lokale band og ikkje minst, så har han altså vore rundt om på det som finnest av scenar og klubbar.
Endring
– Eg elskar å spele på min barytongitar og til denne plata så var den eit førsteval. Det blir noko eiga med riffa, og så passar den også godt til stemmen min.
– Kva fagleg nivå er det på publikummet ditt?
– Det er høgt. Sjølv når eg drog fram litt ukjente songar frå denne plata så var dei med og nikka med ein gong. Så det blir mykje hyggeleg fagprat om gitarar, gamle heltar og diverse musikksjanger, seier Berge.
Bjørn Berge er sveibu, med familie spreitt over heile Haugalandet. Til og med ei syster i Førre kan han vise til. Han er ein av dei som skjønar at lokalaviser er meir enn ultralokale.
Det som står på nettsida til lokalavisene er tilgjengeleg også for dei som bur i andre land og som følger meg. Dei overset med google og får med seg litt av det som skjer.
– Eg har vore med i bransjen frå den gongen eg måtte abonnere på fleire riksaviser for å halde meg oppdatert på kva som skjedde innan musikkverda. Eg hadde mine favorittaviser og skribentar som eg lest alt av. I dag er dei nesten heilt blåst vekk.
– Men så har verda blitt slik at sjølv lokalaviser som Bygdebladet og Vestavind er world wide på grunn av nettet. Det som står på nettsida til lokalavisene er tilgjengeleg også for dei som bur i andre land og som følger meg. Dei overset med google og får med seg litt av det som skjer. Slik sett er det blitt meir tilgjengeleg med musikksaker, samstundes som bransjen blir styrt av klikk og ikkje alltid kvalitet, seier Berge med eilitt alvorleg mine.
Fysisk
Den nye plata er gitt ut på både LP og CD i tillegg til å ligge på dei vanlegaste nettsidene.
– Det har skjedd noko der også. LP-formatet har vore ein suksess ei stund nå, men i det siste har eg både lese og erfart at stadig yngre vil ha CD. Det er spesielt kvinner i alderen rundt 25 år som har tatt til seg formatet på nytt. Kanskje har det komme spelarar som gjer det kult å ha plater.
– ABC studio, ser eg...
Nå er dette plate nummer 15, og med ei ny plate er det alltid litt trøkk også live. Det betyr Frankrike, Belgia, Nederland og Noreg.
– Ja, eg likar meg godt hos Kjetil Ulland i Etne. Å gi ut ei plate kostar mykje pengar og eg liker å bruke mest mogleg tid på å gjere låtane klare før eg går i studio. Kjetil har vore kjekk å ha mange gonger. I tillegg har eg denne gongen med meg to lokale musikarar i Vegard Fossum og Arnt Ove Kvernenes.
– Saknar du å spele i band?
– Det går heilt fint aleine, og eg har fått eit publikum som likar solokonseptet mitt.
– Du har alltid hatt mange spelejobbar. Er det like tett program?
– Nei, det har roa seg. Eg speler vel ein tredel av det eg gjorde før pandemien. Nå er dette plate nummer 15, og med ei ny plate er det alltid litt trøkk også live. Det betyr Frankrike, Belgia, Nederland og Noreg. Var nettopp i Oslo, og det var kjekt å både sjå og høyre at folk tok godt imot plata. Ein blir alltid litt usikker undervegs i prosessen. Denne gongen var det om plata var for musikalsk mektig og at det kunne bli vanskeleg å overføre det til solokonsertar. Men det funkar, spør du meg, smiler Bjørn Berge.
Fingerrapp
Då Berge slo gjennom var det mykje fokus på kjappe fingrar, rå blues og konsertar kor sveitten rann frå veggane. Det kunne fort blitt litt annleis etter ein tur saman med hunden.
Eg hadde vikla venstrehanda inn i bandet og hunden bråsnudde. Eg var ikkje heilt med og plutseleg sto den eine fingeren på tvers. Då var det litt krisestemning, for eg skulle ut på turné kort tid etter.
– Eg har vore heldig og fingrane fungerer godt framleis. Har hatt litt problem med armane, men skal slett ikkje klage. Det kunne gått riktig gale etter ein tur med hunden. Eg hadde vikla venstrehanda inn i bandet og hunden bråsnudde. Eg var ikkje heilt med og plutseleg sto den eine fingeren på tvers. Då var det litt krisestemning, for eg skulle ut på turné kort tid etter.
– Heldigvis hadde eg dei rett folka rundt med, og med god hjelp av helsevesenet så fekk eg fingeren i rett vinkel før konsertane. Eg hadde ikkje brot, men ein seneskade som framleis gjer at den eine fingeren «glir» litt ut av stilling når eg speler. Der hadde eg flaks, seier Berge og ristar på hovudet.
Innimellom kaffislurkane fortel han om eit liv på vegen, om store arrangørar og dei som er meir i amatørklassen. Om prisar på konsertar i inn og utland, og ikkje minst om honorar. Alt heng saman også når ein speler heilt aleine.
– Korleis går det med produksjonen av eigne låtar?
– Eg har vel rundt 25 prosent eige materiale. Eg har ein del folk eg samarbeider med, men det å skrive tekstar tar tid. Eg liker å bli inspirert av andre og katalogen over kjende band eg har «lånt» låtar frå er stor. Det er mine favorittar – på min måte.
Funkar bra det
– Korleis er det å komme heim og spele?
– Haugalandet er lite og det er ikkje mange stadar å spele. Eg har vore ein del på Høvleriet og liker meg godt hos Bjørn Dybdahl. 9. oktober tar eg med meg gitaren og speler der. Det blir stas, for det er eit perfekt lokale.
– Er det slike stader du speler i også i utlandet?
I Frankrike startar konsertane tidleg på kvelden, folk lyttar, så går dei på puben og skravlar etterpå.
– Nei, det er meir som Festiviteten med stolar og rundt 400-500 plassar. Alltid variantar, men det har blitt mykje slik. Lett å komme til, god lyd og eit lydhøyrt publikum. Spesielt i Frankrike. Der startar konsertane tidleg på kvelden, folk lyttar, så går dei på puben og skravlar etterpå.
Han nemner også Pling Plong og Pitters i same andedrag, der er han jamleg observert med gitaren sin og dei musikalske vennene frå Haugalandet.
– Lærte mykje av å spela i Vamp
Bjørn Berge slo gjennom med debutplata «Bjørn Berge» i 1997 og har neste år 30-årsjubileum som soloartist. Han har to spelemannsprisar og ei rekkje med strålande meldingar på plater og konsertar i inn- og utland. Han blir også hugsa for dei fem åra han spelte gitar i Vamp.
Det er noko heilt anna å reise rundt aleine. Men eg måtte gjere eit val. Enten meir Vamp og farvel til Bjørn Berge solo.
– Eg lærte mykje av å spele i Vamp. Det var gode år der alt var lagt til rette til minste detalj av Øyvind (Staveland). Det er noko heilt anna å reise rundt aleine. Men eg måtte gjere eit val. Enten meir Vamp og farvel til Bjørn Berge solo. Eller som ein nå veit – mykje meir Berge solo. Eg har roa litt ned, men fingrane fyk framleis over strengane og ingenting slår kassagitar og litt rå blues.
– Til alle mine fans, eg håper me snakkast snart ein eller annan stad langs vegen, avsluttar Bjørn Berge.