nyhende

Lokale stemmer

Sverre Halleraker (55), bur på Kvalvåg, er lærar og rådgjevar på Sveio skule, og natur- og friluftsentusiast.

Bøllene får rule, majoriteten blir tause

Eg blei faktisk litt smigra då eg blei spurt om å vere ei av Vestavind sine lokale stemmer. Tenk at eg skal få nå ut til alle lesarane med det eg har på hjartet!

Publisert

Det er jo så mykje eg har tankar om, alt frå kvardagsleg livsfilosofi til store samfunnsspørsmål. Her kan det bli vanskeleg å velje. Eller…? Har eg eigentleg lyst til å ytre meg offentleg på denne måten? Å seie meininga si har jo sin pris. 

I eit demokrati er det særdeles viktig at folk bruker stemma si. Alle meiningar og synspunkt bør få kome fram, og me må kunne utveksle meiningar på ein danna og respektfull måte. Kvifor er dette så vanskeleg? 

Lokale stemmer

Vestavind har invitert lokale stemmer til å vera faste skribentar. Dei kan skriva om kva dei vil. Denne gongen er det Sverre Halleraker sin tur.

I min daglege gjerning som lærar på ungdomstrinnet prøver eg å lære elevane dette. Trass i fokuset på å bruke stemma, har eg merka ein endring i løpet av dei siste åra. For nokre år sidan var det oftast fleire i ein klasse som tok ordet for å dele synspunkta sine. No er det mykje vanskelegare å få elevane til å ta ordet, og dei som tek ordet, tør sjeldan meine noko anna enn det fleirtalet meiner. 

Dette er ein urovekkande utvikling, men i staden for å klage på ungdomane, er det meir fruktbart å spørje seg kvifor det har blitt slik? For å finne ut av dette, vil eg starte med å spegle meg sjølv. Når eg samanliknar meg med den yngre utgåva av meg, ser eg at eg har endra meg mykje. 

Då eg var yngre, var eg ofte skråsikker i mange saker. Eg var full av sjølvtillit på at det var eg som hadde rett. Dessutan kunne eg vere veldig konfronterande i diskusjonar. Eg var sjeldan redd for å seie kva eg meinte, sjølv om mange ikkje var einige. Samstundes hadde eg veldig sterk tru på at argumentasjonen min ville overtyde meiningsmotstandarane mine. 

Etter at eg har blitt eldre, og forhåpentlegvis klokare, har dette endra seg. Eg er ikkje lenger like skråsikker, og eg har forstått at det er viktig å lytte til, og prøve å forstå andre sine synspunkt. Det er alltid fleire sider av ei sak, og det er viktig å kunne sjå saka frå fleire perspektiv. Dei beste løysingane ligg oftast ein stad i midten, og gode kompromiss kan skape eit godt samarbeidsklima, som er eit godt utgangspunkt for utvikling.

Det er dei vaksne som er dei verste nettrolla, og særleg menn midt i livet. Korleis påverkar dette ungdomen? Mange blir sjølvsagt redde for å ytre seg, medan andre kopierer dei vaksne rollemodellane, skriv Sverre Halleraker.

Det er bra at eg ikkje lenger er skråsikker når eg bruker stemma mi, men endringa har gått lenger enn det. I seinare tid har eg faktisk vegra meg meir og meir for å kome med ytringar i det offentlege rommet. Eg vel å vere taus, sjølv om eg har klare meiningar om saka. Kanskje er eg ikkje betre enn elevane mine? Korleis kunne dette skje? 

Svaret ligg sjølvsagt i endringane som kom på grunn av internett og sosiale medium. Etter at sosiale medium gjorde sitt inntog i samfunnsdebatten, har kostnaden med å ytre seg blitt så høg, at mange kloke stemmer vel å vere tause. Særleg har diverse Facebook-grupper og avisene sine kommentarfelt medverka til dette. Her har «nettrolla» fått utfolde seg fritt, utan å måtte stå til rette for påstandane sine. 

Det er dei vaksne som er dei verste nettrolla, og særleg menn midt i livet. Korleis påverkar dette ungdomen? Mange blir sjølvsagt redde for å ytre seg, medan andre kopierer dei vaksne rollemodellane. Spissformulert kan me seie at bøllene får rule, medan majoriteten blir tause.

Me kan ikkje akseptere at nettrolla skal få dominere debatten, men nokon hevdar at takhøgda i debatten har blitt for låg. Mange blir lettare krenka no enn tidlegare. Dei toler ikkje å møte motstand i ein debatt. Saklege motargument blir tolka som personangrep. Resultatet blir at alle ytringar skal vere politisk korrekte, noko som fører til at meiningar ikkje kjem tydeleg fram. 

Det er viktig å vere bevisst på kor grensa skal gå mellom stor takhøgde i debatten på den eine sida, og hatefulle ytringar på den andre sida. I debatten skal det ikkje vere rom for hets, sjikane, eller oppfordring til vald, retta mot enkeltpersonar eller grupper i samfunnet. Her går grensa for ytringsfridomen.

Likevel er det viktig at også dei kontroversielle standpunkta kjem fram i debatten. Den beste måten å få korrigert ytterleggåande standpunkt, er gjennom saklege og faktabaserte motargument. Dersom dei kontroversielle meiningane i ei sak ikkje kjem fram i lyset, kan me risikere at debattane flyttar seg over i lukka grupper på nettet, såkalla «ekkokammer», kor alle er einige, og ingen kjem med motargument. I slike nettforum ligg tilhøva godt til rette for spreiing av hat, intoleranse og konspirasjonsteoriar.

Eit velfungerande demokrati er avhengig av at folk bruker stemma si til å uttrykke meiningane sine i det offentlege rommet. For å oppnå dette må me lære oss å praktisere ein god debattkultur. Alle partar må opptre på ein respektfull måte. Ein må skilje mellom sak og person, og ingen må bli hetsa for meiningane sine. 

Det er viktig å vere lyttande, og ein må vere open for at motstandarar også kan ha rett. Slik kan me få eit levande demokrati, prega av ein konstruktiv og inkluderande samfunnsdebatt, der mange får lyst til å ta ordet og bruke stemma si. Bøllene skal ikkje få lov til å rule!

Powered by Labrador CMS