nyhende

Storbrannen i Lærdal i 2014 starta i eit bustadområde med god avstand mellom husa. Professor Log meiner brannen kunne ha vore unngått, om ein hadde følgt med på og forstått korleis kombinasjonen av vind og låg luftfuktigheit både ute-og innomhus spelte saman og gav optimale brannforhold.

Brann-ekspert: – Me manglar varsling for særleg farlege vêrforhold

Åtte meter mellom husa er langt frå nok for å hindre brannspreiing i tettbygde strøk, åtvarar professor Torgrim Log. Han meiner til dømes Lærdalsbrannen kunne blitt stogga om særleg farlege klimaforhold vart varsla og forstått.

Publisert

– Når det er svært varmt og tørt om sommaren, og det også er mykje vind, då er trehus ekstremt utsette. Bur ein i tillegg i ei skråning, og vinden bles oppover, peikar alle pilar feil veg, forklarar Torgrim Log.

Han er professor i sikkerheitsfag ved Høgskulen på Vestlandet og blir rekna som ein av landets fremste ekspertar på storbrannar og sikkerheit.

Ifølgje Log blir brannrisiko knytt til vêr- og klimaforhold ofte ikkje vurdert godt nok. Han meiner til dømes storbrannen på Lærdalsøyri i 2014 kunne ha vore stogga eller unngått om ein hadde følgt med på og forstått korleis kombinasjonen av vind og låg luftfukt både ute og innomhus spelte saman og gav særleg farlege brannforhold fleire stader.

Ei veke før brannen i Lærdal pakka branneksperten sjølv for første gong ein bag med eigedelar familien absolutt ikkje ville skulle gå tapt i ein brann. Bagen stod klar ved døra i huset heime i Haugesund i fleire dagar.

– Vêr- og klimaforholda på denne tida varsla katastrofe. Huset vårt låg øvst i byggefeltet, og det bles kraftig oppover. Eg visste at ein eventuell brann i nedste husrekkje raskt ville nådd oss. Og at om brannen kom hit, ville me ikkje hatt tid til noko anna enn å evakuera, seier Log til Nynorsk pressekontor.

– Me, både meinigmann og brannvesenet, må bli mykje flinkare til å sjå på dei samla risikotoppane. Og dei kjem når det er tørre forhold og vind, uansett om det er sommar eller vinter.

Tørkeindeks

Ver-og klima påverkar brannfaren i naturen på same vis. Store lyngbrannar og skogbrannar vil i sin tur også auke risikoen for storbrannar i bebygde strok. Meterologisk Institutt (MI) har ikkje framskrivingar av skogbrannfare spesielt, men har utvikla relaterte indeksar, mellom anna for tørke, seier klimaforskar Jan Even Øie Nilsen ved MI til Nynorsk pressekontor. På klimaservicesenter.no under fana «klimaframskrivingar» kan ein sjå kart og fylkesvise tidsseriar for målte periodar og framtida.

Ifølgje tørkeindeksen vil meteorologisk tørke, som er basert på nedbør minus fordamping frå mai til september, i snitt auke med fire dagar fram mot 2050 i Noreg. Somme stader kan auken bli dobbelt så stor. Andre stader er det ikkje venta auke i det heile, fordi auken i nedbør «tek att» effekten av temperaturauken.

– Kort sagt indikerer klimamodellane at tørke om sommaren vil bli vanlegare. Det vil igjen vil bidra til auka skogbrannfare, seier Nilsen.

I snitt blir det også ein nedgang i markvassinnhaldet i bakken (ikkje grunnvatnet). Somme stader kan markvassinnhaldet bli redusert med 10 prosent.

– Ein viktig faktor for skogbrannfaren, er kor tørr vinteren og våren før sommaren har vore. Så langt eg kjenner til, er det enno ikkje gjort analysar som samanliknar desse forholda frå år til år, seier Nilsen.

Fleire feller

Torgrim Log meiner at ein del av dagens regelverk også bidreg til å auke brannrisikoen og vanskeleggjere sløkkjingsarbeid når flammane først har teke tak. Etter Tek17-forskrifta skal det i dag vera minst åtte meter mellom frittståande hus, mellom anna for å redusere risikoen for at ein brann spreier seg. Men kravet vart først vedteke i TEK-97, og eldre hus er ikkje omfatta.

– Evakueringsvegar er ein del av det samla risikobiletet. Tettleiken på hus kan gjere det vanskeleg for brannvesenet å koma fram. Og om det berre finst ein veg ut og inn i same område, risikerer ein dessutan at adkomsten blir blokkert, på same måte som ein smal og svingete veg eller parkerte bilar langsmed vegen kan bli ei felle, påpeiker Log.

Avstand er likevel ingen garanti i seg sjølv, understrekar han:

– Brannen i Lærdal starta i eit vanleg bustadstrøk frå 50-talet der det var god avstand mellom husa. Han byrja ikkje i eit tettbygd trehusstrok. Det viser oss at med tørre forhold og tørre bygningar, og mykje vind, så er heller ikkje åtte meter nok.

– Ein må óg vurdere i kor stor grad ein brennande bygning utgjer ein trussel for nabobygningane. Trusselen er mykje større når det er vind, og når nabobygningane ligg høgare. Det betyr mellom anna at om ein skal bygge ut eit nytt område, også må gjere andre vurderingar enn berre å sjå på reglane som er tiltenkt flatt terreng.

Vil ha påbod

For bygg med fleire bueiningar er dagens krav at sjølve konstruksjonen skal hindre brannspreiing til naboane i 30 minutt. I eldre rekkehus er det til dømes ofte kalde loftsrom utan tette skilje under taket. Då kan flammane raskt bevege seg mellom bueiningane.

Log har difor lenge ivra for at det skal bli eit lovkrav om aktiv brannsikring uansett alder på bustaden, til dømes i form av bustadsprinklar:

– Ein bustadsprinklar vil ikkje alltid kunne slokke ein brann, men fungerer svært godt for å halde ein brann under kontroll til brannvesenet kjem. Det finst også gode vasståkeanlegg, og det nye no, er såkalla inergenanlegg. Dei slepp ut ei gassblanding som fortrengjer oksygen. Blandinga dempar brannen kolossalt, men inneheldt samstundes nok oksygen til at folk overlever. Metoden gir heller ingen vasskader, forklarar Log.

Varslingsteneste

Etter brannen i Lærdal, leia professoren forsking som såg på korleis ein kan kople kunnskap frå ulike fagfelt for å måle og rekne ut brannfare basert på verforhold og inneklima. På sikt er ambisjonen å utvikle eit automatisk system for risikovarsling for både brannvesen og offentligheita.

Ein av doktorgradsstudentane hans har saman med ein professor i datateknologi allereie vidareutvikla og laga ein app av Log sin modell for å berekne kor tørre trehus blir vinterstid, og korleis det påverkar risikobiletet.

– Modellen for vintervarsling blir no rulla ut for dei brannvesna som har meldt si interesse. Dei vil få ei melding når brannfaren er særleg stor om vinteren. Det hadde sjølvsagt vore ein enorm fordel om me hadde hatt eit slikt verktøy også for sommaren, men fordi det då er sola som i stor grad varmar opp husa, er dette noko meir komplisert, seier Log.

Han minner ellers om dei mange små førehandreglane mange kanskje gløymer. Slik som at vintertørke kan auke brannfaren og brannsmitta frå vegetasjonen rundt huset også vinterstid. Ein bør difor vera medviten om kva ein plantar nær bustaden.

Ettersom mellom 5-6 prosent av alle brannar byrjar på vaskerommet, startar han sjølv til dømes aldri vaskemaskin eller tørketrommel når det ikkje er folk i huset, eller før folk skal legge seg for å sova. Vaskerommet er dessutan ein stad mange gløymer å installere røykvarslar, fortel Torgrim Log:

– Ein bør også reinse takrenner for lauv regelmessig. Blir lauvet liggjande å tørke, kan det lett ta fyr frå gneistar, og då risikerer ein at huset brenn ned ovanfrå. På same vis bør ein unngå å ha opne vindauge når det er vind og tørt.

Storbrannen i Lærdal i 2014 starta i eit bustadområde med god avstand mellom husa. Professor Log meiner brannen kunne ha vore unngått, om ein hadde følgt med på og forstått korleis kombinasjonen av vind og låg luftfuktigheit både ute-og innomhus spelte saman og gav optimale brannforhold.
Ei veke før brannen i Lærdal pakka brannekspert Torgrim Log sjølv for første gong ein bag med eigedelar familien absolutt ikkje ville skulle gå tapt i ein brann. Bagen stod klar ved døra i huset heime i Haugesund i fleire dagar, grunna verforholda på Vestlandet.
– Klimamodellane indikerer at tørke om sommaren vil bli vanlegare. Det vil igjen vil bidra til auka skogbrannfare, seier klimaforskar Jan Even Øie Nilsen. Skog-og lyngbrannar aukar i sin tur faren for brann i bebygde strok.
Powered by Labrador CMS