nyhende

Famnen med ulike sortar utgjer berre ein ørliten del av det norske eplemangfaldet. Professor emeritus Finn Måge frå Ullensvang har studert hundrevis av dei.

Den siste eple­detektiven

Rundt om i landet bugnar det av norske tre med eplesortar ingen lenger veit kva heiter. Finn Måge (85) er av dei få som framleis kan lese spora i skal, form og kjernehus.

Publisert

– Før i tida var det å dyrke Gravenstein det mest ærefulle ein kunne gjere som bonde, i tillegg til å drive med hest. Det er mange nye sortar sidan no, seier den pensjonerte professoren i frukt og bær, og held fram eit gult eksemplar av den gamle sorten.

Den frykta epleskurven ligg som brune, tjukke striper utanpå frukta.

Kor godt ein eplesort står imot sjukdom, har vore ei viktig drivkraft for å utvikle nye, norske sortar, forklarar Måge. Han lener seg over kjøkkenbordet og ristar eit raudt og nesten skinande vintereple ut av ein plastpose.

Eit einsleg eple har mange id-markørar. For å bestemme sorten, bør ein i tillegg følgje eplet gjennom sesongen for å sjå korleis det endrar farge og smak, kor lenge det kan lagrast og når det blir mjølent.

Det er ikkje utvikla her i landet, fortel han, men har for lengst overteke som hovudsort i Noreg. I norske kjedebutikkar er det i det heile sjeldan å finne eple med norsk opphav. Det raude Aroma-eplet på bordet vart utvikla i Sverige. Opphavleg var også denne sorten gul – slik alle eple har vore – fram til forbrukarmakta ville det annleis, nikkar han:

– Grunnfarga på alle eple er gulgrøn. Mange eple har i tillegg ei raud dekkfarge. Hjå somme eple har det oppstått mutasjonar med meir dekkfarge og raudare eple, og slik har ein fått fram heilt raude eple, som til dømes raud Gravenstein og raud Prins.

Eit raudt eple kan likevel fort skjule skadar, påpeiker han:

– Viss du skal sjå kor godt eit raudt eple er, må du sjå på den vesle delen som ikkje er dekt med raudfarge. Viss flekken er lys og gul, betyr det at det er passe mogent og eit eple med god kvalitet.

Barn eller klon?

Epletre lever lenger enn menneske. Det er difor få fagfolk att som har studert mange gamle sortar på nært hald. Finn Måge frå Ullensvang er eitt av unnataka. Han var sentral i arbeidet med å samle inn eplesortar og etablere den store fruktsamlinga ved det som tidlegare heitte Noregs landbrukshøgskule på Ås (i dag NMBU).

Med hundrevis av gamle eplesortar er det likevel vanskeleg å identifisere ein av dei berre ved å sjå og smake. Sjølv ekspertane brukar plansjar og bøker til å samanlikne og utelukke sortar, vedgår han.

Vil du ha ein bestemt eplesort, må du pode ein kvist frå treet du vil ha, på ei anna rot. Då får du eit nytt tre som lagar nett den same typen eple som originaltreet.

I tillegg finst det mange sortar utan namn. Ikkje sjeldan dukkar dei opp i ein grøftekant etter at nokon har kasta frå seg ein epleskrott:

– Sår du eit eplefrø, får du eit nytt epletre med ei ny blanding av eigenskapar. Det er som med menneskebarn, det arvar somme eigenskapar frå far, og somme frå mor, og ingen av syskena blir like.

– Vil du ha ein bestemt eplesort, må du pode ein kvist frå treet du vil ha, på ei anna rot. Då får du eit nytt tre som lagar nett den same typen eple som originaltreet. Poding er ei kloning, forklarar han, som gjennom heile karrieren har hatt fokus på nettopp det å bevare genetisk mangfald i norske epletre.

Sjekklista

Storleik, farge, form og avlingsmengd frå ein sort kan óg variere med både vêr, veksestad og kvar på treet frukta har vakse. For heilt sikker sortsbestemming bør ein difor sjå på fleire eple frå same tre.

Det aller første du så må få klarleik i, er om du har å gjere med eit sommareple, hausteple eller vintereple, påpeikar professoren.

– Tidlege eple mognar gjerne i juli–august og kan etast rett frå treet. Dei blir raskt overmogne og vasstrekte og blir difor ofte kalla glaseple. Hausteple mognar gjerne i september og kan lagrast ei stund, medan vintereple blir hausta seint og utviklar god smak etter lagring.

Mange av dei gamle norske sortane kan vera svært like. Ved vanskelege tilfelle nyttar forskarane DNA for å samanlikne med kjende referansesortar, fortel Finn Måge.

Den neste jobben er å kartleggje alt frå grove kjenneteikn til detaljar, forklarar Måge. Sjølv har han donert den omfattande fotosamlinga si av eplesortar til Nibio. Samlinga ligg ope på nett og kan vera til god hjelp i eit slikt detektivarbeid, fortel professoren, medan han ramsar opp nokre av dei mange spørsmåla ein bør stille seg:

Er eplet lite eller stort? Er forma rund, konisk eller uregelmessig? Korleis er grunnfarga? Og er dekkfarga jamn, stripete, prikkete eller marmorert? Er skalet glatt eller ru, blankt eller matt, tjukt eller tynt? Kva med stilken; er han lang, kort, tjukk eller tynn? Og gropa på undersida, den såkalla begerenden, er han djup, grunn, skålforma ..? Ja, og begerblada, dei tørre restane etter epleblomen, er dei opne eller lukka?

Indremedisin

Også innvendig er det store skilnader, demonstrerer Måge, og plasserer eit Gravenstein- og eit Discovery-eple på ei skjerefjøl. Kjernehuset kan vera stort eller lite, rundt eller avlangt, og liggje meir eller mindre sentrert i frukta. Der somme sortar har eit tett og kompakt kjernehus, har andre større frørom. Frøa varierer også; både i storleik, form, farge og tal, seier han og løftar kniven.

– Gravenstein er kjent for å ha eit ope kjernehus, og har ofte ikkje frø, seier han, og fører kniven gjennom eplet.

Eit stort og tomt kjernehus kjem til syne.

Gravenstein (t.v) er kjent for store og ofte tomme kjernehus. I Discovery (t.h) er kjernehuset mindre og med fleire frø.

– Men her, i Discovery, plar frøa sitte tett, fortset han, og deler det andre eplet i to.

– Her ser du også karstrengane tydeleg, fordi dei er raude i farga. Dei er til transport av næringsstoff inne i frukta.

Smak sist

Smaken og konsistensen er faktisk det siste Måge utforskar. Konsistensen handlar om farge, fastleik, saftigheit og struktur på fruktkjøtet, og smaken om grad av søtleik, syre og aroma.

– Før, når me skulle bedømme kva for sortar som var verdt å dyrke vidare på, gav me smakspoeng på «godleik», som er veldig subjektivt, og på i kva grad eplet var søtt, surt og aromatisk. Aromaen utviklar seg jo fram mot modning.

– Men før var det jo me som dreiv med forsking som avgjorde kva for sortar bøndene skulle dyrke. I dag er det Bama og dei store kjedene. Om det er sortar dei ikkje vil ha, gagnar det jo ingen å dyrke dei, seier han tørt.

Opphavleg er alle eple gule med islett av raudt. Dei raude epla er mutasjonar.

For det er slik det har seg, at me i dag primært finn store, raude, harde, søte – og utanlandske – eple i butikken.

Tidleg eller seint?

Sommareple: Eir, Geneva Early, Juyred, Quinte, Transparente Blanche, Vista Bella.

Tidlege hausteple: Caroll, Discovery, Haugmann, Idunn, Katinka, Katja, Nanna, Prins, Sävstaholm.

Hausteple: Delcorf, Fosseple, Gravenstein, James Grieve, Leiknes, Summerred, Tohoku 2, Åkerø.

Vintereple: Aroma, Elstar, Filippa, Ingrid Marie, Jonagold, Lobo, Løeple, Torstein, Tuscan.

– Kva tenkjer du om ei slik utvikling?

– Eg er ikkje så glad for det, at omsetjingsleddet nær sagt har eit monopol. Det er tankevekkjande at dei skal styra så mykje. Men som på mange andre område, er det økonomiske krefter som vinn.

– Kven blir taparane?

– Det er jo produsentane, som må dyrka på premissane til grossistane og kjedene. Og forbrukarane sjølvsagt, som får mindre mangfald.

Arbeid ber frukt

Måge understrekar at det likevel er lenge sidan norske sortar tok til å forsvinne. Han er slik naturen, at både menneske og dyr og planter blir borte. Dei gamle sortane kan likevel ha verdifulle eigenskapar som i framtida kan bidra til nye sortar.

Gravenstein var norsk hovudsort i mange år. Skurv bidrog til å gjere slutt på det.

Dei norske eplesortane blir difor tekne vare på i eit landsdekkjande nettverk av klonarkiv som blir koordinert av Norsk genressurssenter (Nibio). Klonbanken for frukt og bær på Leikanger (Njøs frukt- og bærsenter i Sogn), der Måge jobba som forskar etter at han gjorde ferdig doktorgrada si, har i dag hovudansvaret for å bevare sortsmangfaldet.

Måge har heller ikkje pensjonert seg frå frukta. Seinast i fjor kom han med pomologien «Eple, pære, plomme», der han skildrar 62 av dei mange hundre norske eplesortane.

Han veit altfor godt at det i dag mest er dei med gamle hagane som kjenner til fordums sortar som Torstein, Ingrid Marie, Filippa, Leiknes og Fosseple.

Gamle - og gode. Bak frå venstre: Delcorf, Gravenstein og Åkerø. I midten: Prins, Raud Prins, Katja og Summerred. Framme: Laxton og Fosseple.

– Før var sortane viktige, og folk flest kunne ein del om dei. Slik er det ikkje i dag, seier Måge og legg frå seg kniven.

– Og det er kanskje ikkje så rart, når dei i kassa på butikken ofte berre skil mellom raude og gule eple.

Powered by Labrador CMS