nyhende

Ein tujahekk utgjer eit stort volum av brennbart materiale, og gir flammar mykje godt brensel oppover i høgda. Når tuja brenn blir det veldig varmt, og med mykje gneister som kan spreie brannen.

Desse plantene gjer hagen til ei brannfelle

Tuja, einer, buskfuru og prydgras kan gje flammane ekstra fart. Her er plantene du bør velje om du vil bremse ein framtidig brann.

Publisert

– Ein hage kan både beskytte mot brann, men også vera ei brannfelle. Å ha brennbare busker og tre tett mot huset er difor ikkje så lurt. Somme planter har faktisk som livsstrategi at dei skal brenne, forklarar Vigdis Vandvik, som er professor i biologi og planteøkologi ved Universitetet i Bergen.

–– Ein hage kan både beskytte mot brann, men også vera ei brannfelle. Somme planter har faktisk som livsstrategi at dei skal brenne, forklarar Vigdis Vandvik, som er professor i biologi og planteøkologi ved Universitetet i Bergen..

Dei ekstra brennbare plantene har fleire fellestrekk. Storleiken på kvist og greiner, og innhaldet av eteriske oljer, er dei mest avgjerande med tanke på kor lett dei tek fyr.

Tuja og sypress er verstingane:

– Tuja har til dømes veldig mykje småkvist med findelt struktur på greiner og blad, og tørr kvist og blad kan bli sitande lenge på treet. I tillegg inneheld tujaen mykje resinolje, som brenn lett. Til saman gjer dette tujahekken til ei brannbombe, seier Vandvik til Nynorsk pressekontor.

Resinolja er lett antenneleg, fordampar raskt og brenn fort. Er tujaen uttørka i tillegg, aukar faren. Professoren frårår difor å plante ein tujahekk mindre enn fem meter frå huset.

Som ein tommelfingerregel seier me at planter med fin og tett struktur, og eviggrøne planter med mykje resinolje, er veldig brennbare.

– Ein tujahekk utgjer eit stort volum av brennbart materiale og gir flammar mykje godt brensel oppover i høgda. Når tuja brenn, blir det veldig varmt, og med mykje gneistar som kan spreie brannen.

Farlege furuer

At somme planter fremjar brann, betyr at dei spirer eller skyt frå bakken først etter at dei har brunne. Det finst til dømes frø som spirar betre etter at dei er eksponerte for røyk – blant anna røsslyng – og somme furutrekongler som berre opnar seg etter ein brann, fortel Vandvik:

– Som ein tommelfingerregel seier me at planter med fin og tett struktur, og eviggrøne planter med mykje resinolje, er veldig brennbare. I tillegg til tuja og sypress, gjeld det til dømes einer, buskfuru, bergfuru og gyvel.

Både einer, buskfuru, bergfuru og gyvel brenn lett.

– Prydgras er heller ikkje heldig. Det har findelt masse og er ofte høgtveksande. Men når graset blir tørt, anten det er grønt eller når det visnar om hausten, kan det brenne kraftig. Ein bør også unngå bark som botndekke nær huset, for der kan det oppstå ulmebrann, fortel ho.

Lauv trumfar nåler

Med tanke på brannfare, er lauvfellande artar generelt å føretrekkje framfor bartre, som brenn meir intenst. Lauvtre har grøne og friske blad som er mindre brennbare, og lauvet er også borte store delar av året. Bjørk, rogn og osp er «fuktige» tre som er mindre brannfarlege, ramsar Vandvik opp.

Eit ufarleg og naturvenleg alternativ til tujahekk er norsk barlind.

– Norsk barlind er mjuk og fuktig og eit godt, eviggrønt alternativ. I motsetnad til tujaen, er han også naturleg heimehøyrande i Noreg om ein unngår hybridvarianten som er kryssa med japansk barlind.

Dei ekstra brennbare plantene har fleire fellestrekk. Storleiken på kvist og greiner og innhaldet av eteriske oljer, er dei mest avgjerande med tanke på kor lett dei tek fyr. Tuja og sypress er verstingane.

Frukt- og bærbuskar inneheld óg mykje fukt og eignar seg godt i hagen, til liks med nokre lyngslag, tipsar ho:

– Blåbær- og tyttebærlyng rundt huset er supert. Lyngen har mykje fukt i stamme og blad, og er i tillegg lågtveksande.

Sistnemnde er viktig, påpeiker ho. Planter kan fungere som ein brannstige som gjer det lettare for flammane å klatre opp til trekroner og bygningar. Vekstar med greiner heilt frå rota kan fort ta fyr og i praksis fungere som reine skorsteinar.

Somme nordiske furuskogar er derimot tilpassa brann. Der er barken tjukk og greinene plasserte så høgt at det kan brenne i underskogen utan at trekronene tek fyr.

Norsk barlind er mjuk og fuktig, og eit godt, evigrønt alternativ. I motsetnad til tujaen er han også naturleg heimehøyrande i Noreg.

– På bjørk, furu og frukttre startar greinene lenger opp på stammen, og desse er slik sett mindre brannfarlege enn tre med greiner heilt ned til bakken. Tilrådinga er likevel at ein plantar alle tre minst ti meter unna huset, seier Vandvik.

Gror att

Ho oppmodar hageeigarar til å legge frå seg dei estetiske brillene frå tid til annan og i staden sjå på hagen med brannfareblikket. Kva skjer om det byrjar å brenne? Finst det ekstra brennbare vekstar eller brannstigar i hagen?

Ofte er det fleire omsyn å ta. Det er til dømes bra for det biologiske mangfaldet med litt kvist og lauv i hagen. Men det betyr ikkje at du treng ha kvisthaugen innåt huset ditt.

Somme gonger kan det og vera klokt å løfte blikket utanfor eige gjerde. At dei fleste av dei opne naturtypane våre er truga av attgroing, påverkar også brannrisikoen hjå oss sjølve. Det er difor det bør vera ei sikkerheitssone på minst fem meter frå husveggen og ut til skog og natur.

Norsk barlind er mjuk og fuktig, og eit godt, evigrønt alternativ. I motsetnad til tujaen, er han også naturleg heimehøyrande i Noreg.

– Noreg gror att, og der det før var beitedyr som heldt krattskogen nede, veks han no ganske tett på ein del hus. Kystlyngheiene blir heller ikkje skjøtta som før. Det er eit tap for naturmangfaldet, men heller ikkje særleg lurt med tanke på brannfare, seier professor Vigdis Vandvik.

– På same måte er det viktig å verne om myrer, som ikkje berre er viktige karbonlager, men også naturlege branngater i landskapet.

Erteblomen Gyvel inneheldt også brennbare etreiske oljer.
Powered by Labrador CMS