nyhende
Dette er dei beste norske jordbæra
Somme meiner norske jordbær var betre før, og at produksjon i plasttunnel øydelegg smaken. – Mytar som beviseleg er på bærtur, seier ekspert.
– Ein del har nok gløymt at dei før ofte fann mange stygge og rotne jordbær nedst i korga, og bær med mange trykkflekkar på. Korona var eit veldig lite haldbart bær, seier jordbærekspert og Nibio-forskar Anita Sønsteby.
Det er få ting som gjer nordmenn like nostalgiske som tanken på norske jordbær: Lubne, knallraude bær, med intens søte og stor og saftig ettersmak. Mytane vil ha det til at bæra var betre før. Og før, frå midten av 50-talet, då var det Senga Sengana som dominerte i korgene, til Korona overtok og rådde marknaden fram til 2015. Men dei same bæra mugna også fort, og tolte heller ikkje transport særleg godt.
I dag utgjer difor Korona berre tre prosent av det norske jordbærvolumet. I staden finst det eit tjuetals meir haldbare sortar i butikkhyllene. Dei har alle litt ulik utsjånad og smak, og blir mogne på ulike tidspunkt. Sistnemnde har i seg sjølv revolusjonert økonomien for dei rundt 250 jordbærbøndene i landet, fortel Sønsteby.
I dag kan me kjøpe ferske, norske bær frå slutten av mai til september, medan sesongen før var mellom fire og seks veker. Dagens tidlegsortar modnar alt i mai, andre kjem til hovudsesongen i juli. Og så har du sortar som er seine som ein kan hauste til september, forklarar forskaren til Nynorsk pressekontor:
– Uansett kva sort som blir dyrka, er målet først og fremst at bæra skal smake godt og at alle bæra i korga skal vere like fine og ha god storleik og farge gjennom heile sesongen. I tillegg må dei halde seg fine lenge og tole transport godt, seier Sønsteby og stikk handa inn i jordbærdebattens vepsebol:
– Og kvalitetskrava til sortane er dei same, uansett om dei blir dyrka på friland eller i plasttunnelar.
Tunnel tek over
Sjølv om det framleis blir brukt mest areal til frilandsproduksjon av jordbær, kjem meir enn ein tredel av dei norske bæra frå tunnelar, fordi dyrkingsmetoden gir ein lengre sesong og større avling per plante. Men berre ordet plasttunnel er nok til å få somme av jordbærnostalgikarane til å rynke på nasen. Bær dyrka i tunnel smakar ikkje det same, hevdar dei, og forklarar det mellom anna med at bæra ikkje har opplevd direkte (norsk!) sol.
Det argumentet kjøper ikkje Jan Ole Fuglem, som er jordbærbonde i Valldal på Sunnmøre. Han dyrkar bær både på friland og i tunnel, og meiner diskusjonen om «norske» bær bør handle om meir enn berre dyrkingsmetoden. Det er aldri berre fordelar eller ulemper med ein metode, understrekar han:
– Det er ikkje framtidsretta å setje eit absolutt skilje mellom friland og tunnel. På kort sikt treng me begge delar, og på lengre sikt vil me nok sjå meir tunneldyrking. Tunneldyrking gir betre økonomi, effektivitet og føreseielegheit, seier Fuglem til Nynorsk pressekontor.
Å vera jordbærbonde på friland har nemleg lenge vore ein risikosport. Heile avlinga kan plutseleg bli øydelagt av regn eller frost, det finst lite kjemisk plantevern, og bær på bakken kan vera vanskeleg å hauste. I opne plasttunnelar veks bæra beskytta og blir løfta opp frå bakken slik at haustinga kan skje meir effektivt. I tunnel har bøndene også fleire biologiske bekjempingsmetodar.
Fuglem påpeiker at somme sortar eignar seg særleg bra i tunnel, medan andre trivst best i ein vanleg åker. Somme sortar trivst derimot like godt med begge dyrkingsmetodane:
– Smaken endrar seg også gjennom sesongen, både på friland og i tunnel. Men det er jordbærsorten som avgjer det meste av smaken; ikkje om bæret er dyrka i tunnel eller på friland, seier han.
Testpanel einig
Det kan Anita Sønsteby stadfeste. Saman med bærdyrkarar, Norsk Landbruksrådgivning og andre aktørar i næringa testar Nibio heile tida ut nye sortar for å finne dei som både gir den beste smaken, gode avlingar og som er tilpassa det norske dyrkingsklimaet.
Til tunneldyrking har den nederlandske sorten Favori vore dominerande dei siste åra; eit fast og kjegleforma bær med jamn og skinande raudfarge. Dette er ein sort som er på marknaden frå slutten av mai til september.
På friland er Sonsation og Malwina populære i midt- og seinsesong, og Sonsation blir også dyrka i tunnel. No om dagen ligg det mellom andre mykje av tidlegsortane Rumba og Faith i korgene, i tillegg til den norske sorten Saga, fortel ho.
At sjølve dyrkingsmetoden avgjer smaken, kan ho avkrefte her og no:
– Om ein får eit bær som ikkje smakar så mykje, er det kanskje enkelt å forklare det med at det er dyrka i tunnel. Men det stemmer slett ikkje.
– I alle smakstestane vi gjer, med samarbeidspartnarar som Bama og Gartnerhallen eller Norsk Landbruksrådgjeving, er det alltid Favori som kjem best ut. Og Favori blir berre dyrka i tunnel. Så det er ein del mytar der ute som blir repetert, utan at dei har rot i røynda.
– Så påstanden om at frilandsbær smakar betre enn tunnelbær; kan leggjast død?
–Ja, eg vil seie det.
Best breiddegrad
At bær dyrka i Noreg smakar betre, er likevel ikkje teke ut av lause lufta. Norske bær har kortare veg til marknaden og blir til dømes hausta på eit meir optimalt modningstidspunkt, seier ho. I tillegg til eigenskapane ved sjølve bærsortane, spelar også dyrkingsmiljøet inn.
– Høg varme kan gjere at bæra modnar svært raskt. Då kan bæra bli små og smaka meir syrleg, men dette skjer også med frilandsbær, understrekar Sønsteby.
Kjøligare temperaturar og lange, solrike dagar bidreg derimot til ein ekstra god balanse mellom syre og sukker og høg aromautvikling – og det er dette som er hovudforklaringa på stjerneposisjonen til norske jordbær. For det spelar definitivt ei rolle kva for breiddegrad bæra er dyrka på, fortel Anita Sønsteby:
– Me har gjort fleire blindtestar der folk til dømes har smakt på Favori som er importert, og Favori som er dyrka i Noreg.
– Og vinnaren er alltid dei norskproduserte bæra.