nyhende
Ein ny sjanse
Ein sommarkveld for veldig mange år sidan sat eg og såg ein episode av Friends på den knøttvesle tv-en me hadde ståande i den eine stova.
Det var ein gammal episode som blei send i reprise, og eg hadde alt sett han opptil fleire gonger før. Like fullt sat eg der i einsam majestet i den heilt mørklagde stova.
Eg sat der i protest.
Eg var blitt uvenner med familien min.
På grunn av kva hugsar eg ikkje no, og hugsa vel knapt nok då. Det einaste eg veit er at eg den gongen (som no) var lettantenneleg, sårbar og lettkrenkt, og kunne reagere med indignasjon på dei fleste kommentarar, uskyldige eller ikkje. Så mens dei tre andre i familien sat samla i tv-stova, sat eg åleine med klump i halsen i andre enden av huset.
Det triste er at eg eigentleg hadde eg lyst til å sitte i tv-stova saman med dei andre, med foreldra mine og bror min. Men eg kunne ikkje. På grunn av ein sjølvsaboterande kombinasjon av stoltheit og sjølvmedynk var eg nøydd til å sitte åleine i mørkret og sjå på ein gammal episode av Friends.
I dag er det flautt å tenke på korleis eg sat der i min akk så sjølvrettferdige harme, for når eg reknar på det så innser eg at eg var heile 15 år gammal. Grunnen til at eg kan tidfeste det så nøyaktig er at dette var sommaren 1998, og det som foreldra mine og bror min sat og såg på ilag, og som eg frivillig hadde barrikadert meg sjølv frå, var Noreg sin på alle måtar historiske seier over Brasil i Marseilles den 26. juni.
Denne kollektivt mest eksplosivt euforiske augeblinken i norsk historie var det eg gjekk glipp av, og for all framtid er dømd til å vere utestengd frå. Dette norske miraklet, lykkerusen, sjokket, ekstasen — eg kan ikkje ta del i den, for eg var der ikkje, eg var i den andre stova og såg på Friends!
Men no. Etter 28 år. Fotballgudane har gitt meg ein ny sjanse. Og denne gongen skal eg ikkje svikte. Denne gongen skal eg ikkje la mine Donald Duck-aktige personlegdomstrekk øydelegge for meg sjølv. Eg skal kvele og undertrykke alle lettindignerte impulsar, oppløyse meg sjølv og gå fullstendig opp i eit større fellesskap. Eg skal gispe — saman med dei andre! Eg skal gråte, eg skal juble, eg skal ro! Med dei andre!
Alt er lagt til rette. Eg har kjøpt lerret. Eg har kjøpt projektor. Ekstra stolar. Løa er ikkje lenger løe, men arena for eit kollektivt sug, ei masserørsle, ein samfunnskropp! Med lange, klebrige tentaklar skal eg klistre meg til fellesskapen. Aldri meir 26. juni!
Venner og familie er invitert. Snacks kjøpt inn. Kjøleskapet er fylt. La det skje. Eg er så inderleg klar over at eg er min eigen verste fiende, men ved hjelp av urgamle pusteteknikkar og mindfulness skal eg møte alle utfordringar med samme stoiske ro: Murring i folket over harde stolar, usynkronisert lyd og lunka drikke, alle former for spydig, sjølvhatande vestlandsironi, dårleg skjult misunning, kynisme og sarkasme, klaging over at lerretet heng litt høgt slik at ein må sitte med hovudet i ca. 65 graders vinkel — eg skal la alt saman prelle av. Eg skal ta imot som ein buddhistisk munk, med eit varmt, overberande smil og eit ørlite skuldertrekk. Dyrke fram ein elastisk personlegdom, vere ei smilande vertinne. Berre kom. Eg er klar.
Og om alt likevel mot formodning skulle gå gale. Om den buddhistiske munken krakelerer og min gamle Donald Duck-karakterbrest bryt seg laus frå lenkene på grunn av ein truskyldig kommentar om uskarpt bilde. Om eg i verste fall gir meg til å trampe i raseri der ute på løegolvet, til dels fascinerte og dels skremde blikk frå barn og besteforeldre, akkurat idet det norske landslaget kjem ut av spelartunnelen. I fall alt skulle rakne, har eg ein backup-plan: På TV2 ligg alle dei 10 sesongane av Friends fritt tilgjengeleg.