nyhende
Fleire unge tek «sauna-insj»
Nye badstover poppar opp langt utanfor storbyane. Frå tronge fjordarmar til vêrharde kystbygder har dei blitt turistmagnetar og eit teikn på ei ny utvikling. Unge gründerar ventar ikkje på kommunale trivselstiltak, men utnyttar fordelane ved å bu nær flo og fjøre.
– Vi ønskte eit tilbod for både lokale, fastbuande og tilreisande, seier Anders Igland, dagleg leiar i Brim Fjordsauna AS til Nynorsk pressekontor.
Medan han budde på Laksevåg i Bergen, var han mykje hjå Heit Bergen Sauna. Då han flytta heim att til Bremanger, sakna han eit liknande tilbod. Vendepunktet kom då han gjekk forbi flytebryggjeanlegget i bygda.
– Eg såg eit stort areal som stod tomt, med tilgang på både vatn og straum. Eg tok kontakt med Iglandsvik Marina, som driv camping- og bubilplassen. Dei var positive til ideen, sidan badstova òg trekkjer fleire campingturistar, fortel han.
Eigarane av Brim Fjordsauna AS fekk nyleg innvilga 33.000 kroner i stønad frå næringsfondet i Bremanger kommune, etter å ha oppfylt kriteria om å bidra til både auka turisme og lokal aktivitet.
– Vi hadde ikkje fått desse midlane, viss vi ikkje dekte vilkåra, understrekar Igland.
Eit lokalt lyft
Drivkrafta bak mange badstoveprosjekt er sterk dugnadsånd og lokalt engasjement. Prosjekta blir realiserte gjennom frivillig innsats og samarbeid med næringsliv og stiftingar. Transporten av Brim Fjordsauna sjøvegen syner kva som er mogleg når lokale krefter dreg i lag.
– Då eigarane trong hjelp til transport og plassering av saunaen, stilte vi med arbeidsbåt og personell for å få ho trygt på plass i Iglandsvik, seier Morten Bertelsen, kommunikasjonsdirektør i oppdrettsselskapet Mowi Norge.
Han understrekar at det er viktig for oppdrettsgiganten å bidra til lokale initiativ der dei kan:
– Tiltak som skaper aktivitet, trivsel og bulyst i distrikta betyr mykje for lokalsamfunna rundt oss. Det er kjekt å sjå at dette har blitt eit populært tiltak, som både fastbuande og tilreisande set pris på. Vi heiar på lokale initiativ som skaper fellesskap og aktivitet i bygdene våre, seier Bertelsen til Nynorsk pressekontor.
Kystkultur på kokepunktet
Norges Badstulaug melder på sosiale medium om ein eksplosiv vekst, med over 70 nye operatørar det siste året. Totalt har foreininga no meir enn 200 badstoveoperatørar som medlemmer.
– Desse driv endå fleire badstovelokasjonar over heile Noreg. Til saman driv medlemmene våre meir enn 1000 badstover, og mange av desse ligg i små lokalsamfunn, seier generalsekretær Stig Arild Pettersen.
Badstovebølgja rir vidare på den breie friluftsliv-trenden, som har skylt over landet dei siste tiåra. No breier fenomenet seg over heile verdskartet.
– Interessa for badstover er enorm over store delar av verda for tida. Det handlar mykje om helse og velvære, avkopling frå eit digitalisert samfunn og at dei fungerer som gode møteplassar mellom menneske, seier Pettersen.
Han meiner offentlege badstover er god lokalsamfunnsutvikling.
– Badstova er ei billeg investering med store ringverknader, anten det er frivillige eldsjeler, kommunen eller gründerar som står bak. Uansett om badstova ligg i ein by eller ei bygd, er ho ein stad der folk kjem nærare kvarandre, knyter nye vennskap og kan få ein pause frå livet elles, seier Pettersen.
Han framhevar òg at plasseringar i dramatisk natur, gjerne med flott utsikt og tilgang til reint badevatn, kjenneteiknar den norske badstovebølgja.
– Difor har arkitektane også kasta seg på, og teikna mange flotte badstover som kommuniserer med den omkringliggjande naturen, forklarar Pettersen.
Arkitektoniske perler lokkar
Administrerande direktør i Fjord Norge, Stein Ove Rolland, fortel at arkitektoniske badstover fungerer svært godt i marknadsføring av små kystsamfunn.
– Spektakulær arkitektur og unike opplevingar skaper merksemd. Det bidreg til å setje små stader på kartet som attraktive reisemål, som både nordmenn og utlendingar kan få lyst til å oppdage, seier han.
Bilete av trekonstruksjonar med store glasflater, vendt mot vatn og fjell, er eit blikkfang. Det gjev eit stort potensial for å nå breitt ut i sosiale medium og gjer badstovene til eit trekkplaster.
– Når badstover ligg spektakulært til og har spennande arkitektur, skaper det reiselyst i seg sjølv. Folk ønskjer å oppleve noko spesielt og annleis – og dele det vidare med andre, seier Rolland.
Han har ikkje sett dokumentasjon på at badstover påverkar synet på å leve i små lokalsamfunn, men trur slike møteplassar kan bidra til å opne auga for kvalitetane ved å bu på mindre stader.
– Moderne tilbod og sosiale arenaer kan vere med på å gjere distrikta meir attraktive for fleire, seier han.
Ikkje utan motbør
Møtet med kommunal sakshandsaming kan derimot vera ein iskald dusj før badstova er blitt varm. Trass i det sloknar sjeldan glørne hjå gründerspirane så lett.
– Mange føler at lover og reglar som må overhaldast, er uoverkommelege. Samstundes er òg mange byggjesakstilsette i kommunane usikre på kva reglar som gjeld for etablering av badstover. Dei fleste får det likevel til med litt hjelp, seier generalsekretæren i Norges Badstulaug.
Pettersen meiner kommunane bør vera opne for initiativ som fremjar aktivitet og fellesskap, men kjem samstundes med ei åtvaring:
– Ein bør vera på vakt mot dei som berre ønskjer å tena pengar på badstovebølgja og leverer låg kvalitet. Det er best å halde seg til lokale eldsjeler, ikkje større selskap som kjem utanfrå, avsluttar han.