nyhende
Først renteauke – så ventar SSB fire kutt
Statistisk sentralbyrå spår éi renteheving i haust, med ei vedvarande høg rente utover i neste år. Deretter skal ho kuttast fire gonger innan utgangen av 2028.
Det kjem fram av konjunkturtendensane som Statistisk sentralbyrå (SSB ) la fram tysdag morgon.
– Prognosane inneber at styringsrenta blir auka med 0,25 prosentpoeng til i haust. Deretter følgjer fire rentekutt gjennom 2027 og 2028, i takt med at inflasjonen nærmar seg målet. Styringsrenta kjem då ned til 3,5 prosent, i øvre del av intervallet på mellom 2,25 og 3,75 prosent som Noregs Bank reknar for å vere eit normalt rentenivå, står det.
Renteutsiktene endra seg med den uventa høge inflasjonen i 2026. I mai auka styringsrenta til 4,25 prosent, og SSB ventar endå éin renteauke.
– Prisveksten er framleis klart over målet på 2 prosent. Kronestyrkinga sidan årsskiftet bidreg til lågare inflasjon framover, men det vil ta tid før prisveksten kjem ned. Vi reknar derfor med éin renteauke til før renta kan setjast ned neste år, seier Thomas von Brasch i SSB.
Auka kjøpekraft
For tredje året på rad er lønnsveksten venta å auke, anslår SSB, som peikar på ein prisvekst på nær 3 prosent og samtidig eit anslag om ein årslønnsvekst på 4,3 prosent i år.
Høge lånerenter dempar samtidig kjøpekrafta, særleg for hushald med mykje gjeld, understrekar von Brasch.
– Kjøpekrafta i hushalda held fram med å auke sjølv om renta held fram med å vere høg i år og neste år. Vi ventar at reallønnsveksten etter kvart vil bidra til ein brei oppgang i forbruket, seier von Brasch.
Framleis låg bustadbygging
Det vil ta tid før bustadbygginga tek seg opp her i landet, ifølgje SSB. Bustadinvesteringane fall med rundt 25 prosent gjennom 2023 og 2024 og har sidan halde seg på eit lågt nivå.
– Svakt sal av nye bustader, høge byggjekostnader og framleis høge renter held investeringane nede, sjølv om kjøpekrafta i hushalda blir betra, seier von Brasch.
SSB peikar samtidig på at veksten i norsk økonomi minka frå midten av fjoråret og vidare gjennom første halvår i år.
– Norsk økonomi har utvikla seg noko svakare enn vi såg for oss før sommaren. Auka konsum i hushalda og ein svakt ekspansiv finanspolitikk bidreg likevel til at veksten vil ta seg opp igjen, seier von Brasch.
Fallande arbeidsløyse og høge energiprisar
Yrkesdeltakinga har halde fram med å auke og er på sitt høgaste nivå sidan 2009, skriv SSB. Talet på ledige stillingar har minka, og SSB viser til at Noregs Banks regionale nettverk tyder på at presset i arbeidsmarknaden har blitt litt mindre.
– Presset i arbeidsmarknaden har minka, men yrkesdeltakinga er framleis høg, og sysselsetjinga aukar. Framleis sysselsetjingsvekst vil bidra til at arbeidsløysa gradvis går ned, seier von Brasch.
Midtausten-konflikten har gitt høgare prisar på energiprisar, noko som har bidrege til å halde inflasjonen og rentene oppe, særleg i Europa.
– Høgare energiprisar gir auka kostnader for hushald og bedrifter hos handelspartnarane våre. Sjølv om inflasjonen i euroområdet minkar framover, vil det ta tid før han kjem ned mot målet, seier SSB-forskar Roger Hammersland.