nyhende
Fotball-VM: – Vakker fotball er kunst
Kva har fotball og poesi eigentleg til felles? Ganske mykje, skulle det visa seg, då me tok ein prat med forfattaren av ei ny diktbok om sporten.
Fans verda over benkar seg i desse dagar framfor fjernsynet og på barkrakkar for å få med seg den store hendinga i fotballverda i år. Det er sjølvsagt snakk om VM, og for fyrste gong sidan 1998 har Noreg kvalifisert seg til meisterskapen.
Ein av dei som tykkjer dette er veldig stas, er forfattar og kulturjournalist i avisa Vårt Land, Alf Kjetil Walgermo. Han har funne ein heilt spesiell måte å markera høvet på.
– Vakker fotball er kunst på banen, det er ein slags poesi.
Tvitydig tittel
Den nye boka til Walgermo, «Krysset er alltid ledig – Norge kan vinne VM og andre dikt», er noko ganske nytt i den norske poetiske floraen. Ho er ei samling dikt om fotball, inspirert av den norrøne visjonsdiktinga.
– Kor i all verda kom denne ideen frå?
– Det er tre ting som har følgt meg heile livet. Det er Bibelen, Donald Duck og fotball. Eg har alt skrive bøker om dei to første, så no var det på tide med ei om fotball.
Walgermo meiner fotball og poesi ikkje er så ulike som ein gjerne skulle tru. Begge rommar sterke kjensler, heile spennet i den menneskeleg opplevinga, og det er berre naturleg å nytta diktekunsten for å uttrykka kjenslene i fotballen.
– Eg har lenge tenkt på å nytta poesien, som mange kanskje tenkjer på som ein smal sjanger, til å skildra eit veldig breitt fenomen.
For som han seier, ein kvar kamp er ein sjanse for både katastrofe og ragnarok, men også for jubel og ekstase. Det er noko dikt er godt eigna til å uttrykka. Det speglar seg også att i tittelen på boka.
– Det er ein nokså tvitydig tittel. Somme vil seia det berre er dikt og at Noreg ikkje kan vinna, men samstundes er det jo ein sjanse. Det er ikkje heilt umogleg.
Ikkje medgangssupporter
Walgermo innrømmer at han ikkje trur det er sannsynleg at Noreg vinn heile sulamitten, og han er diverre vand med at laget hans taper. Forfattaren har vore Tottenham-supporter heile livet, ikkje akkurat stjernelaget i den engelske ligaen.
– Eg kan i alle fall ikkje bli skulda for å vera medgangssupporter, ler han.
Av dei norske laga held han sjølvsagt med Ålesund, i heimkommunen. Ved eit samantreff er trenaren til Ålesund for tida Kjetil Rekdal, mannen som skåra eitt av to mål i den legendariske kampen mot Brasil i 1998, førre gong Noreg spelte i VM.
– Eg har faktisk slått han i straffekonk, rett nok i ein privat samanheng, seier Walgermo nøgd.
For han speler framleis fotball. Det har han gjort sidan han var liten gut, og sjølv om det er mindre tid til det no enn før, med jobb og familie, speler han i dag for Forfattarlandslaget.
– Eg drøymer stadig om å skåra i ein kamp for Noreg.
Dikt for alle
Kven er så denne diktboka eigentleg for? Overlappet mellom poetar og fotballfans kan i utgangspunktet synast lite. Walgermo på si side, meiner likevel boka har eit publikum, både i og utanfor fotballmiljøet.
– Eg har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som seier dei ikkje er så interesserte i fotball, men vart nyfikne etter å ha lesa boka. Det er gledeleg.
Og så er det ikkje slik at dikta berre handlar om fotball, dei handlar også om livet sjølv, men med fotballen som rammeverk. Walgermo trekkjer gjerne parallellar mellom sterke kjensler i livet og på banen.
– Både på fotballbanen og i livet kan ein vera i vanskelege situasjonar. Livet går ikkje alltid på skjener Eg har også opplevd ein del tøffe ting i livet. Me har mellom anna mista to born seint i svangerskap, den eine berre tre dagar før termin. Då vert det veldig mørkt. Men ein må ikkje bli verande i det mørkeret.
Det gjeld også på banen. Etter store nederlag gjeld det å reisa seg att og førebu seg til neste kamp og nye sjansar.
Men kan Noreg eigentleg vinna?
Det er det store spørsmålet i fotball-Noreg for tida, og for så vidt i dette intervjuet. Det ser ut til at dei færraste tek sjansen på alvor, men likevel – det er jo ein sjanse.
– Først og fremst håpar eg jo på at me går vidare frå gruppa. Det hadde vore skuffande om me ikkje klarte det, seier Walgermo.
Like etter minner forfattaren på at han trass mange år i Oslo er vestlending, og åtvarar mot å verta altfor optimistisk.
– Det er viktig å ikkje vera altfor sjølvsikker. Me må hugsa kor fort det kan snu. Skulle me finna på å tapa opningskampen mot Irak, kan det fort verta veldig vanskeleg.
Men trass i vestlandsk pessimisme, må me hugsa tittelen på boka – krysset er faktisk alltid ledig.
– Det er ikkje lett å setja ballen i krysset, og ein skal ikkje prøva på det heile tida, men det er alltid ledig, og det kan gje eit håp. Me tenkjer jo gjerne på eit skot i krysset som ei av dei vakraste scoringane.