nyhende

Leirplassen på Heggnes ligg inst i ein fjordarm i Fjaler. Etter ein lang grusveg gjennom skogen ventar den internasjonale ungdomsleiren.

Fredsleirar i ei urolig tid

I ei tid med krig og aukande internasjonal uro samlar ungdom frå ulike land seg til fredsleirar. Målet er å byggje forståing gjennom kvardagen dei deler.

Publisert

Regnet piskar mot sykkelhjelmen på den lange grusvegen utover Heggnes i Fjaler i Vestland. Etter nesten 40 minutt gjennom tett skog bryt menneskestemmer lyden av regn.

På kjøkkenet står ungdom frå blant anna Polen, Austerrike, Italia og Sverige bøygde over gryter og skjerefjøler. Middagen blir laga i fellesskap, medan fleire språk flyt over i kvarandre.

– Det er skummelt i byrjinga, og du føler deg litt aleine. Men alle er i same situasjon, så ein finn fort tonen, seier svenske Nolwenn (15).

Frå krigsminne til fredsleir

Det er organisasjonen Luethi-Peterson Camps (LPC) som står bak leiren i Fjaler. Den vart grunnlagd i 1949 av Natalie Luethi-Peterson i kjølvatnet av andre verdskrigen. Målet var å samle barn og unge frå land som hadde vore i konflikt.

Ungdom og leiarar frå fleire land samla på Luethi-Peterson Camp. I år deltek 21 ungdommar og åtte leiarar.

Den tanken lever framleis.

Den norske leiren har halde til på Heggnes sidan 1982. Bak etableringa stod Barthold Vonen. Han var sjølv 12 år då han deltok på sin første LPC-leir i 1966.

– Den eg er i dag, vart skapt gjennom det eg opplevde og gjorde med LPC. Eg vart mykje meir tolerant enn eg elles ville blitt, seier Vonen.

Kan vennskap byggje fred?

Luethi-Peterson Camps er ikkje åleine om å samle ungdom frå ulike land. Også Children's International Summer Villages (CISV) vart etablert i kjølvatnet av andre verdskrigen, med eit felles mål: å byggje fred gjennom møte mellom barn og unge.

Ola Brunvatne er leiar i CISV Norge. Organisasjonen arrangerer internasjonale leirar for barn og unge med fredsutdanning som mål.

I år har CISV arrangert leirar mellom anna i Rogaland, Hordaland, Trøndelag og Buskerud, med til saman 340 deltakarar. I tillegg har 229 barn og ungdom frå norske fylkeslag reist på CISV-leirar rundt om i verda.

– Vi vart stifta på prinsippet om at dersom du lærer å kjenne menneske frå andre kulturar, veks respekt og forståing, og det er grunnlaget for fred, seier Ola Brunvatne, leiaren i CISV Norge.

Han meiner behovet kanskje er endå større i dag.

– Då eg var 14 år, delte eg rom med ein frå USA, ein frå Russland og ein frå Vietnam. Vi levde heilt fint saman og vart gode venner. Det viser at dei aller fleste menneske rundt om i verda eigentleg er ganske like.

Sosiolog Hege Høivik meiner også at slike møte kan ha stor verdi.

– Å samarbeide og danne vennskap med menneske frå andre bakgrunnar enn sin eigen kan byggje tillit og utfordre fordommar blant ungdommar på sommarleir.

Samtidig peikar ho på ei avgrensing.

Skoa fyller gangen på Heggnes. I fleire veker bur rundt 30 ungdommar og leiarar tett saman på den vesle leirplassen.

– Det er gjerne ungdommar som i utgangspunktet er opne og nysgjerrige som søkjer seg mot denne typen erfaringar.

– Venene mine synest det verkar rart

Det er også ei utfordring organisasjonane kjenner att. Både LPC og fleire av CISVs lokallag slit med rekruttering.

– Vi konkurrerer med sommarjobbar og mykje anna, seier Brunvatne.

Juli (16) frå Austerrike har vore på LPC fire somrar.

– Når eg fortel venene mine kva vi gjer her, ser dei berre rart på meg. Dei spør om eg verkeleg reiser frivillig til ein stad midt ute i ingenmannsland, utan mobiltelefon, der vi syng og dansar.

Ho ler.

– Det høyrest jo ganske rart ut når ein seier det høgt.

Eit enkelt liv

Ute heng våte klede til tørk. På trappa står kanner med vatn som blir brukte gjennom dagen. Etter eit bad i den kalde fjorden trekkjer ungdommane inn i den vesle stova. Rundt vedomnen går gitaren på omgang, kortstokken kjem fram og våte sokkar tørkar medan alle prøver å få att varmen.

Juli (16) frå Austerrike og Nolwenn (15) frå Sverige er blant ungdommane som bur saman på Luethi-Peterson Camp på Heggnes. Dei meiner vennskapa blir sterkare når ein deler kvardagen saman.

Slik ser «simple living» ut på Heggnes.

Ungdommane lagar maten sjølve, brukar enkle middel og skaper aktivitetane utan skjermar eller avansert utstyr.

– Vi tek med oppskrifter frå heimlanda våre og lærer av kvarandre. Når vi må ordne ting sjølve, blir vi meir kreative og lærer å samarbeide, seier Nolwenn.

Ho fortel at fleire av deltakarane frå Sør-Europa òg får ei ny oppleving av norsk sommar.

– Mange frå Sør-Europa er ikkje vande med kulda.

Ein gamal gard med internasjonal rolle

Heggnes var opphavleg eit lite gardsbruk som var i ferd med å bli lagt ned. Barthold Vonen kjøpte eigedomen i 1974, og då han foreslo staden som norsk leirplass for LPC, var forholda enkle.

Barthold Vonen var 12 år då han deltok på sin første Luethi-Peterson Camp. I dag er han sentral i drifta av den internasjonale ungdomsleiren på Heggnes i Fjaler.

– Då Natalie kom hit, fanst det ikkje eingong utedo. Vatnet var dårleg, og det var veldig primitivt. Men ho hadde starta leirar som var endå meir primitive, så ho sa ja, fortel Vonen.

Sidan har frivillige bygd opp leirplassen med kjøkken, kai, taubane og betre fasilitetar.

I dag er Heggnes den einaste faste LPC-leirplassen i Noreg og ein av tre hovudleirar i den internasjonale organisasjonen. I tillegg blir det arrangert LPC-leirar i mellom anna Estland, Tsjekkia, Polen, Sverige og Sveits.

Frå Fjaler til Tsjekkia

I same kommune som Heggnes bur Åse Nitter (12) frå Dale. Medan ungdom frå fleire land har vore samla på leir i Fjaler denne sommaren, reiste ho sjølv til LPC-leiren i Tsjekkia.

Åse Nitter (12) frå Dale i Fjaler deltok i sommar på Luethi-Peterson Camp i Tsjekkia. Der fekk ho venner frå fleire land.

– Eg har fått mange nye venner.

Ho hadde vore på leir ein gong før, då ho var ti år og ein av dei yngste deltakarane.

– No var eg eldre og kjende nokre frå før, seier ho.

På leiren møtte ho ungdom frå mellom anna Polen, Italia, USA, Nederland og Sverige.

– Det var veldig gøy å sjå og høyre folk prate eit anna språk.

Som på Heggnes måtte deltakarane klare seg utan mobiltelefon.

– I byrjinga tenkte eg på det ofte, men etter kvart tenkte eg ikkje over det lenger. Vi gjorde så mykje at det gjekk bra.

Vennskap på tvers av grenser

Trass i ulike konsept deler organisasjonane den same tanken: At fred ikkje berre blir skapt av politikarar og avtalar, men òg rundt eit middagsbord, på ein oppvaskdugnad eller gjennom ein samtale mellom ungdom som elles aldri ville møtt kvarandre.

Når middagen endeleg er klar på Heggnes, finn ungdommane plass rundt dei små treborda. Regnet trommar framleis mot taket, men inne er stemninga varm. Om nokre veker reiser ungdommane heim att – til ulike land, språk og kvardagar.

Om vennskapa varer livet ut, veit ingen. Men både LPC og CISV håpar at ungdommane tek med seg noko meir enn gode sommarminne.

Powered by Labrador CMS