nyhende
Fryktar ny veg kan bety kroken på døra
Ein sju meter brei veg gjennom verkstadområdet kan få store konsekvensar for VRG Eiendom AS på Tjernagel. Dagleg leiar Asbjørn Vierdal fryktar i verste fall å måtta legga ned. No krev han at reguleringsvedtaket til Sveio kommune blir oppheva.
Like før sommaren blei reguleringsplanen for Nasjonalt Senter for utvikling av Nye Marine Oppdrettsarter Num AS på Tjernagel vedteken av politikarane i Sveio. No kan vedtaket få store konsekvensar for nabobedrifta VRG Eiendom AS.
– I verste fall må eg legga ned verksemda på grunn av trafikken som vil koma på sikt, seier Vierdal.
Farlege situasjonar
Vierdal reagerer på at reguleringa opnar for ein sju meter brei veg. Kart og bilete viser at vegen vil gå gjennom området VRG brukar til verkstaddrift, tett forbi tre verkstadhallar og portar. Aktiviteten kan ifølge planane gi ein mogleg trafikkauke frå rundt 40 ÅDT (årsdøgntrafikk) til 625 køyretøy i døgnet.
– Når trafikkmengda aukar, blir det vanskeleg å handtera store anleggsmaskiner, lastebilar og hengarar på ein trygg måte. Når trafikken er på sitt høgaste, er det ikkje mogleg å driva verksemda her slik ho blir driven i dag, forklarer Vierdal.
VRG arbeider mellom anna med reparasjon, testing og prøvekøyring av anleggsmaskiner, lastebilar og hengarar. I dag blir uteområdet mellom anna brukt til parkering, vending og til- og fråkopling av tunge køyretøy.
Vierdal meiner dagens regulering gjer det farleg å gjera dette fordi han vil få eit mindre område å snu køyretøya på. Han peikar mellom anna på at blindsonene på store køyretøy er langt større enn vanleg.
Vierdal fryktar derfor at etableringa vil gi eit høgare konfliktnivå mellom verkstaddrifta og andre trafikantar.
– Me må heile tida følga med, slik at me ikkje ryggar på nokon. Dersom det kjem mange arbeidsplassar og mykje varelevering, blir det skummelt. Me skal ut og inn med lastebilar og hengarar og køyrer rett ut på ein trafikkert veg, seier han.
Advokat reagerer
Heller ikkje advokat Valborg Kristine Haugland let seg imponera over den vedtekne reguleringa. Ho meiner kommunen ikkje har teke omsyn til merknadene dei har kome med, og meiner planområdet er avgrensa for snevert.
– Me sende inn ganske omfattande merknader då planen var på høyring i september i fjor. Me kan ikkje sjå at dei har lytta til desse, seier Haugland.
Området, som er på rundt 600 dekar, har røter tilbake til kortbølgesendaranlegget som blei oppført i 1986. Ifølge planane skal det mellom anna etablerast næringsareal og hamneanlegg. Den aktuelle detaljreguleringa omfattar knapt 195 dekar.
I merknadene som Haugland sende inn, står det mellom anna at dei ønsker at heile arealet blir regulert samla, og ikkje stykkevis og delt. Dei bad også om at vegen gjennom området skulle få kommunalt eigarskap og vedlikehaldsansvar.
– VRG er positiv til næringsutvikling på Tjernagel og ønsker bedrifter velkomne. Samtidig ønsker VRG at heile næringsområdet blir regulert, med ein gjennomtenkt, heilskapleg og framtidsretta infrastruktur med veg, vatn og avløp som også blir kommunale. Me ber om ei områderegulering, eventuelt ein reguleringsplan for heile næringsområdet, noko kommunen etter plan- og bygningslova og kommuneplanen har høve til å oppmoda om eller krevja, seier Haugland.
Eit hovudargument er at vegløysinga som no blir resultatet, rammar verksemda til Vierdal svært hardt.
– Dette er eit område som truleg skal utviklast vidare. Då er det uheldig å detaljregulere delar av området utan å sjå heile infrastrukturen i samanheng med den framtidige utviklinga, seier Haugland.
Negative konsekvensar
I sakspapira erkjenner kommunen at vegløysinga får negative konsekvensar for Vierdal og viser forståing for dette. Haugland meiner kommunen burde ha undersøkt konsekvensane av vedtaket betre.
– Eg kan ikkje sjå at konsekvensane for den eksisterande verksemda er vurderte opp mot fordelane for den nye verksemda. Etter mitt syn er det ein sakshandsamingsfeil.
– Me ønsker at vedtaket blir oppheva, seier Haugland.
Rådmann Jostein Førre skriv i ein e-post at kommunen har vurdert saka på vanleg måte.
Kommunen viser til vurderingane i saks- og plandokumenta og understrekar at planforslaget er handsama på same måte som andre private planar.
– Avgrensinga av planområdet er vurdert. Kommunen kan krevja at eit større område blir regulert, men det er ikkje krav om at heile byggeområdet i kommuneplanen må regulerast samla. Sendarvegen er teken med for å avklare tilkomsten til gnr. 50, bnr. 26. Kommunen meiner det kunne vore nyttig å inkludera gnr. 50, bnr. 54, men ikkje nødvendig, skriv Førre.
Forkasta alternative vegplanar
Førre forklarer at konsekvensane for drifta til VRG ikkje er vurderte særskilt. Samtidig blir det peika på at trafikk, trafikktryggleik og verknader for næring og tenester likevel er omtala i ROS-analysen og planomtalen.
– Det er ingen registrerte ulukker på tilkomstvegen eller på fylkesvegen i området. Det er særs lite busetnad langs Sendarvegen, der avkøyringane har gode siktforhold. Planframlegget vil føra med seg auka trafikk. Planen sikrar utbetring av frisiktsonene, samt utbetring av eksisterande tilkomstveg slik at han blir dimensjonert for næringstrafikk, seier Førre.
Han fortel at kommunen også har vurdert alternative vegtraséar som inkluderer forslaga frå VRG, men at desse blei forkasta fordi dei ville føre til inngrep i myr, kystlynghei eller terreng. Han forklarar også at jordskifteretten har slått fast at eigedomar som har nytte av Sendarvegen, har rett til å bruke han, og at vegretten ikkje er avgrensa til dagens trafikk eller utforming.
– Fekk dispensasjon
Ifølge sakspapira skal vegen byggast ut i to trinn: først med møteplassar og seinare med utviding når trafikken aukar. Vidare står det at vegen skal vera ein felles privat veg, men at planen ikkje regulerer korleis vedlikehaldet skal fordelast mellom brukarane.
– Opparbeiding av vegen vil bli gjort i samband med gjennomføring av planen. Det er rekkjefølgeføresegner om utbygging i to trinn knytte til trafikktalet på vegen, med krav om etablering av møteplassar i første trinn og utviding av vegen i andre trinn.
Kommunen meiner også at Vierdal sjølv fekk fritak frå plankravet då eigedomen blei skild ut i 2022. Då blei det lagt til grunn at eigedomar som kan gjere seg nytte av Sendarvegen, skulle ha rett til å nytta vegen.
– Detaljregulering for Tjernagel næringsområde, utan at ein større del av gnr. 50, bnr. 54 er teken med, er dermed å rekna som ei oppfølging av vedtaket frå 2022, fortel Førre.
Saka blei måndag behandla i hovudutval for næring og teknisk. Der gjekk eit samrøystes utval inn for å røyste for framlegget frå rådmannen og forkasta klagen frå VRG. Saka blir dermed sendt til Statsforvaltaren, som skal ta stilling til om det er gjort feil i saka.