nyhende
Fryktar støy og skuggekast frå planlagd vindpark
Dei planlagde vindturbinane på andre sida av fjorden blir av naboane skildra som eit aldri så lite mareritt.
Frå eigedomen ved Ålfjorden ser Nils Matre mot Måkafjellet, der Eviny planlegg Slettene vindkraftverk. Dersom prosjektet blir realisert, kan området få mellom 12 og 15 vindturbinar med ei totalhøgd på opptil 220 meter. Saman med fleire innbyggjarar på Kvalvågneset fryktar Matre støy, naturinngrep og verditap. No krev dei at konsekvensane for nabokommunane blir grundig utgreidde.
– Vindafjord får inntektene, men me får konsekvensane. Turbinane blir enorme, og så skal dei plasserast på ein fjelltopp i tillegg. Då blir dei dominerande, seier han.
130 høyringsfråsegner
Slettene vindkraftverk er framleis på eit tidleg stadium. Ifølgje NVE er prosjektet meldt med ein installert effekt på opptil 100 megawatt og ein berekna årleg produksjon på rundt 300 gigawattimar.
Eviny lanserte først planar om Slettene vindkraftverk i 2024, men trekte planinitiativet før det vart politisk behandla. Eit nytt initiativ vart levert i desember 2025. Etter eit oppstartsmøte med Vindafjord kommune i januar 2026 vart meldinga med forslag til plan- og utgreiingsprogram lagd ut på høyring.
Då høyringsfristen gjekk ut 24. august, hadde det kome inn over 130 høyringsfråsegner. I samband med høyringa tok Matre, saman med ekteparet Anita og Eilif Fjon og ekteparet Tove og Tørres Guddal, initiativ til eit opprop.
– Me har berre delt det i området rundt Ålfjorden og ikkje lagt det ut breitt i Sveio. Det er mange som støttar dette. Me har fått inn 170 underskrifter, seier Matre på vegner av nabogruppa.
Fryktar støy
Sjølv om vindkraftverket er planlagt i Vindafjord, ligg området nær både Sveio og Tysvær. Matre meiner det bur fleire menneske nær turbinane i nabokommunane enn i Vindafjord. Huset hans ligg knappe tre kilometer frå Måkafjellet.
– Me er ikkje imot vindkraft. Me er opptekne av kva konsekvensane er, og at dei blir belyste når politikarane i Vindafjord skal ta avgjerdene sine.
Når vindturbinar roterer, lagar dei lågfrekvent lyd. Støy er noko av det som uroar innbyggjarane i området. Matre peikar på at lyden ber godt over Ålfjorden, særleg når det er stille. Han viser òg til at søraustleg vind ofte fører lyden mot busetnaden på Sveio-sida.
– Når folk sit i ein båt på den andre sida av fjorden og snakkar, kan me høyra dei her. Me ønskjer at det blir teke med i berekningane korleis lyden frå vindturbinane ber over fjorden.
Han ønskjer derfor at områda rundt Kvalvåg, Våga, Fjon og Flatnes og fleire stader langs Ålfjorden blir tekne med i støyberekningane. Han ønskjer òg at det blir laga eit visualiseringskart som omfattar desse områda.
Synlege i store delar av kommunen
Det er Vindafjord kommune som til sjuande og sist skal godkjenne planane til Eviny. Turbinane vil likevel vere synlege frå fleire område i nabokommunane. Sveio kommune gjorde eit vedtak i 2020 som gjer at kommunen ikkje ønskjer vindkraft i kommunen. Då Sveio gav høyringsfråsegna si i juni, skreiv kommunen at dei planlagde vindturbinane kan påverke innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn, sjølv om turbinane blir plasserte i ein nabokommune.
Dei peika blant anna på at dei planlagde vindturbinane er så store at dei vil bli synlege i store delar av kommunen, også i Sveio sentrum. I høyringsinnspelet ber kommunen om ei grundig utgreiing av mellom anna trafikk, landskap, støy, skuggekast, eigedomsverdiar, naturmangfald og kommuneøkonomi. Kommunen meiner at utgreiinga òg bør vise den lokale nytten, dei reelle kostnadene og om kraftproduksjonen faktisk vil redusere bruken av fossil energi.
Vurderer alle innspel som kjem
Ifølgje planinitiativet skal Eviny mellom anna undersøkje støy, skuggekast, landskap, naturmangfald og verknader på eigedomsprisane nærare.
Seniorrådgjevar Rolf Sanne-Gundersen i energiselskapet skriv i ein e-post til Vestavind at behovet for og omfanget av ei støyutgreiing som òg tek føre seg korleis lyden vil forplante seg over fjorden, skal vurderast i det vidare arbeidet.
– Innspel om lydforplanting over fjorden vil bli tekne med i vurderinga. Forslaget i konsekvensutgreiingsprogrammet er å nytte Nord2000-standarden i støyberekningane. Denne modellen er standard i Noreg nettopp fordi han uttrykkjeleg tek omsyn til at ulike underlag absorberer og reflekterer lyd på ulike måtar, skriv Sanne-Gundersen.
Selskapet har allereie føreslege fleire område rundt planområdet, mellom anna Glette og Kvalvågneset. Forslag til andre plasseringar blir ifølgje Eviny vurderte som relevante innspel til planen.
– Alle innspel som kjem inn i høyringsperioden, blir registrerte og vurderte vidare i prosessen, opplyser Sanne-Gundersen.