nyhende

I år har bidevindseglar (Velella velella) dukka opp igjen. Maneta bruker kammen sin til å segla med vinden.

Hektisk manetsommar – fleire framande artar til norskekysten

Kysten har vorte farga raud og blå av brennmaneter i sommar. Fleire sjeldne gjester har teke turen til norske farvatn.

Publisert

Du har kanskje sett dei i sommar? Raude eller blå geléliknande skapningar som får pulsen til å stiga når du badar i havet.

Det skjer kvar sommar, og i år var ikkje noko unntak. I ein ny artikkel frå Havforskingsinstituttet (HI) var Skagerrakkysten prega av «masseførekomstar» av brennmaneter første veka i juli.

– Manetsommaren har vore veldig hektisk, seier havforskar Tone Falkenhaug i Havforskingsinstituttet.

Det var masseførekomst av brennmaneter (her ved Cyanea capillata) langs Skagerrakkysten første veka i juli.

– Særleg blå brennmanet var det uvanleg mykje av, seier Falkenhaug.

Den blå maneta har i løpet av sommarmånadene vorte observert så langt nord som Slettnes i Finnmark.

Det er ikkje mange år sidan skapningen var eit sjeldan syn langs norskekysten, men dei siste 10–20 åra har førekomsten auka.

Sjeldne seglar

Blant dei meir sjeldne gjestene har Noreg fått besøk av bidevindseglaren.

Bidevindseglaren har fått namnet sitt etter den båtliknande kammen, som han bruker til å segla med vinden.

Maneta vart først observert i 2011, før ho dukka opp att i 2023. Ho er ikkje farleg for menneske.

I år har Falkenhaug fått meldingar om bidevindseglaren langs Jærstrendene i Rogaland og éin observasjon frå Oslofjorden.

– Endå bidevindseglaren lever i alle verdshav, lever han primært i varmare havområde. Det er sjeldan han kjem så langt nord, men uvanleg vind og straumforhold kan føra han langt av stad, seier Falkenhaug.

Liten, men kraftig

Utover seinsommaren kom det fleire observasjonar av framandarten klamremanet.

Maneta er lita, men har ei kraftig gift. Hos menneske kan ho forårsaka alvorlege symptom som sterk smerte, muskelkrampar, pustevanskar og hevelsar.

Klamremaneta (Gonionemus vertens) brukar tentaklane sine til å knipa seg fast i tong, og kan dermed halda seg på same plass over lengre tid.

– Klamremaneta førekjem ofte åleine og kan halda seg på plass over lengre tid. «Klistreplater» på tentaklane lèt henne knipa seg fast i ålegras og tong på dagtid. På natta sym ho til overflata for å fanga mat, seier Falkenhaug.

Også den amerikanske lobemaneta kjem i Noreg.

Ho vart oppdaga i norske farvatn i 2005, og har vore eit vanleg syn sidan. Den amerikanske lobemaneta kan verken svi eller stikka, og er dermed ikkje farleg for menneske.

Powered by Labrador CMS