nyhende
Hjernesjukdommar står for ein firedel av sjukdomsbyrda i Noreg
Hjernesjukdommar utgjer nær 27 prosent av den samla sjukdomsbyrda her til lands. Noreg er det første landet i verda med ei samla kartlegging på feltet.
Studien , som er publisert i det anerkjende tidsskriftet The Lancet Regional Health Europe, omfattar nevrologiske, nevrokirurgiske og psykiatriske tilstandar, inkludert ruslidingar.
Den viser at demens, angstlidingar og hjerneslag er blant diagnosegruppene som bidreg mest til sjukdomsbyrda i Noreg.
– Dette er eit uttrykk for at hjernen er kompleks og har mange ulike funksjonar, og derfor kan sjukdom og skade ha veldig ulike manifestasjonar. Nettopp derfor er det av verdi å løfte blikket ut over kvar enkelt sjukdom og sjå heilskapen. Berre slik får vi eit bilete av kva betydning hjernehelsa har for helsa til befolkninga, seier professor emeritus i nevrologi ved NTNU, Lars Jacob Stovner, i ein uttale på Folkehelseinstituttets sider.
Stor nedgang dei siste tiåra
Sjukdomsbyrde er eit mål på kor mykje sjukdom påverkar liv og helse, enten ved at menneske døyr tidlegare enn venta eller ved at dei lever lenge med sjukdom og helseplager.
Stovner, som er førsteforfattar av studien, kan ikkje understreke nok kor viktig hjernen er.
– Vi kan behandle hjartet, lungene og andre organ, men viss hjernen ikkje fungerer, mistar vi mykje av det som gjer oss til menneske. Hjernen er avgjerande for korleis vi tenkjer, kjenner, kommuniserer og bevegar oss, i det heile korleis vi lever liva våre. Sett litt på spissen kan ein seie at god hjernehelse er målet for alt helsearbeid.
Studien viser mellom anna at sjukdomsbyrda frå hjerneslag har gått mykje ned sidan 1990, noko forskarane meiner mellom anna kjem generelt av betre hjarte- og karhelse, men også betre førebygging, behandling og rehabilitering.
– Inga sikker forklaring
Samtidig aukar sjukdomsbyrda for Parkinsons sjukdom, angst, depresjon, spiseforstyrringar og ruslidingar.
– Auken blant desse sjukdommane har vi inga sikker forklaring på, og det viser at vi treng meir kunnskap og forsking, seier Stovner.
Studien er gjennomført på initiativ frå Hjernerådet og er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire norske fag- og forskingsmiljø. Forskarane meiner slike register er avgjerande for å kunne kartleggje sjukdomsbyrde og følgje utviklinga over tid.
– Noreg var det første landet i verda som fekk ein eigen politisk strategi for hjernehelse, og no er vi også først ute med ein samla analyse av sjukdomsbyrda frå hjernesjukdommar. Vi håpar studien kan bidra til å styrkje hjernehelse som fagområde og inspirere til liknande arbeid internasjonalt, seier generalsekretær Henrik Peersen i Hjernerådet.