nyhende

Om sommaren kan UV-indeksen i innlandet i Sør-Noreg komme opp i 6 eller 7, og i høgfjellet 8 eller 9. I tropiske strok kan UVI passere 14.

Hudkreft: – Me kjempar mot desinformasjon

Medan hudkrefttilfella aukar, deler fleire influensarar farlege bodskap om soling. Ekspertane er klokkeklare: Solkrem er ikkje farleg. Og huda di blir skada av UV-stråler, også om du ikkje blir solbrend og er brun frå før.

Publisert

– Auken i veksten av førekomst av føflekkreft er i dag høgare enn i 2019, og omtrent dobbelt så høg som målet me har sett, seier Lill Tove Nilsen, som er fagdirektør for optisk stråling ved Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

DSA leiar strategiarbeidet for å redusere hudkreft i Noreg. I 2019 sette dei som mål å redusere veksten i førekomst med 25 prosent innan 2040. I staden ligg me no i verdstoppen med årlege hudkrefttilfelle.

I 2019 var det venta ein auke på litt over 70 melanomtilfelle per år. Om ein hadde lukkast med 25 prosent reduksjon i veksten av førekomst, burde auken gått ned til 55 nye tilfelle i året.

Tal frå 2020-2022 viser derimot ein auke på over 90 nye tilfelle kvart år, fortel Nilsen, som understrekar at det samstundes har blitt meir samarbeid mellom ulike etatar:

– I tillegg til at tiltaksarbeidet tek tid, må me kjempe mot desinformasjon om at ein bør sole seg mest mogleg og ikkje bruke solkrem. Det er veldig øydeleggjande.

For mykje for seint

Dei vanlegaste hudkrefttypane er basalcellecarcinom, plateepitelcarcinom og føflekkreft, også kalla melanom, som er den mest alvorlege. Kvart år får rundt 30.000 nordmenn ein av desse diagnosane.

Basalcellecarcinom er av dei mest vanlege hudkrefttypane. Dei aller fleste overlever sjukdomen, men mange må gjennom hyppig og krevjande kirurgi.

– Førekomsten av hudkreft har dobla seg dei siste ti åra, og aukar særleg blant menn, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross til Nynorsk pressekontor.

– I 2025 var hudkreft den nest største kreftforma blant menn, og den fjerde største blant kvinner. Det er uroande.

197 menn og 130 kvinner døydde av føflekkreft i Noreg i fjor. Og sjølv om nær sagt alle overlever dei ikkje-melanome hudkreftane, lever mange av pasientane med store plager. Også desse hudkrefttypane kan ha ei hisseg og alvorleg utvikling.

– Om du får hudkreft som et opp nasen din, må han behandlast, sjølv om han ikkje er dødeleg, påpeiker hudlege Kristian Enerstvedt til NPK.

Han møter mange slike pasientar, som ofte må gjennom mykje og krevjande kirurgi.

– Nordmenn blir lett solbrente, og reagerer ofte seint slik at kreften er langtkomen før dei oppsøkjer lege. Kor raskt ein kjem i gang med behandling, påverkar i stor grad prognosen for føflekkreft. Når han først har begynt å spreie seg, kan det gå ganske fort, åtvarar Enerstvedt, som også leiar den norske Hudlegeforeninga.

Hopar seg opp

Rundt 90 prosent av alle hudkrefttilfelle er eit direkte resultat av UV-stråling mot ubeskytta hud. Å ha vore solbrent fleire gonger i ung alder aukar risikoen betrakteleg.

Lill Tove Nilsen hjå DSA seier den største utfordringa er at me ikkje kjenner eller ser effekten av UV-stråling før me har vore utsett for for mykje stråling:

– Du får skadar også før du blir solbrend, så både mykje sol over tid og om du blir brend, aukar risikoen for hudkreft.

Huda hugsar. Jo oftare du har vore solbrend, jo større risiko er det for å få hudkreft seinare i livet.

– UV-strålane kan gi DNA-skadar, og nokre av desse kan hope seg opp i huda og trigge hudkreft ved seinare UV-stråling.

Obs frå 11.30

Det er aller sterkast stråling i tida frå kl. 11.30 til 15.30. Før kl. 10 og etter kl. 17 kan me vera ute minst tre gonger så lenge som midt på dagen for å få same UV-eksponering.

Lett skydekke dempar også i liten grad strålane. Drivande skyer kan faktisk forsterke strålinga, fordi strålane kan bli reflektert i skykanten. Det same gjeldt sjø og snø, forklarar Nilsen til NPK.

UV-indeksen er eit mål på kor sterk UV-strålinga frå sola er. Skalaen går frå 1 til 11+. Jo høgare tal, jo kraftigare stråling. 6 og 7, som det no er venta i Sør Noreg dei neste dagane, inneber sterk stråling.

– Det er viktig å vera ute og vera aktiv, men solvern er naudsynt på alle dagar der UV-indeksen er tre eller høgare. Skugge, lette klede, solbriller og noko på hovudet vernar godt. Der huda ikkje er beskytta av klede, bør ein ha på rikeleg med solkrem, og minst faktor 30, seier Nilsen til NPK.

Lang skugge = bra

Medan rundt 40 prosent av befolkninga bruker UV-indeksen for å vite når dei bør verne seg mot sola, seier no 41 prosent av unge under 30 år at dei bruker indeksen for å sole seg når indeksen er høg. Dette er ein auke frå 2024, då 20 prosent av dei unge oppgav ein slik praksis. Det viser Solvaneundersøkelsen som nyleg vart gjennomført for DSA.

Fenomenet skriv seg truleg frå influensarar på sosiale medium. Der er det fleire som hevdar at det er betre å sole seg i periodar med høg UV-stråling og i kort tid, og gjennom det byggje opp ein slags base som skal styrkjer motstandskrafta i huda.

Solkrem i sal i Noreg blir rekna som trygg å bruke. Det finst ingen studiar eller erfaring som tilseier at dosane me får i oss ved normal bruk er skadeleg, seier leiar i Hudlegeforeninga, Kristian Enerstvedt.

– Dette er direkte feil. Huda blir skadd sjølv om du ikkje blir synleg solbrend, og ho får også skadar medan du freistar å herde huda. At du ikkje blir like fort solbrend på slutten av sommaren, skuldast at huda er blitt tjukkare for å verne seg mot sola. Men undervegs får du altså skadar som blir liggande lagra og som kan trigge hudkreft seinare.

Til dei som ikkje følgjer med på UV-indeksen, men tek solvern på alvor, har Nilsen følgjande tommelfingerregel:

– Om det er klar sol, og skuggen frå ho er kortare enn kroppen din, står sola så høgt at det meste av strålinga når deg. Også når skuggen er like lang som deg, må du verne deg. Er skuggen veldig mykje lengre enn deg, står sola lågt. Då taper UV-strålane seg veldig fordi dei må gjennom mykje luft på vegen før dei når oss, og du treng ikkje verne deg.

Nok D-vitamin

Hudlege Kristian Enerstvedt har også registrert dei mange påstandane om soling og stråling som blir delte på sosiale medium. Somme hevdar til dømes at solkrem i seg sjølv er meir skadeleg enn sola.

– Me har to typar solkrem; fysisk filtersolkrem, som gjerne blir brukt på barn og som ligg utanpå huda, og kjemisk solkrem, som trekkjer inn i huda. Begge typane har vore underlagt mange studiar, og ingen av dei har så langt vist at solkrem har skadelege effektar, seier han.

Nordmenn ligg på verdstoppen i hudkrefttilfelle. Noko av forklaringa er at me har meir pengar til å reise og meir fritid, som me ofte nyttar utandørs. I tillegg er me seine med å oppsøkje lege ved hudforandringar.

Han avviser også at solkrem hindrar kroppen i å ta opp naudsynt D-vitamin:

– Det skal lite UV-stråling til for å få i gang kroppens produksjon av D-vitamin i sommarhalvåret. Sjølv med normal bruk av solkrem vil D- vitaminproduksjonen vera tilstrekkeleg.

– For sjølv om det står faktor 50 på flaska, får dei færraste så høg beskyttelse etter påføring av solkrem. Årsaka er dei fleste smør på eit mykje tynnare lag enn det som er gjort i studiane.

Solkrem beskyttar heller ikkje likt mot UVA og UVB. Forholdet er som regel ein til tre. Står det SPF 30 på solkremen, betyr det at kremen har ein UVB-vern på faktor 30, medan UVA-vernet ligg på rundt 10. Skal ein ha eit høgt UVA-vern, må ein altså høgare opp i SPF.

Enerstvedt understrekar at dei som har påbyrja solskader eller tilløp til hudkreft bør vera ekstra nøye med solbeskyttelse; og at lette klede og skugge då er best. For å oppnå solfaktor som er mest mogleg lik den som står på tuba, tilrår han at me smør oss to gonger.

I tillegg bør alle følgje nøye med på huda si:

– Om du oppdagar hudforandringar, slik som nye føflekkar, kular eller knutar eller føflekkar som endrar form, storleik eller farge, bør du oppsøkje lege raskt. Det bør du også om du har sår som væskar og ikkje vil gro.


Powered by Labrador CMS