nyhende
KI-bruk hjå unge: Utfordre eigne tankar – eller snarveg til ferdig svar?
Forskarar vil finne ut om KI-verktøy styrkjer eller svekkjer evna barn og unge har til kritisk tenking og sjølvstendig problemløysing. Svaret overraska.
Hilde Storrøsæter, som er stipendiat ved NTNU Institutt for lærarutdanning, har analysert 173 internasjonale forskingsartiklar om bruk av generativ kunstig intelligens i skuleverk og utdanning saman med ei gruppe kollegaer frå tsjekkiske universitet.
Til nettstaden Gemini seier Storrøsæter at det er slåande kor lite solid kunnskap vi har om korleis bruk av kunstig intelligens påverkar grunnleggjande ferdigheiter hos yngre elevar. Det er problematisk, fordi påverknaden skjer medan skulebarn framleis er i utvikling.
– Det viktigaste funnet er at KI i seg sjølv verken gjer oss betre eller dårlegare til å tenkje. Det er lett å tru at verktøya anten styrkjer eller svekkjer læring. Vi fann at den doble effekten er tydeleg. Den same teknologien kan gjere begge delar, seier forskaren til nettstaden.
Når KI blir brukt til å utfordre, stille spørsmål, samanlikne ulike syn og byggje eigne tankerekkjer støttar verktøya dei viktige ferdigheitene. Men når KI blir ein snarveg til eit ferdig svar, aukar sjansen for overavhengigheit, meir overflatisk tenking og svekt sjølvstendig problemløysing, utdjupar ho til Gemini.
I 80 prosent av studiane som vart analyserte, var deltakarane universitets- eller høgskulestudentar. Det betyr også at vi veit lite om barn og unge, som framleis er i utvikling.
– Eg støttar at ein er restriktiv med at KI ikkje blir brukt av for unge elevar. Men når det blir brukt, må det skje på læraren sine premissar, seier Storrøsæter til Gemini.
– Blir det brukt ukritisk, får ein ingen ferdigheiter ut av det, og går glipp av mange læringssituasjonar.