nyhende
– Krig og kriser minner oss om at gjødsel faktisk er beredskap
Industrikonsernet Yara leverer gjødsel til bønder over nesten heile verda, men høge energiprisar og avgrensa råvaretilgang har sett konsernet på prøve dei siste åra. – Ein del av oppdraget vårt er også å hjelpe bøndene som står i ein pressa situasjon, seier konserndirektøren.
– 50 prosent av matproduksjonen i verda er avhengig av gjødsel. Viss ein ikkje gjødslar, så har det ganske stor innverknad. Det er viktig å få gjødselet ut til bonden og ut på jordet. Vi som gjødselsselskap spelar ei viktig rolle når det kjem til å belyse denne problemstillinga og få fram viktigheita av gjødsel – som hos mange er lite kjent, seier konserndirektør for People, External Affairs & Chief of Staff i Yara, Hanna Døhlen Ben-Ammar, til Nynorsk pressekontor.
Store kriser har komme på rad og rekke dei siste åra. Både koronapandemi, krig i Ukraina, krig i Midtausten og stenging av Hormuzstredet har skapt enorme ringverknader over heile verda. Og desse ringverknadane må også ein gigant som Yara forhalde seg til.
– Verdsituasjonen understrekar kor viktig det er for oss å produsere norsk gjødsel og få det ut i marknadane. Men det vi har sett, og som er ei stor bekymring, er kor sårbart systemet vårt er, seier Ben-Ammar.
Ille for verda
Førebels har komplikasjonane i Hormuz hatt lite direkte innverknad på situasjonen i Noreg.
– Det vi har sett i Hormuzstredet dei siste månadane er ein geopolitisk situasjon som har store konsekvensar for matsystem og gjødselmarknad i verda, men førebels har vi ikkje sett dei store konsekvensane her heime.
Hormuz er eit veldig viktig transportknytepunkt både for energi og gjødsel. Mellom anna blir svært mykje av den mest brukte nitrogengjødsla i verda, ureagjødsel, frakta gjennom stredet.
– Det blir ein cocktail av ting som treffer gjødselmarknaden samstundes. Det resulterer i ein veldig kraftig auke i gjødselprisane – som igjen påverkar kjøpekrafta til bøndene, seier Ben-Ammar.
Då prisane på gjødsel tidlegare i vår skaut i vêret hadde mange norske bønder allereie handla inn det dei trengde for denne sesongen.
– Vi har hatt dialog med bønder i Noreg og Europa rundt dette, og det er heilt klart at dei har vore mindre bekymra enn bønder andre stadar i verda. Det er dei som har minst, som blir råka hardast.
Vanskeleg å spå
Kva konsekvensar den urolege situasjonen vil ha på lang sikt, torer ikkje Ben-Ammar og Yara å spå. Det dei veit med sikkerheit, og som dei allereie ser, er at marknaden er svært volatil – altså at prisane svingar raskt.
– Det er veldig mykje usikkerheit i marknaden. Gjødselprisane er på veg ned no, og det er ei påminning om at det er veldig stor volatilitet. Uføreseielegheit er ikkje bra. For bonden er det ekstremt krevjande. Dei må forhalde seg til når dei skal kjøpe inn gjødsla, dei må spekulere i når det kan vere taktisk lurt, og dei må òg forhalde seg til vêrendringar. Til sjuande og sist har jo dei eit mål om å optimalisere eiga bedrift, fortel Ben-Ammar.
Yara er vande til å operere i eit globalt system. Dei produserer gjødsel i 28 land og sel til 128 land.
– Vi er vande med å handtere volatilitet, og klarer å handtere det, men for bonden er det eit problem.
Prisauken både på energi og gjødsel set bøndene i ein skvis.
– Dei betalar meir for det dei treng i produksjonen, samstundes får dei ikkje nødvendigvis meir igjen for avlingane sine.
Beredskap
Til sjuande og sist handlar det om at også gjødsel er ein del av beredskapen vår, ifølgje konserndirektøren.
– Vår oppgåve er ikkje berre å produsere gjødsel. Vi skal òg rettleie og hjelpe bøndene til å gjødsle rett og unngå å bruke for mykje.
Ben-Ammar fortel vidare at teknologien såleis kan vere eit godt hjelpemiddel i åra framover.
– KI kan bli eit utruleg godt hjelpemiddel. Etter kvart kan vi bruke KI til å lage gjødslingsmodellar som vil sikre at ein gjødslar med riktig produkt til riktig tid og når det er riktig vêr. Her ligg det enormt store moglegheiter.