nyhende
Manglande levering av Vestavind
Posten melder i dag at dei manglar mange aviser til levering i Sveio. Trykkeriet opplyser at avisene er trykte og sende derfrå, men at dei har forsvunne på vegen til Posten. Det blir arbeidd med å løysa dette, og me håpar dei kan ettersendast i morgon, fredag.
Posten har henta dei avisene som Vestavind får til kontoret, men det dekker ikkje alle som er forsvunne.
Oppdatering torsdag ettermiddag er at avisene vil bli etterlevert i morgon, fredag. Trykkeriet sender avgårde ekstra aviser som dei har liggande. Kvar avisene har tatt vegen er framleis eit mysterium. Me beklagar manglande levering!
E-avisa finn du alltid her.
Har du ikkje ordna deg tilgang til nettavisa? Kontakt oss på post@vestavind.no eller tlf. 53 74 01 80.