nyhende

Rune Hjelmeseter er nyvald leiar i Sveio Mållag.

– Me kunne ha kvitta oss med bokmålet

Mållagsleiar Rune Hjelmeseter er tydeleg i prioriteringane sine dersom han måtte velje berre eitt offisielt skriftspråk i Noreg.

Publisert

Etter fleire år i mållagsstyret peikte medlemmene på Hjelmeseter som leiar. Han tek over eit mållag som vil skape positivt engasjement framfor å rette peikefingeren mot dei som brukar bokmål.

–I staden for å hengje oss opp i at noko blir skrive på bokmål, prøver me heller å skape gode rom for å bruke språket ved å invitere til ulike mållagsarrangement der føremålet er å bruke nynorsk på ein positiv måte. Det viktigaste er å ha ei positiv vinkling og eit positivt engasjement rundt språket, seier Hjelmeseter.

– Må vere stolte

Hjelmeseter trekkjer mellom anna fram den årlege skrivekonkurransen som blir arrangert for elevane på ungdomsskulen. Gjennom eit samarbeid med norsklærarane har mållaget dei siste åra bede elevane skrive eit kåseri som ein del av konkurransen. Elevane må då skrive på nynorsk og kan vinne ein pengepremie. Mållaget planlegg òg fleire aktivitetar gjennom året, slik som den årlege sveiokalenderen. Der jaktar mållaget no etter fleire bilete.

– Eg tenkjer det er viktig å ha slike tiltak som ein skrivekonkurranse, for å vise at det betyr noko. Tanken er å gjere elevane litt meir medvitne om at nynorsk faktisk er eit bruksspråk, og at det er noko me kan vere stolte av å bruke vidare. Sveiokalenderen er òg ein slik aktivitet, og her kan ein sende inn bilete til kalenderen, oppfordrar Hjelmeseter.

For det er lita tvil om at nynorsk som skriftspråk dei siste åra har vore under press og har opplevd minkande popularitet. Ifølgje Statistisk sentralbyrå har nynorskdelen i grunnskulen gått ned frå 17,7 til 11,1 prosent – ein nedgang på 6,6 prosentpoeng sidan byrjinga av 1990-åra.

For elevar i den vidaregåande skulen er tala endå lågare. I 2024 var det berre 5,5 prosent av elevane melde opp til skriftleg norskeksamen på studieførebuande utdanningsprogram på vg3 som hadde nynorsk som hovudmål. Hjelmeseter vedgår at nynorsken er på vikande front. Nettopp derfor ser han arbeidet til mållaget som viktigare enn før.

Del av identiteten

– Språket er meir og meir på vikande front. Derfor tenkjer eg at det er viktigare enn nokon gong at me i mållaget held fram med aktivitetar. Det er fleire og fleire som til dømes byter til bokmål som hovudmål når dei byrjar på vidaregåande. Samstundes ser me at det blir brukt meir og meir bokmål i lokalmiljøet. Då tenkjer eg det er viktig at mållaget gir ei stemme til dei som eigentleg ønskjer å bruke nynorsk, slik at dei ikkje berre ser at bokmålet dominerer, seier Hjelmeseter. 

Han trur noko av utfordringa blant unge er frykta for å skrive feil. Samstundes peikar han på at bokmål trengjer bort gode nynorske uttrykk, medan engelsk i aukande grad trengjer bort norske ord blant unge. Som døme trekkjer han fram ordet «høve», som han føretrekkjer framfor det meir bokmålsnære «moglegheit».

– Nynorsken har vore med på å bane veg for at folk kan bruke dialekt. Eg kan alltids vere uroa for utviklinga, for at fleire vel bort nynorsk, og for at bokmålet dominerer meir og meir i avisene, forklarar mållagsleiaren.

– Men eg tenkjer likevel at nynorsk er ein så stor del av identiteten, særleg her på Vestlandet.  

Naturleg med dialekt

Den store innsamlingsferda til faren til nynorsken, Ivar Aasen, frå 1842 til 1846 gjekk gjennom store delar av Sør-Noreg og Trøndelag, der han samla inn dialektord, grammatikk og språkprøvar. Deretter gjennomførte han kortare språkreiser fram til 1868. Hjelmeseter ser på arbeidet til Aasen som det største demokratiske prosjektet som vart gjennomført i den unge nasjonen Noreg. Hjelmeseter peikar på at nynorsk som språk har utvikla seg mykje sidan Aasen si tid.

– Språket den gongen og språket no er ulikt. Men eg tenkjer at me skal vere stolte av det me har. Eg ønskjer sjølvsagt at flest mogleg skal vere så stolte av både dialekten sin og den nynorske skriftbruken at dei ønskjer å bruke han. For mange kjennest det i dag naturleg å snakke dialekt, men ikkje bruke nynorsk som skriftspråk, seier Hjelmeseter.

I dag finst det inga offentleg utrekning av kva to norske skriftspråk samla kostar. På spørsmål om ressursbruken på to skriftspråk svarar Hjelmeseter humoristisk:

– Eg synest me kunne ha kvitta oss med bokmålet for lenge sidan. Eg har alltid tenkt det.

Powered by Labrador CMS