nyhende
Når ferien går på helsa laus: – Vel noko usexy
Krava om den perfekte familieferien gjer at hovudet ikkje merkar forskjell på jobb og fri, åtvarar fastlege og forfattar Kaveh Rashidi. No oppmodar han foreldre til å droppe prestasjonsjaget.
– Har ikkje heile livet vorte eit logistikkprosjekt for mange? spør Rashidi retorisk i ein e-post til Nynorsk pressekontor (NPK).
Han vedgår at sommarferien ikkje er noko unntak, men stadfestar samstundes:
– Heldigvis er det mange som ikkje kjenner det slik òg. Eller som aksepterer og finn glede i at det kan vere slitsamt med småbarn og sommarferie.
Rashidi har gjort formidlingskarriere av å avlive helsemytar og dempe perfeksjonisme. For å normalisere den tøffe kvardagen har han, i lag med sambuar og jordmor Aina Haugaard, skrive boka «Kaostid - en overlevelsesguide til småbarnsårene» .
Ein underliggjande samfunnstrend
Ein del foreldre kjenner på ei uro for at barna «går glipp av noko» eller fell utanfor, dersom dagane blir for rolege eller prega av keisemd. Svaret blir ofte å vere tett på og tilby aktivitetar i stor grad. Dette er det forskarar kallar for «intensivt foreldreskap».
Rashidi understrekar at det er veldig forståeleg at foreldre ønskjer å lage fantastiske feriar for sine små.
– Anten ein sjølv har gode eller dårlege minne frå barndommen, så skaper det forventningar og tankar om korleis eigne feriar skal bli, seier han.
Likevel er trebarnsfaren tydeleg på at det å skape ein nydeleg ferie er noko heilt anna enn å optimalisere ferien.
– Det å skilje mellom desse tinga er kanskje det som er viktig, for å få det til på ein god måte, reflekterer Rashidi.
– Kva skjer med evna vår til restitusjon når ferien blir fylt med krav om prestasjon?
– Då risikerer ein at ferien berre blir ein ny arena for å lukkast. Og det er ikkje sikkert kroppen og hovudet merkar så stor forskjell på jobbkrav og feriekrav, om ein heile tida må planleggje, prestere og levere gode opplevingar, fortel han.
Håp, tru og tidsklemma
Årsaka til dei skyhøge forventningane handlar ifølgje fastlegen ikkje berre om éin ting, men om fleire samansette faktorar samstundes.
– Vi har meir tilgang på samanlikning enn før, særleg gjennom sosiale medium, og får heile tida sjå høgdepunkta til andre. Då kan det vanlege livet fort kjennast litt for vanleg, meiner han.
I tillegg viser forfattaren til at mange småbarnsforeldre har ganske hektiske kvardagar, noko som gjer at ferien lett blir lada med for mykje håp.
– Ferien skal plutseleg romme kvile, kvalitetstid, minner, parforhold, barneglede, trening, venner og kanskje litt sjølvrealisering. Det er ganske mykje å be nokre få sommarveker om, utdjupar han.
Resepten på ein sunn familieferie
Rashidi minner om at restitusjon ofte krev noko ganske usexy: tid utan mål, litt keisemd, lågare tempo og færre ambisjonar.
– For småbarnsforeldre inneber ikkje det nødvendigvis å liggje stille i ei solseng. Det kan like gjerne handle om å senke forventningane nok til at ein faktisk klarer å vere til stades i det som skjer, forklarar han og ønskjer å nyansere krava mange stiller til seg sjølve:
– Ikkje forveksle den gode ferien til barna med vaksne menneske sin idé om ein perfekt ferie, rår Rashidi til slutt.