nyhende
Ørnulf (91) redda Aurlandsdalen
I fjor var det over 18.500 fotturistar som gjekk gjennom Aurlandsdalen. Det ville dei aldri ha gjort om det ikkje var for Ørnulf Hodne (91). Me har møtt den gløymde redningsmannen til eitt av dei mest spektakulære dalføra i landet.
Ørnulf Hodne er Oslo-mannen som i seks år frå 1969 brukte all fritida si og mykje av energien og krafta si på kampen for å berga Aurlandsdalen frå ei, for denne naturperla, øydeleggjande kraftutbygging. Og han lukkast!
Men det skulle ein dokumentarfilm til, betalt av ein kraftkommune, i samarbeid med ein svær kraftprodusent som Hafslund, for å løfta denne unike naturvernaren fram att i lyset.
Men tittelen på filmen forklarar mykje, for å ikkje å seia alt – filmen heiter: «Kampen som alle vann». Kampen som Ørnulf stod i bresjen for, saman med den gode venen sin Svein Tornås, resulterte i ei utbygging som også naturvernarar er godt nøgde med.
Sett på som kverulantar
Til å byrja med var det få som høyrde på Tornås og Hodne. Dei to vart sett på som kverulantar og amatørar. Pressa, derimot, var svært interesserte i «avsløringane» dei leverte om utbyggingsplanane frå 1969. Heile Oslo-pressa. Det vart mange oppslag i aviser på både høgre- og venstresida. Morgenbladet var svært aktiv. Det same var Dagbladet og Nationen.
Ørnulf Hodne har spart på over 100 avisartiklar frå denne tida. 1. sideoppslag gong etter gong. Også leiarar. Avisene var gjennomgåande kritiske til utbygginga og Oslo Lysverker sine planar. I tillegg sette Hodne og Tornås inn heilsides annonsar mot utbygginga. Desse vart betalt dels av eiga lommebok, dels ved pengeinnsamling.
Me bladde i den imponerande samlinga med avisutklipp då me vitja Ørnulf heime i einebustaden på Kringsjå, nokre steinkast frå marka og Sognsvann dagen etter filmpremieren på filmen der han spelte ei av hovudrollene.
– Eineståande film
– Kva tykte du om filmen?
– Denne filmen er jo eineståande i sitt slag. Og det eg la merke til vart sagt, er at den einaste debatten i dette landet som overgjekk debatten som Aurlandsdalen, det var EU-debatten. Eg tykkjer at filmen viser korleis naturvernet kom inn i Aurlandsutbygginga. Og faktisk var med på å prega resultatet. Det er oppsiktsvekkjande, og det kom så fint fram i filmen at den kampen naturvernet førte, vart teken til følgje. Steg for steg etter kvart som utviklinga gjekk føre seg, så følgde naturvernarane med. Og dei var med på å prega utbygginga.
– Dei vart tekne på alvor, rett og slett?
– Ja, dei vart tekne på alvor, men utgangspunktet var veldig dårleg. Det vart jo vedteke ganske ettertrykkjeleg frå Stortinget at det skulle byggjast ut. Men når du ser filmen, så var det jo planar før lysverksplanane, som var langt meir dramatiske. Det var demningar i dalen. 40 meter høge demningar. Men dette er jo ting som aldri vart noko av. Så det var då lysverka kom med planane sine til Stortinget at debatten starta for alvor, seier 91-åringen, som snakkar om naturvernarane i 3. person, medan det i praksis er han og Svein Tornås, som døydde for fleire år sidan, dette handlar om.
Forelska i dalen
– For de to er jo dei som er hovudfigurane her, og det kom fram på ein passeleg, litt beskjeden måte i filmen, eller?
– Eg la merke til at eg stod øvst på namnelista etter filmen. Eg reagerte jo veldig positivt på det, sjølvsagt. For det var jo ein veldig dragkamp, som kosta mykje både for meg og Svein både på den eine og andre måten. Det var mykje hets, til dømes. Eg set forresten svært stor pris på at han er så godt løfta fram i filmen, seier Ørnulf.
– Men kvifor Aurlandsdalen for ein akademikar frå Oslos vestkant? Ein lektor på Kristelig Gymnasium ?
–Ja, det kan du spørja om. For eg visste ikkje noko særleg om Aurlandsdalen før i byrjinga på 60-talet, då eg gjekk gjennom dalen for første gong saman med bror min, fortel Ørnulf i hagen på Kringsjå.
Alt etter den første turen vart han glad i eit dalføre som han forstod var noko heilt for seg sjølv og som han seinare har gått 26 gonger, fleire saman med nettopp Svein Tornås.
Sjokk over «hemmelege» raseringsplanar
Det kom nærmast som eit sjokk på dei to kameratane at denne unike dalen skulle byggjast ut og raserast. Og Ørnulf hugsar store demonstrasjonar i Oslo då planane vart kjende.
– Fleire heiste jo flagget på halv stong enkelte stader her. Det er spesielt at dei gjorde det i Oslo, då. Dette gjorde at me byrja å aktivisera oss, fortel Ørnulf om då dei starta den spesielle kampen for norsk natur – som framleis manglar sidestykke.
Ein nøkkelfaktor for gjennomslaget deira var at Tornås hadde vore tilsett i vassdragsvesenet og hadde gode kontaktar både der og i Oslo lysverker.
– Me oppdaga at lysverka eigentleg ikkje var så interesserte i å følgja opp stortingsvedtaket og rammene for utbygginga. Dei hadde meir omfattande og inngripande planar enn vedtaket opna for, seier Ørnulf om kvifor engasjementet vart så sterkt så tidleg.
– Me høyrer det nemnt at det var Svein som var aksjonisten og at du var ideologen?
– Det var ikkje dumt sagt. Han sat inne med kunnskapar om utbygginga medan eg var oppteken av å få dette ut både til politikarane på Stortinget, pressa og folk flest, fortel 91-åringen medan han blar seg gjennom permane med avisutklippa frå 1969 og framover til midt på 70-talet. Han fortel om svært gode kontaktar og respons frå folkevalde på tinget og fleire journalistar som ikkje gav seg.
Ville freda dalen, men tok dialogen
– Me såg jo at Oslo Lysverker prøvde, kan me seia det slik, å omgå eit vedtak som Stortinget hadde gjort, nemleg at dalen nedanfor Østerbø skulle vera fri for tekniske inngrep. Og me skjønte jo at dersom dette vart følgt, så ville Aurlandsdalen, den heile delen, stort sett bli verande slik han var, seier han.
Ørnulf legg ikkje skjul på at dei to kompisane primært ville freda Aurlandsdalen. Men i motsetnad til dei fleste i naturvernrørsla gav dei ikkje opp etter at Stortinget i juni 1969 sa ja til utbygging av Aurlandsfalla. Dei valde å argumentera framfor å aksjonera. Dei førte ein kamp som gjekk føre seg i seks år – til 1975 då Stortinget godkjende dei siste endringane i utbyggingsplanane. Og resultata var oppsiktsvekkjande, takka vera ein ofte svært utfordrande – men til slutt konstruktiv dialog med politikarar og utbyggjarar.
Fekk ærespris
Og er det eitt råd 91- åringen vil gje til dagens naturvernarar så er det: ikkje gje opp, men ver fleksible.
Hodne fekk i 1973 WWFs ærespris for innsatsen i Aurlandsdalen. Prisen vart delt ut i Universitetsaulaen i Oslo av dåverande kronprins Harald.
– I dag er Hafslund Kraft, bygdefolket i Aurland, naturvernarar og fotturistar sjeleglade for at den vakraste delen av Aurlandsdalen vart spara for utbygging og naturinngrep. Her spelte Ørnulf Hodne ei heilt avgjerande rolle. Men han har ikkje fått den heideren han fortener. Heller ikkje i «historiebøkene» til naturvernrørsla. Det undrar meg. Utan innsatsen til Hodne, ville mykje vore annleis i Aurlandsdalen, seier Bjarne Tormodsgard, som saman med produksjonsselskapet Filmprodusentane har laga dokumentarfilmen «Kampen alle vann» .