nyhende
Privatskulane veks når dei offentlege forsvinn
Medan talet på offentlege skular går ned, skyt talet på private grunnskular i vêret. No fryktar fagfolk at privatskulen snart blir det einaste lokale skuletilbodet i distrikta.
– Private grunnskular skal berre vere eit alternativ til det offentlege tilbodet. Men i distrikta kan det private tilbodet no bli det einaste skuletilbodet som finst. Når det private tilbodet i tillegg inneber foreldrebetaling, råkar det òg ved prinsippet om eit gratis skuletilbod, seier Ingvil Bjordal til Nynorsk pressekontor.
Bjordal er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning på NTNU og er leiar for prosjektet Privatisering i og av utdanning.
Bjordal baserer seg mellom anna på nye tal frå SSB, som viser at det i 2025 var 2663 grunnskular i Noreg. 279 av dei var private. Det svarar til elleve prosent av grunnskulane og er ein auke på tre prosentpoeng over ti år. På same tid har talet på offentlege skular gått ned frå 2643 i 2015 til 2384 i 2025, ifølgje SSB.
Bjordal meiner det er fleire samfunnsfenomen som gjer at vi kan vente ei mykje større auke av privatskular i framtida.
– Vi får færre barn og ei eldre befolkning. Samtidig har mange kommunar dårleg økonomi. Det fører til meir sentralisering, både av befolkning og skular, som gjer at vi har fått større og færre offentlege skular.
Flest i vest
Medan talet på offentlege skular har gått ned med 259 frå 2015 til 2025, er det i den same perioden blitt 55 fleire private grunnskular.
Vestland er fylket med flest, og hadde 29 private grunnskular i fjor. Trøndelag hadde 28, medan Rogaland og Akershus hadde 27 kvar.
Også delen elevar som går på private skular, har auka. I 2025 gjekk 5,2 prosent av grunnskuleelevane på private skular, mot 3,5 prosent i 2015. Talet på elevar i private grunnskular steig frå om lag 21.600 til 32.500 i same periode, medan talet på elevar i offentlege skular gjekk ned med nær 12.700.
Demokratisk spørsmål
Førsteamanuensis Ingvil Bjordal seier det skapar uvisse når ein offentleg grunnskule i distrikta blir lagt ned. I fleire tilfelle fører det til mobilisering lokalt for å behalde nærskulen.
– Om det private tilbodet i distrikta blir det einaste skuletilbodet lokalt, blir privatskulen eit kompenserande tilbod, og ikkje nødvendigvis eit tilbod som først og fremst skal bidra til større mangfald, hevdar Bjordal.
Stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet meiner også det er viktig å sikre offentlege skular nær folk.
– Vi meiner utdanninga til borna våre er ei av kjerneoppgåvene til fellesskapen. Vi ønskjer ikkje at grunnutdanning skal handle om marknad og eigarutbytte. Det skal vere kunnskapsformidling til borna våre som står i sentrum, skriv Sande i ein e-post til Nynorsk pressekontor.
Sande meiner difor at private skular først og fremst bør vere eit alternativ for dei som ønskjer eit anna pedagogisk opplegg eller eit særskilt livssyn.
Han peikar på at den offentlege skulen også har ein viktig funksjon utover sjølve undervisninga.
– Den er ein viktig fellesarena for born med ulik bakgrunn og bidreg til å binde oss saman som nasjon, skriv Sande.
– Ingen forskuving
Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Solveig Vestenfor, skriv til Nynorsk pressekontor at partiet er opptekne av å forsvare fellesskulen, og at dei private skulane først og fremst skal utfylle tilbodet i den offentlege skulen. Ho er sjølv tidlegare ordførar i Ål, og har stått i fleire vanskelege debattar om skulestruktur.
Vestenfor er likevel ikkje samd i Bjordal si skildring av situasjonen:
– Det har ikkje vore ei sterk forskuving frå offentlege til private grunnskular. Men eg forstår godt at det er ein krevjande situasjon for ein del kommunar, spesielt dei minste og minst sentrale, som følgje av at demografien endrar seg.
– Dette er vanskelege og krevjande prioriteringar, med mange omsyn ein må vege opp mot kvarandre.
Ifølgje Vestenfor gjorde Arbeidarpartiet i regjering i 2023 endringar i privatskulelova for å styrke vertskommunens eller vertsfylkets påverknad ved behandling av søknader om nye privatskular.
– Saman med dei andre raudgrøne partia, har me styrka kommune- og fylkeskommunanes frie inntekter kraftig dei siste par åra. Korleis skulestrukturen bør sjå ut i den einskilde kommune og fylkeskommunene, meiner vi er opp til lokalpolitikarane å avgjere. Dei ser best korleis kommunen fungerer og har dei beste føresetnadene for å kunne ta desse beslutningane.