nyhende
Professor: – Fleire og farlegare flått i vente
Den utbreidde skogbjørnen er mindre skummel enn ein kanskje kan få inntrykk av. Det betyr ikkje at me skal kimse av flått. Klimaendringane gjer at nye og svært farlege artar snart kan slå seg til her.
Sjå for deg ein åttefota blodsugar som kan overleve i veke etter veke i sju stive kuldegrader. Den lèt seg heller ikkje knekke av ein skikkeleg rundvask på 40 grader i vaskemaskin – og verre – den kan overleve i ein boks i eit kjøleskåp i minst seks år utan korkje mat eller drikke.
Denne ekstremt motstandsdyktige skapningen er ikkje eit monster henta frå science fiction. Han er høgst levande i arbeidskvardagen til Snorre Stuen, som er professor ved NMBU Veterinærhøgskolens seksjon i Sandnes. Stuen har jobba med flått og flåttborne sjukdommar i snart 40 år. Eigenskapane nemnt over tilhøyrer skogflåtten, eller Ixodes ricinus, som han heiter i krinsane til professoren. Det er denne flåttarten som spreier mest smitte til både dyr og menneske her i landet – utan at me skal utløyse den tabloide flåttalarmen av den grunn:
– Flått har eksistert i millionar av år, og forskarar har funne flått frå tida då dinosaurane levde. Og sett i høve til kor mange som mest sannsynleg blir bitne av flått kvart år, er det få som blir alvorleg sjuke. Media har bidrege til å hausse opp risikoen og skape eit skrekkscenario det ikkje er grunnlag for, seier Stuen.
Mange artar
– Begge kan gi alt frå ingen og milde symptom til, i einskilde tilfelle, alvorleg sjukdom. Borrelia kan behandlast med antibiotika, men det er førebels ingen spesifikk behandling mot TBE. Det er derimot ei vaksine mot borreliose under utprøving på menneske. Den skal bli tilgjengeleg om nokre år, seier Stuen.
Eldgammalt nytt
– Varmare og fuktigare vêr kan gi endå meir flått i Noreg framover. Det gjer at me også vil få nye flåttartar med andre smittestoff, og at omfanget av flåttborne sjukdommar vil auke. Sør i Europa vil det derimot bli fleire plassar der det er for tørt for til dømes skogflåtten, seier Stuen.
Flyg med fuglane
– Dei nye flåttartane kjem hovudsakleg til Noreg med trekkfuglar. Ei undersøking synte til dømes at meir enn sju prosent av undersøkt sporvefugl som kjem sørfrå har med seg éin eller fleire flått i fjøra. Det betyr at det i praksis regnar millionar av flått over oss, seier han.
Det er likevel ikkje all ny flått som automatisk overlever på ein ny stad. For at ein ny art skal bli rekna som etablert, må ein påvise alle stadia frå nymfe til larve til vaksen flått i to etterfølgjande år i same område. Det kan nok skje oftare framover, meiner Stuen, om ein ser global oppvarming saman med auka tilgroing og også auka tettleik av hjortedyr, som er vanlege vertsdyr for flått.
I tillegg til trekkfuglane, ber også hjortevilt på vandring med seg flått over landegrensene. Flåtten gøymer seg også på andre dyr me importerer.
– Flåtten Dermacentor albipictus var ein av artane som sat på ein hest som vart importert frå USA. Om denne hadde etablert seg her i landet, kunne det blitt ei katastrofe for hjorteviltet vårt. Dette er den flåtten ein har funne flest av på eitt einskild vertsdyr. På ein rein vart det faktisk påvist meir enn 400.000 individ, seier Stuen.
Farleg jaktflått
– Jaktflåtten kan lukte, og i motsetnad til mange andre flåttartar har dei også auge og kan sjå anslagsvis fem til ti meter framom seg. Ein forskar i Tyrkia hadde ein jaktflått etter seg i 15 minutt medan han bevega seg 500 meter bortover i flatt terreng. Somme jaktflåttar er faktisk målt til å bevege seg 30 centimeter i sekundet. Det er svært raskt for eit dyr som berre er nokre millimeter langt, konstaterer Stuen.
Og meir alvorleg:
– Jaktflåtten er berar av eit virus som kan gi Crimean – Congo Haemorrhagic Fever. Det er ein alvorleg sjukdom for menneske, der det er rapportert om opptil 40 prosent dødelegheit. På dyr gir viruset ingen sjukdom.
Han minner om at både larvar og nymfer av denne arten allereie kjem hit med trekkfuglane:
– Jaktflåtten krev temperaturar godt over 15 grader og lågare luftfukt enn skogflåtten. Om det blir endå varmare her i landet, vil nymfene kunne utvikle seg til vaksen flått, seier Stuen og legg til:
– Det er i dette stadiet flåtten treng blod frå større pattedyr. Menneske inkludert.
Sprett og spring
– Jaktmetoden til forskarane i Tyrkia er enkel. Dei trampar berre hardt på bakken, og då sprett flåtten fram og spring etter dei. Om ein er ute i terrenget utanlands, bør ein difor alltid sjekke seg godt. Både for å unngå å få infeksjonar me enno ikkje har her – men også for å hindre at me tek med nye artar heim.