nyhende

Vestavind 40 år

Margareth Hægland Langebro var redaktør i Vestavind i berre eitt år, men fekk gjennomført fleire store endringar. Mellom anna var det ho som fekk styret med på å flytta kontorlokala til Sveio sentrum.

Redaktøren som fekk gjennomslag for flytting til sentrum

14. oktober 1992 er ein av merkedagane i Vestavind si historie. Då flytta avisa kontora sine frå brakka i Buavåg til nye lokale i Sentrumstorget i Sveio sentrum.

Publisert

Sentrumstorget var eit forretningsbygg ved sida av Sveio Senter. Her fekk Vestavind mellom andre Sparebanken Vest sitt avdelingskontor som nabo. Bygget blei mange år seinare rive for å gi plass til utvidinga av Sveio Senter.

Tok initiativet

Det var avisa sin tredje redaktør, Margareth Hægland Langebro, som tok det initiativet som førte til styrevedtak om flytting kort tid etter at ho blei tilsett sommaren 1991.

Vestavind gjennom 40 år

Vestavind er 40 år i 2026, og i ein serie artiklar vil me gjennom dette året fortelja avisa si historie og presentera ein del av dei personane som i ulike roller og til ulike tider har vore med på å prega utviklinga.

Klikk på taggen VESTAVIND 40 ÅR nedst i saka, så får du opp alle sakene så langt om historien til Vestavind.


– Eg tok opp dette for å sikra meir stabile driftsforhold. Avisa blei trykt hjå Hardanger Folkeblad. Me overførte datafiler med materiale via eit modem til trykkeriet, men telefonlinjene til Buavåg var så dårlege at sambandet var svært ustabilt. Berre det var litt vind mista me kontakten. Det var ikkje få gonger eg måtte hiva meg i bilen og køyra til Odda på kvelds- eller nattetid for å få materialet fram rett tid. Slik kunne me ikkje ha det, seier Langebro.

Ho var elles ikkje den første som hadde vore inne på tanken om flytting. Både den første redaktøren, Eva Marie Sternhoff, og representantar i det første styret i avisselskapet hadde hatt temaet oppe. Og det var ikkje berre på grunn av dårleg datasamband.

– Me blei jo til ei viss grad oppfatta som ei Buavåg-avis. Eg trur ikkje me var det, men plasseringa av kontoret gjorde noko med folk si oppfatning av avisa sin identitet, held Langebro fram.

Åtvara mot kaffistove 

Mykje av stofftilfanget til Vestavind var den gongen som no å finna på kommunehuset. Lettare tilgang til kommunale organ og kommunalt tilsette var også eit argument for flytting. Dessutan var håpet at fleire ville koma innom når kontoret fekk ei meir sentral plassering.  Dette kjem tydleg fram i ei kort sak om flyttinga som sto på trykk i Vestavind 22. oktober 1992.

Slik presenterte Vestavind sjølv flyttinga for lesarane sine i ei nyhendemelding 22. oktober 1992. På bildet ser me frå venstre journalist Svein Olav Hansen, annonsekonsulent Brith Inger Dirdal Engan og redaktør Sigurd O. Larsen. Faksimile.

Då hadde Sigurd O. Larsen nett overtatt som redaktør. Det var såleis han som fekk sluttføra flytteprosessen. Til avisa sa han den gongen:

– Når me nå ligg så sentralt burde det vera lettare for folk å ta turen innom med det dei måtte ha på hjarta. Anten dei har eit godt tips, berre slå av ein prat eller vil få seg ein kopp kaffi.

Samstundes ser det ut til at Larsen ville markera visse grenser frå starten av. Han understreka nemleg at han ikkje såg for seg redaksjonslokalet som ei ny kaffistove!

Lokal motstand

Blant initiativtakarane til Vestavind i Buavåg var det stor motstand mot flyttinga til Sveio. Dei var kjenslemessig sterkt knytt til avisa, og var til saman også den største aksjonærgruppa i selskapet nest etter Haugesunds Avis.

– Det skjedde jo mykje i Buavåg den gongen. Me hadde mange arbeidsplassar og ville gjerne ha fleire. Difor ville me gjerne også halda på Vestavind lengst mogleg, seier Mikal Møller Hovda.

Hovda var den andre styreleiaren i Vestavind AS. Han tok over etter Kåre Bua. Bua har tidlegare i denne artikkelserien fortalt at han gjekk ut av styret etter berre eitt år nettopp fordi spørsmålet om flytting kom opp første gongen. 

Tidlegare styreleiar Mikal Møller Hovda meiner Vestavind ville klart seg i Buavåg også, men innser at samfunnsutviklinga ville ført til flytting før eller seinare uansett.

Hovda var altså også imot flytting. Han fortel at han i si styreleiartid fekk tilbod om å ha kontor i kommunehuset for Vestavind. Det takka han nei til, og grunngjev dette slik:

– Eg var redd for at det lett kunne bli ei «kommunal avis» med for mykje kommunalt stoff. Eg hugsar ikkje om me drøfta dette i styret.

Då styret til slutt sa ja til flytting, hadde no avdøde Bror Eivind Eriksen frå Valevåg tatt over som styreleiar.

– Eg trur Vestavind ville klart seg i Buavåg også. Men slik samfunnsutviklinga har vore, hadde det nok blitt flytting før eller seinare. Og avisa har jo overlevd, seier Mikal Møller Hovda i dag.

Fleire store endringar

Margareth Hægland Langebro var redaktør i Vestavind berre eitt år og fekk altså ikkje vera med på flyttinga til Sveio sentrum.

– Men det var eit svært aktivt år det det skjedde mykje som skulle bli avgjerande for avisa si framtid, fortel ho.

Ein av dei avgjerande omveltingane var at redaktøren overtok ombrekkinga av avisa på skjerm og sende ferdige oppsett til trykkeriet. Dermed gjorde dei seg uavhengige av typografane i Odda og sparte dermed rundt 40 prosent av trykkekostnadene.

– Det var veldig motstand mot dette blant typografane. Men Tysvær Bygdeblad, der eg hadde jobba tidlegare, hadde gått føre og gjort det same før 1990. Eg tok difor med meg erfaringane frå Tysvær. Og Hardanger Folkeblad ville jo gjerne ha inntektene frå trykking av avisene, sjølv om typografane protesterte.

I same avis som flyttinga til Sveio sentrum blei omtala (22. oktober 1992), var det også bilde og ei kort sak om elevane ved Markeds- og Mediaskolen som starta opp med telefonsal for Vestavind. Faksimile

Noko av det første Langebro sette i verk då ho kom til Vestavind, var ein kampanje for å auka talet på abonnentar.

– Eg fekk kontakt med Markeds- og Mediaskolen, som starta med telefonsal. Det var relativt nytt den gongen. Eg var sjølv med på å ringa rundt til sveibuar for å spørja om dei ville bli abonnentar. Og det verka, fortel ho.

Nye medarbeidarar

Auke i talet på abonnentar og innsparte kostnader til trykking var ikkje berre med på å dekka høgare husleigeutgifter i Sveio sentrum, men gav også rom for å knyta til seg gleire redaksjonelle medarbeidarar.

Svein Olav Hansen kom inn som frilansar, mellom anna med fotballstoff. Han blei etter kvart tilsett som journalist og seinare redaktør i ein periode. Irene Jacobsen kom også inn som frilansar i denne perioden, fortel Langebro. Jacobsen blei seinare redaktør i Vestavind i ein fireårsperiode.

– Kampen for einerom

– Det var kjekt å arbeida i Sveio, og stort engasjement blant innbyggjarane, seier Langebro.

Blant sakene som prega innhaldet i Vestavind den gongen, var blant anna kampen for enkeltrom på sjukeheimen. Den profilerte lokalpolitikaren og gründeren Walter Jacobsen var den fremste forkjemparen. Han fekk Langebro god kontakt med.

– Reportasjane våre utløyste også saker nasjonalt, fortel ho.

Det var i denne tida Framstegspartiet fekk Stortinget med på den såkalla eldremilliarden for å opprusta eldreomsorga over heile landet.

– Utruleg lærerikt

Kort tid etter at ho som 23-åring var tilsett som redaktør i Vestavind, blei ho intervjua i eit program på NRK 2 der det kom fram at ho den gongen var landets yngste avisredaktør. Seinare er ho blitt godt kjent på Haugalandet som mangeårig redaktør i TVHaugaland. No er Langebro kommunikasjonssjef i Karmøy kommune. 

Når ho ser tilbake, meiner ho året i Sveio var svært viktig for karriereutviklinga hennar.

– Det var utruleg lærerikt, både med omsyn til lokaldemokrati, integritet og ansvar. Lokalavisene blir viktigare og viktigare. Eg tilrår alle å arbeida ein periode i lokalavis der ein må læra å vera allrounder, seier ho.

Powered by Labrador CMS