nyhende
Send oss dine VM-bilde!
VM-feberen stig fram mot kveldens kamp mellom Noreg og Frankrike. Send dine VM-bilde frå før, under og etter kampen til tips@vestavind.no.
I Førde blir det tidleg i kveld roing på stranda som oppvarming. Der har dei sikra seg kommunen sin kaptein til å slå på stortromma.
Vestavind har også avtale med ein annan kommune-kaptein som er på plass i USA og skal sjå kampen. Går alt bra får me bilde frå kamparenaen.
Me fyller albumet med lesarane sine bilde utover kvelden.
Slik gjer du det:
Send bildet/bilda til tips@vestavind.no i høgast mogeleg oppløysing. Vel «Faktisk størrelse» eller «Stor størrelse» om du får det som alternativ på mailen.
Hugs å skriva namn på fotograf, kvar bildet er tatt, kva og kven som er på bildet. Skriv namn frå venstre mot høgre.
Hugs å spørja personar som er med på bildet om det er greitt at du sender det inn.
Ha ein strålande VM-kveld!