nyhende
Silje dukka opp med ny musikk
Sist helg var det fullt hus og god stemning på den gamle «Slippen» i Auklandshamn. På scena sto ein 27 år gamal songfugl.
Eigentleg var Silje Bie Helgesen med artistnamnet Deah berre oppvarming for meir kjende Paul Hansen med fortid frå Vamp, Blest og Cortina. Men 27-åringen, som er fødd på Stegaberg, greip sjansen då ho blei invitert til å synge saman med gitarist Magnus Fosen.
– Det var stas og veldig god stemning. Magnus og eg fekk ikkje tid til så mange øvingar, men folk klappa og skrytte etterpå. Det er ekstra kjekt sidan eg har skrive songane sjølv og fått spelt inn eit par av dei i studio i Oslo. Den eine songen «Don´t you» slapp eg like før ferien, og dette var første gongen eg spelte den for eit slikt publikum, seier Silje.
– Ei ekte Tysvær-jente, fekk me tips om?
– Ja, det stemmer. Eg er oppvaksen på Stegaberg og budde der i mine fem første år. Dei siste åra har eg vore mest på Austlandet, mellom anna gjekk eg på Ås og tok Master i eigendom og jus ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet. Ved sidan av har det vore mykje musikk og song. Eg har vore med på revyar og i koret Ivar, som har sunge på mellom anna festivalar. Det har vore ein viktig del av livet mitt, seier ho.
Silje Bie Helgesen fekk mykje skryt frå eit lyttande publikum då ho presenterte sin sjølvskriven låtar i Auklandshamn.
Stas
Å få spele på «Slippen» var litt tilfeldig. Ho kontakta arrangøren og spurt om det var mogleg å få synge eit par av sine eigen songar på sommarkonserten.
– Familien min har sterke band til Auklandshamn, og dei bur der i det som er ei fantastisk flott bygd. Desse konsertane dei har på «Slippen» er veldig stas. Så då eg fekk ja blei eg veldig glad, men også litt nervøs. Men det gjekk bra.
– Det gjekk veldig bra. Kva tenker du om responsen?
– Først tenkte eg at dei var hyggelege med meg, men så fekk me ein slags god kjemi. Som sagt hadde me ikkje fått øvd så mykje, så litt skurr var det, men folk klappa og kom med ros. Eg er svært takksam for dette, var nesten som å spele heime.
– Alle i salen kan vel ikkje ha vore slekt og venner?
– He, he. Nei, det var mange eg aldri hadde sett som kom og gav meg ros. Det er viktig når ein driv med musikk, for det er litt skummelt å gi ut eigne låtar.
Open
Silje veit svært godt at det å leve av musikk, og ikkje minst slå gjennom, er vanskeleg.
– Det veit eg og det stressar meg ikkje. Eg har ein god jobb, så dette er på ein måte ein hobby som eg brukar mykje tid på. Eg er heldig og er i eit miljø i Oslo med mange dyktige folk som både spelar og driv med det meir tekniske. Det er eit trygt miljø der alle vil hjelpe kvarandre. I tillegg er Oslo ein stad med mange små konsertscener kor dei slepp til nye namn. Ikkje minst handlar det om timing, det å treffe på dei rette folka og få spele der arrangørar og andre i bransjen lyttar til ny musikk. Ein ting eg har tenkt på etter konserten i Auklandshamn, er at dette er viktig erfaring. Å stå på ei scene med berre ein gitarist framfor eit lyttande publikum, det kan vere nyttig å ha i bagasjen, seier Silje Bie Helgesen.
Ho sette også stor pris på skryt frå Paul Hansen.
– Han var utruleg flink og profesjonell. At han kom bort og roste oss var stas, og han hadde slett ikkje trengt å gjere det om han ikkje likte det me serverte. Men han meinte det og det skal eg også lagre i minnet. For når ein lager musikk så er det opp- og nedturar. Det kan eg love.
– Dei var på engelsk alle låtane…
– Ja, men dei først songane eg skreiv var på norsk. Litt sånn viser og slikt. Har alltid skrevet songar og likt å synge, så sjansen for norske tekster er til stades. Men nå har eg laga fire engelsk språklege som heng litt saman. Er veldig stolt, og akkurat nå veldig glad for responsen, avsluttar Silje, som ein sjølvsagt kan følgje tett både på Instagram og Snapchat. Låta «Don´t you» ligg også ute på Spotify.