nyhende

Dagleg leiar i Dueland Bilservice i Haugesund, Silje Dueland reduserte sjukefråværet frå 30 % til 3 %. No deler ho sine erfaringar.

Silje reduserte sjukefråværet frå 30 til 3 prosent: – Det gjekk opp eit lys for meg

Ferske tal frå Nav viser at sjukefråværet i Noreg framleis er ei stor utfordring. Dagleg leiar i Dueland Bilservice i Haugesund, Silje Dueland klarte å knekka koden.

Publisert

I 2022 var Silje Dueland akkurat tilsett som ny dagleg leiar i bedrifta Dueland Bilservice. Planen var å ta tak i ting og få bedrifta på ein god kurs.

Men det vart fort mykje å gjera på verkstaden, og plutseleg stod ho midt i ein situasjon der 30 prosent av dei tilsette var sjukmeldt på same tid.

Kort oppsummert

  • Silje Dueland vart dagleg leiar i Dueland Bilservice i 2022. Kort tid etter var 30 prosent av dei tilsette sjukmeldte, noko som gav press på drift, økonomi og arbeidsmiljø.
  • Eit relevant tema i saka er korleis leiing og oppfølging kan påverka sjukefråvær. Dueland fortel at ho kjende seg motlaus, men fann etter kvart ein annan måte å møta utfordringa på.
  • Nav-tal viser at Noreg framleis har svært høgt sjukefråvær samanlikna med andre nordiske land. Statistikksjef Ulf Andersen peikar på at meir nærvær, psykologisk tryggleik og tidleg dialog kan vera viktig.
  • Dueland fekk hjelp frå bedriftshelsetenesta og tok i bruk ekspertbistand og fysioterapeut. Samstundes byrja ho å sjå dei tilsette tettare og vera meir open som leiar.
  • På under to år gjekk sjukefråværet i bedrifta ned frå 30 til 3 prosent. Ho meiner tillit, empati og løysingar for å halda folk i arbeid er avgjerande, sjølv om det ikkje finst ei enkel oppskrift.

Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.

– Vi hadde både fysiske skader og sjukdom, også balla det litt på seg. Eg trur det er enklare å sjukmelda seg om det allereie er nokon som er sjukmeld frå før, seier Dueland.

I ei lita bedrift blir prosentandelen fort høg, og fråværet får konsekvensar for både økonomien og arbeidsmiljøet.

– Ein taper inntekt. Det er ein marknad med stor konkurranse, så ein mistar fort mange kundar. Det blir meir arbeid på dei som står att, og ein risikerer å slita dei ut. Det kan fort skapa dårleg stemning, seier ho.

– Kva tenkte du når dette stod på?

– Eg kjende meg veldig motlaus, og tenkte nok heilt ærleg at her hadde eg kome inn som ny leiar som skulle ta tak i ting, også gjekk det så feil veg. Eg lurte jo på om det var eg som var problemet, seier ho.

Klart høgast sjukefråvær i Norden

Dueland er slett ikkje åleine som leiar om å streva med høgt sjukefråvær på arbeidsplassen. Noreg har nemleg det høgste sjukefråværet i heile Norden.

– Vi er heilt i toppen i verda når det gjeld fråvær knytt til sjukdom. Heile 39 millionar dagsverk gjekk tapt til sjukefråvær i 2025, seier statistikksjef i Nav, Ulf Andersen i sitt foredrag under Sykefraværskonferansen torsdag føremiddag.

Andersen fortel at han har leita lenge etter noko som kan tilseia at det norske folk har dårlegare helse og dermed eit større behov for sjukmelding, men all forsking og statistikk talar i mot.

Heile 39 millionar dagsverk gjekk tapt til sjukefråvær i 2025, sa statistikksjef i Nav, Ulf Andersen i sitt foredrag under Sykefraværkonferansen.

– Nordmenn har gjennomgåande god folkehelse, eit av verdas beste helsevesen, og lever gode liv i eit rikt og trygt land, seier han.

Likevel kjem altså Noreg klart dårlegast ut i Norden, og det handlar heller ikkje om ein er fødd her eller ei.

– For kva skjer når andre nasjonalitetar kjem til oss for å arbeide? Dei blir like sjuke som oss, seier han og peikar på sjukelønnsordninga.

– Om vi ønskjer å halde på ordninga må vi få ned fråværet, slår han fast.

Går folk til lege før til leiaren sin?

Tal frå Nav viser at 60 prosent av korttidssjukemelde kjem tilbake på jobb på måndagar. Ifølgje Andersen samsvarar dette med ein mykje brukt praksis blant legar der ein gir sjukmelding «til og med ut neste veke».

– Dersom tilsette heller hadde kome tilbake når dei faktisk kjende seg friske, i staden for «neste måndag», så kunne ein spart inn 865.000 dagsverk, seier han.

Det er ikkje fysiske skadar og sjukdom som er årsaka til dei fleste sjukmeldingane i Noreg. Diagnosane som held fram med å auka er innan kategorien trøyttleik/slappheit.

– Den største årsaka er utbrentheit som følgje av periodar der «livet buttar i mot». Korleis skal ein behandla det like effektivt?

Andersen mistenkjer at folk heller vel å gå direkte til legen før dei har snakka med leiaren sin.

– Difor må leiarar jobba med nærvær og psykologisk tryggleik, seier statistikksjefen.

Må sjå dei tilsette

Silje Dueland er ein leiar som har prøvd nettopp dette med gode resultat. På under to år klarte ho å redusera sjukefråværet frå 30 prosent til 3 prosent.

Løysinga meiner ho var å aktivt setja fokus på å sjå sine tilsette og å vera open med dei om seg sjølv også for å skapa ein trygg relasjon.

– Først var eg veldig oppgitt, men vi hadde akkurat bytt til ei ny bedriftshelseteneste som uoppfordra kalla meg inn til ein samtale der eg fekk lufta mine bekymringar. Då skjøna eg kor godt det var at nokon såg meg, seier ho.

Nokre av tiltaka Dueland då sette i gang var å skaffa ekspertbistand og hjelp frå bedriftshelsetenesta under arbeidsutprøvinga. Mellom anna fekk dei ein fysioterapeut som skulle hjelpa dei tilsette. Nav hjelpte til med å søka tilskot til denne bistanden.

Det viktigaste var jobben med å sjå medarbeidarane sine.

– Det gjekk opp eit lys for meg. Som ny leiar hadde eg drukna i arbeid og gløymd litt å sjå dei tilsette i forkant, vedgår ho.

– Berre menneske

No oppfordrar ho andre leiarar i same situasjon om å ikkje vera så redde for å mista autoritet ved å dela meir av seg sjølv.

– Vis dine tilsette at du sjølv også er eit menneske, med oppturar og nedturar og alt som høyrer med, seier ho og legg til:

– For tilliten du treng for at medarbeidarane faktisk skal koma til deg som leiar før dei går til legen kjem ikkje av at du berre seier det til dei, ho kjem av at du viser at du er ein trygg person å gå til.

Ho er likevel klar på at det ikkje finst ein enkel fasit.

– Folk blir jo sjuke, og alle arbeidsplassar og menneske er forskjellige. Men eg trur det kan gjelda dei aller fleste stader at den næraste leiaren må vera tettare på sine tilsette, seier Dueland.

Ho trur også på førebyggjande arbeid som å gi dei tilsette god nok informasjon i forkant.

– Lær dei tilsette opp. Får du ei sjukmelding, så er den eigentleg berre eit bevis på at du har krav på sjukepengar, det betyr ikkje at du må vera heime heile tida. Det finst moglegheiter for å framleis koma på jobb om kroppen tillèt det. Det går an å finna løysingar, seier ho.

I ettertid er det mange som har kontakta ho for å få råd om korleis ein som leiar best mogleg skal handtere utfordringar med høgt sjukefråvær.

– Det viktigaste eg sit att med etter den perioden er at det berre er menneske vi jobbar med. Alle går gjennom periodar som kan vera tyngre enn andre. Om ein klarar å ha litt forståing, empati og tolmod, så ordnar det seg til slutt, seier Dueland.

Powered by Labrador CMS