nyhende

Barken på dette gamle grantreet har lange og store bork-skjel med djupe furer mellom dei. Gamle tre har typisk grov bark langt opp på stammen. Ein tommelfingerregel er at nedre halvdel av lengda på treet er dekt av grov bark.

Slik gjer du skogsturen til eit eventyr

Det gamle trikset med å telje årringar på stubbar for å anslå alderen på eit tre er truleg velkjent blant mange. Men treet treng ikkje vere felt for at hobbyforskarar kan bedømme treets alder.

Publisert

– Alle kan lære seg triksa for å kjenne att gamle tre, men det krev litt trening, seier skogforskar Eivind Handegard i Nibio til Nynorsk pressekontor.

Når furua blir verkeleg gammal ser ein både grov bork-struktur, hengande krone og vridd vekst. Her er ei furu på over 400 år.

Handegard er mannen bak skrivet Feltguide for gamle bartrær kor han lærer oss enkle triks for å finne «gamlingane» i faunaen vår.

Alternativ sommaraktivitet

Sommarferien er for mange familietid. Når ein skal fylle opp timeplanen saman med barna i sommar kan jakt på gamle tre vere ein alternativ aktivitet.

– Barn er veldig ulike, men det å oppfordre til litt nysgjerrigheit og få dei til å sjå seg rundt trur eg er veldig bra for mange, seier Handegard.

Ein treng heller ikkje oppsøkje spesifikke skogsmiljø for å finne dei gamle trea. For dei kan vere nærmast over alt, men …

– Det er heilt klart vanskelegare å finne dei gamle trea. Berre to til tre prosent av skogen i Noreg er eldre enn 160 år, men trea er spreidde litt rundt omkring, fortel skogforskaren.

– Du kan finne eldre tre i eit felt med mange unge, og grunnen til det kan vere at eit tre var for krokete eller hadde «dårleg» fasong då tømmerhoggaren felte tre der for 150 år sidan, legg han til.

I tillegg er òg terrenget ein faktor.

– Ein kan vente å finne fleire gamle tre i grisgrendte område og bratte skråningar. Typisk terreng som ein til dømes finn på Vestlandet. Rett og slett område der det har vore vanskeleg å komme til for å hogge.

Når trea blir eldre så blir retninga på veksten meir høgrevridd. Dette fenomenet er lettast å sjå på døde tre, men vridd vekst på levande tre kan vere synleg på bork-lause flekkar på treet eller under barken ved ekstreme tilfelle.

Bork er sikraste teikn

For å kjenne at eit bartre er gammalt er det bork-strukturen som er det enklaste kjenneteiknet.

– Borken er tydelegaste kjenneteikn både hos gran og furu. Når trea er unge har dei veldig glatt bork. Når dei blir gamle blir borken skikkeleg grov. Ekte panserbork, seier skogforskar Handegard.

Hos furua er og trekrona eit sikkert kjenneteikn på at trea har eit langt liv bak seg.

– Når furua blir gammal sluttar ho å vekse rett oppover. Krona bøyer seg nedover og greinene heng, seier Eivind Handegard.

Men òg fargen kan vere eit kjenneteikn på kor gammalt treet er. Unge tre er ofte brunare i borken. Medan fargen hos dei eldre er litt meir falma. Dersom det regnar eller er fuktig i skogen er ikkje bork-fargen eit kjenneteikn ein bør stole for mykje på – då blir nemleg også dei gamle trea brunare.

– Men òg tjukna på greinene og vinkelen på dei kan vere kjenneteikn. Det viktigaste er heilskapen: bork-struktur, bork-farge, kroneform, greinvinkel og greintjukna bør sjåast i samanheng. Dess fleire kjenneteikn som slår ut dess sikrare blir aldersanslaget, slår Handegard fast.

Stubbane gir fakta

Så kva med det gamle trikset med å telje årringar på stubbane. Gir det korrekt aldersinformasjon?

Eivind Handegard har laga ein eigen feltguide for gamle tre.

– Det fungerer veldig bra, men det krev jo sjølvsagt at treet allereie er felt. Årringane er vekstlaga til treet, og i Norden har vi tydelege sesongar som gjer at treet dannar ein årring per år. Teljemetoden gir oss fasiten vi er ute etter, fortel Handegard.

Bork-fargen er òg eit kjenneteikn på alder. Barken her har ein lys gråfarge som delvis har komme til som ein del av aldringa. Treet her er anslått til å vere 225 år.
Her ser vi ei gran på cirka 90 år.
Eldre tre får typisk nedoverbøygde greiner og meir særprega kroneform. Vurder heile krona, ikkje berre toppskotet. Som vist med dette treet kan toppen knekke og då kan ei sidegrein vekse opp med spiss form.
På eldre tre ser ein store tydelege bork-plater som ofte har vakse tett saman. Platene kan få ein nokså glatt overflate på midten. Barken blir mest utvikla på nedre halvdel av stammen. Dette treet er anslått til å vere rundt 296 år gammalt.
Kraftige greiner kan tyde på høgare alder, men det bør sjåast i samanheng med andre kjenneteikn ettersom tre som står i ope lende kan utvikle tjukke greiner tidleg.




Bork-platene på denne furua er tynne. Det er stor avstand i furene mellom bork-platene – det er eit teikn på at treet framleis er i rask vekst. Barken er litt ru når du tek på han. Treet her er cirka 86 år.


Stammen på denne grana har ei relativt jamn overflate, og berre antyding til sprokken bark. Teksturen på barken kan minne om endane på papirserviettar. Denne «ungdommen» er berre 47 år.
Når trea er relativt unge har framleis ikkje høgdeveksten stagnert, og difor står krona rett opp.
Gamle og unge tre kan stå like i nærleiken av kvarandre i den norske faunaen.
Powered by Labrador CMS