nyhende
Sommar på sjøen? Dette bør du tenkje på
Drukningsdødsfalla blei nesten halverte frå 2024 til 2025. No før sommarferien minner Sjøfartsdirektoratet om at dei fleste alvorlege ulykkene skjer nær land og i kjende farvatn.
Talet på drukningsulykker i Noreg gjekk kraftig ned i fjor. Då omkom 49 personar av drukning, mot 95 året før. Det svarar til ein nedgang på 48 prosent, ifølgje ei oversikt frå Redningsselskapet.
Særleg fritidsbåtulykkene har hatt ein markant nedgang.
Sjølv om utviklinga er positiv, vil ikkje Sjøfartsdirektoratet konkludere med éi årsak for den positive trenden.
– Tala svingar betydeleg frå år til år, og det er vanskeleg å peike på éi enkeltårsak til utviklinga. I 2024 omkom 40 personar, det høgaste talet på om lag 20 år, medan 18 personar omkom i 2025 – det lågaste talet sidan registreringa starta i 2001, seier Siv Haugvaldstad Bygnes, seniorrådgjevar i Seksjon for fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet.
Pandemibåtar
Under koronapandemien blei det selt rekordmange fritidsbåtar. Mange frykta at fleire uerfarne båtførarar ville føre til fleire alvorlege ulykker. Trass i auken i salet av fritidsbåtar, blei det ikkje ei varig endring i ulykkesutviklinga, ifølgje Bygnes i Sjøfartsdirektoratet.
Tal frå Redningsselskapet viser at det var 86 drukningsulykker i 2019, 87 i 2020, 75 i 2021 og 89 i 2022.
– Fleire fekk interesse for båtlivet, samstundes som det har vore eit vedvarande fokus på sjøvett og tryggleik, seier Bygnes.
Ho meiner det er meir relevant å snakke om ei gradvis kulturendring der tryggleik, opplæring og ansvarleg ferdsel har fått større plass enn å knyte utviklinga direkte til det store båtsalet.
Redningsvest kan vere avgjerande
Sjøfartsdirektoratet meiner fleire forhold kan ha ført til den positive utviklinga.
– Over tid har det vore ei sterkare interesse for tryggleik til sjøs. Informasjonskampanjar, krav til båtførarbevis, auka bruk av redningsvest og større merksemd kring risikofaktorar som alkoholbruk og ferdsel åleine kan ha verka positivt, meiner Bygnes.
Andre tryggingstiltak og nye krav har kome dei siste åra, som kan ha bidrege, mellom anna at førarar av fritidsbåtar som kan gå i 50 knop eller meir må ha høghastigheitsbevis.
Likevel er det for tidleg å seie kva effekt slike tiltak har hatt på ulykkestala, men eitt tiltak skil seg ut.
– Redningsvest er framleis noko av det viktigaste. Statistikken viser at mange av dei som omkjem i fritidsbåtulykker ikkje brukar vest, seier Bygnes.
Alkohol aukar risikoen
Sjøfartsdirektoratet trekkjer fram alkohol som ein kjend risikofaktor ved alvorlege båtulykker.
– Det er dessverre mange alvorlege ulykker der alkohol eller andre rusmiddel er ein medverkande faktor, både når båten er i fart og når han ligg fortøydd, seier Bygnes.
Promillegrensa for fritidsbåtar under 15 meter er 0,8, men direktoratet sitt råd er å vere edru som båtførar.
Råd til båtferien
Drukningstatistikken frå i fjor viser at juli var den mest ulykkesutsette månaden med 15 dødsfall. Når båtsesongen no er i full gang, oppmodar Sjøfartsdirektoratet folk til å ta enkle forholdsreglar.
– Før ein legg ut på båtferie, er det viktig å sørgje for at både båten og mannskapet er godt førebudde. Mange ulykker skjer som følgje av manglande planlegging eller undervurdering av forholda, understrekar Bygnes.
Båtførarar må sjekke vêrmeldingane, kjenne farvatnet dei skal ferdast i og sørgje for at båten er i god teknisk stand. Alt nødvendig tryggingsutstyr bør vere om bord og lett tilgjengeleg.
Bygnes oppmodar alle til å ta på redningsvesten før dei går ut på bryggja.
– Gode vanar og enkle tryggingstiltak kan vera avgjerande. Redningsvesten kan utgjera skilnaden mellom liv og død dersom ulykka er ute.
Direktoratet tilrår også å ha vasstett kommunikasjonsutstyr om bord, og å sørgje for at det er mogleg å kome seg opp i båten igjen dersom nokon fell over bord.
– Det viktigaste rådet er å ikkje ta unødige sjansar. Dei fleste alvorlege ulykkene skjer nær land, i kjende farvatn og under tilsynelatande udramatiske forhold, seier Siv Haugvaldstad Bygnes i Sjørfartsdirektoratet.