nyhende

Øyvind Flatnes fann stoff til utvandringsbok i farfar si «amerikakiste». – Farfar si amerikakiste opna porten til ei verd eg ikkje ante eksisterte, skriv han i forordet til boka.

«Verden e liten...»

Det er lett å få ei slik kjensle av boka «Siste brevet fra Saskatchewan», skriven av Øyvind Flatnes. Boka kom i butikken rett før jul med ei utruleg spennande historie. 

Publisert

Lokale stemmer

Vestavind har invitert lokale stemmer til å vera faste skribentar. Dei kan skriva om kva dei vil. Denne gongen er det Jorun Skåden sin tur.

Klikkar du på taggen LOKALE STEMMER nedst i saka, får du opp alle sakene i serien.

Flatnes, dette vesle neset som stikk fram i Ålfjorden med sjø på mest alle kantar, har vore og  er ferieparadiset for mange på Haugalandet. At Flatnes høyrde til Skjold før i tida var godt kjent, og at det berre var kjerreveg eller sti som gjekk fra Flatnes til Våga, var og noko ein visste. Sjøen var altså vegen, og dermed var det meste av aktiviteten retta mot aust.

Tenk at her budde over 50 personar på det meste, fordelt på to hovudbruk og seks husmannsplassar på slutten av 1800-talet. Risvik var ein av desse husmannsplassane. Etterkvart vart det lite å dela på, jordlappane strakk ikkje til etterkvart som nye generasjonar kom til.

Under utvandringa til Amerika på 1800-talet, og så tidleg på 1900-talet, var det fleire frå Flatnes som vart gode naboar i Amerika, nær grensa til Canada. Her var også folk frå Eileraas og Kvalvågnes.

Det var andre storleikar på gardane i Amerika. Her var det ikkje karrige små åkerlappar til kvar familie. Nei, store endelause vidder, kalla farm. Her var det ikkje berre ein hest, eller to, som drog plogen. Her var seks til åtte hestar framfor plogen. 

I dag er det framleis full drift på garden på Flatnes med moderne drift, med fjøs der kyrne vel sjølv når dei vil bli mjølka. Og at denne eine vesle husmannsplassen Risvik har vore mitt paradis sidan eg som student  i Stavanger var med og kjøpte plassen på 70-talet, gjer denne historia ekstra interessant. Og så artig å oppleva at næraste nabo kjem frå nærområdet til Saskathewan. Der har ho vakse opp med besteforeldre som hadde norske farmerar som naboar. «Verden e liten...»

Risvik er ein kjær plass både sommar og vinter, i feriar eller heile året. I dei siste åra har fleire og fleire undra seg over alle tuftene som ligg i solvendte liar mot sjøen. Her ligg større og mindre hustufter, nokre rasa saman. Ungane som veks opp her, har stor glede av desse tydelege spora etter menneske som har hatt sin buplass nettopp her.  

Midt i ruinane, finn me ein jordkjellar som er god som ny. Her kikkar me inn og kanskje kryp inn for å prøva jordkjellaren. Her bur også nissen til jul. Nissen blei forresten nettopp henta inn for å stå på lager til neste år. Blant desse gamle tuftene er det fint å ta ut ved. Her blir lyst og fint og mykje betre beite for sauene som tilhøyrer bonden på Våga. Vekster har blitt til høge kraftige tre og omsluttar jordkjellaren med sine kraftige røter. Nett som den passar på at ikkje jordkjellaren rasar saman.

Ganske sikkert er desse hustuftene frå forfedrene til dei på Flatnes som drog til Amerika på 1800-talet?

Boka til Øyvind Flatnes har gitt oss noko å tenkja på, og gitt oss innblikk i ei spennande historie.

At Flatnes av alle ting også var skyteskive og treningsfelt for tyskarane under 2. verdskrig, er heilt utruleg. Folket på Flatnes fekk tid til å flytta folk og fe innover i skogen, medan kulene frå tyske gevær streifa haugane på Flatnes. Tyskarane låg altså på Skjold-sida av fjorden og trena på blinken som var Flatnes. Her vart funne kulerestar blant anna på Finnsberg.

Det var små kår langs heile vestlandskysten, så mange frå vårt område gjorde som flatnesbuen, emigrerte til Amerika. Som ungar opplevde me mest kvar sommar at slektningar frå Amerika kom på besøk for å sjå plassen der deira forfedre hadde budd.

På Haugland i gamle Valestrand vart me ropa på når desse slektningane kom på besøk. Me sat rundt stovebordet hos besteforeldra våre og snakka engelsk det beste me kunne. Det eg minnest var at damene frå Amerika ofte hadde lilla hårfarge. Hugsa dei okka og bar seg over kor fantastisk det var å få koma og sjå, spesielt tømmerstova der forfedrane deira hadde budd.

Får litt tankar i desse moderne tider. Immigrantane den gongen kom stort sett til eit gjestmildt kontinent for å prøva lukka. Likevel hadde ikkje farmarane alltid  like gode kår i Amerika, som boka her fortel. Fleire familiar for slik over grensa til Canada. Slik kom flatnesbuen til Saskatchewan. 

I dag vert innvandrarar kjeppjaga ut av Amerika. Studentar frå heile verda som har studert ved prestisjetunge universitet, blir nærast avskremde og vel andre løysingar. Kva verd lever me i?

Flatnes i ei moderne tid er eit ferieparadis for mange haugalendingar og andre. Innbyggartalet har auka betrakteleg. Her nyt ein si beste tid. Det moderne Flatnes er også Sveiofestivalen, Våga Bistro og Vågakiosken!

Ei rivande utvikling som bygger på ei svært interessant og spennande historie.

Jorunn Skåden (72) bur på Flatnes, er tidlegare ordførar i Sveio, golfentusiast og trimleiar.




Powered by Labrador CMS