nyhende
Vestlandet treng ein våt haust
Lite snø og låge vassmagasin har svekt kraftbalansen. No er haustregnet den viktigaste faktoren for korleis straumvinteren blir for Vestlandet og resten av Sør-Noreg.
– Gassprisane er no meir enn dobbelt så høge enn det som var normalt for nokre år sidan, mellom anna som følgje av dei pågåande krigane. Dette gir høge kostnader for gasskraftproduksjon, og gasskraft trengst særleg om vinteren på kontinentet, når produksjonen frå vind- og solkraft i periodar er lågare enn normalt. I tillegg gjer fyllingsgraden i norske vassmagasin situasjonen ekstra sårbar no, seier Olav Botnen, kraftanalytikar i Volt Power Analytics, til Nynorsk pressekontor.
Fyllingsgraden i dei norske vassmagasina var 62,8 prosent i veke 31, ein auke på eitt prosentpoeng frå veka før, men nivået er framleis det lågaste for årstida. For prisområda for Vestlandet, Sørlandet og Midt-Noreg er fyllingsgraden den lågaste på over 20 år.
Botnen peikar på at marknaden ventar høge kraftprisar i Sør-Noreg, særleg i prisområda for Aust-Noreg, Sørlandet og Vestlandet.
Større påverknad frå kontinentet
Særleg er Sør-Noreg utsett. Lite nedbør gjennom førre vinter gir ringverknader no.
– Normalt har landsdelen eit strukturelt kraftoverskot på rundt 10 TWh, som fungerer som ein buffer i normale år. No er denne bufferen i praksis meir enn brukt opp, og på eitt års sikt kan vi forvente at Sør-Noreg må importere om lag 5 TWh meir kraft enn regionen eksporterer for å halde magasinbalansen på eit forsvarleg nivå.
Det betyr at Sør-Noreg i større grad blir påverka av dei høge kraftprisane på kontinentet, og at marknaden forventar høgare prisar gjennom heile vinteren.
Utesta utanlandskablar
På Vestlandet er underskotet rundt 4 TWh. Det betyr at regionen går inn mot hausten med mindre vatn enn det som er vanleg. Men fyllingsgraden seier berre noko om gjennomsnittet, fortel Anders Lie Brenna, redaktør i Energi Watch.
Bak tala for fyllingsgraden ligg over tusen ulike magasin med heilt ulike funksjonar. Nokre lagrar vatn i timar eller dagar, andre gjennom ein sesong, medan rundt 20 er fleirårsmagasin.
Produsentane av desse må balansere fleire omsyn samtidig. Sparer dei for mykje vatn, aukar risikoen for flaum når snøen smeltar. Tappar dei for mykje, kan dei gå inn i vinteren med for lite reserve.
– Målet er å treffe best mogleg. Vi må ha nok vatn til vinteren, men samtidig ha tappa magasina passe mykje før snøsmeltinga, seier Lie Brenna til Nynorsk pressekontor.
Utanlandskablane er framleis eit av dei mest omdiskuterte temaa i kraftdebatten. Føremålet med kablane er å sikre forsyning i tørre år ved å gjere det mogleg å importere kraft når Noreg manglar eigen produksjon.
Problemet er at systemet enno ikkje har vore skikkeleg testa i eit alvorleg tørrår.
– Kablane er bygde for situasjonar der vi verkeleg treng hjelp. Det har vi ikkje fått prøvd sidan dei kom.
Noregspris har skjerma hushalda - til no
Noregspris har i stor grad skjerma hushalda mot dei høgaste straumprisane, men ordninga kostar staten mykje pengar.
– Ho har gjort eit stort innhogg i statsbudsjettet, seier Lie Brenna.
Regjeringa har varsla ei ny utforming av Noregspris i samband med statsbudsjettet, men detaljane er framleis ikkje klare.
Modellen skal ta omsyn både til historiske og venta straumprisar. Dersom marknaden peikar mot svært høge prisar, kan styresmaktene bli pressa til å justere nivået.
– Dette blir eit av dei mest spennande spørsmåla når statsbudsjettet blir lagt fram.
Olav Botnen i Volt Power Analytics reknar med at Noregspris vil koste staten meir komande vinter enn førre vinter. På kort sikt meiner han at handlingsrommet er avgrensa.
– Noreg kan i liten grad påverke vêret eller dei internasjonale gassprisane, som er dei viktigaste årsakene til situasjonen i dag, med høge marknadsprisar i Sør-Noreg framover, seier Botnen.
Håp om ein våt haust
Situasjonen er ikkje fastlåst. Vassmagasina blir normalt fylte opp to gonger i året: når snøen smeltar om våren, og gjennom haustregnet.
– Mange gonger har vi vore urolege seint på sommaren, men så kjem ein våt haust og reddar situasjonen, seier Lie Brenna.
Difor er utviklinga framover heilt avhengig av vêret. Blir hausten våt og vinteren mild, kan situasjonen betre seg raskt. Blir hausten derimot tørr og vinteren kald, kan straumprisane bli langt høgare.
– Vi er i ein situasjon som framleis kan reddast. Energisystemet er i stor grad vêrstyrt. Vêret kan snu, og då kan mykje endre seg. Men det finst òg ein reell risiko for at utviklinga går i feil retning. Vestlendingane bør ønskje seg ein skikkeleg regnfull haust – og ein mild vinter, seier Lie Brenna.
Ein våt haust kan betre situasjonen, men ikkje nødvendigvis normalisere han, seier Botnen.
– Vi må ha den våtaste hausten i manns minne for å vere tilbake på normalen ved utgangen av året i prisområde Sørlandet, seier han.