nyhende

Hanna Marie Fosse Nes på operasjonsstova.

Veterinær om det vanskelege yrket:
– Ikkje berre kattungar

Det er ikkje lett å vera veterinær, særskild ikkje i distrikta. No varslar ei frå yrkesgruppa om problema, men ho vil likevel tilrå yrket til andre.

Publisert

– Det oppstår ofte vanskelege situasjonar knytt til etikk, dyreeigarar, helse og økonomi, beredskap, liv og død, seier forfattar og veterinær Hanne Marie Fosse Nes til Nynorsk pressekontor.

I 2024 kom ein norsk studie som viste noko ganske sjokkerande: nesten 30 prosent av veterinærane her i landet hadde det siste året tenkt at livet ikkje var verd å leva. Talet var særskild høgt blant dei som ofte måtte avliva dyr.

Kort oppsummert

  • Veterinær Hanne Marie Fosse Nes skildrar eit yrke med store etiske val og høg belastning. Ho meiner kvardagen ofte er langt tøffare enn mange trur.
  • Ei ny norsk undersøking viste at nær 30 prosent av veterinærane hadde tenkt at livet ikkje var verd å leva det siste året. Særleg dei som ofte må avliva dyr, var hardt råka.
  • I distrikta kan arbeidsdagen vera prega av lange reiser, mykje åleinearbeid og døgnvakt. Veterinærane må samstundes møta dyreeigarar i krise og handtera krevjande situasjonar utan nok støtte.
  • Eit viktig tema i saka er mentorprogrammet for nyutdanna veterinærar innan produksjonsdyr. Ordninga skal gje fagleg støtte og meir tryggleik, og har fått gode tilbakemeldingar.
  • Fosse Nes meiner likevel at det trengst større grep, mellom anna betre organisering av vaktdistrikt og meir stabile rammer. Trass i problema løftar ho fram at yrket òg gjev sterke møte med dyr, menneske og natur.

Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.

Det underbygde tidlegare tal, som viste at veterinærar i tidsrommet 1960 til 2000 hadde dobbelt så høg sjølvmordsrate som resten av folket.

No har det kome ei bok om yrket frå ein veterinær som kanskje kan seia noko om kvifor det er slik, og ikkje minst om kva som kan gjerast.

– Eg hadde nok mest eit ønske om å framstilla realitetane på både godt og vondt, å gjeva eit nyansert bilete på det fine og vanskelege, seier Hanne Marie Fosse Nes.

Ingen dag er lik

Ho vaks opp på Ellingsøy utanfor Ålesund, og bestemte seg tidleg for å verta veterinær. Sidan ho vart ferdig utdanna i 2017, har ho arbeidd både på Sunnmøre, og Trøndelag og i Nordland.

Fosse Nes fortel at ho var veldig glad i jobben sin, at han var givande, men i 2023 sa det stopp. Ho orka ikkje meir. I den nye boka si, «Dyrlegen – tett på mennesker, dyr og naturens grenseløse skjønnhet,» fortel ho om yrket og kvifor det ikkje er for alle.

– Eg hadde eit ønske om å presentera røynda. Mange veit ikkje korleis kvardagen ser ut.

– Korleis ser den kvardagen ut?

– Det kan vera veldig variert etter distrikt og fag, om du driv med små eller store dyr. Somme stader er det greitt, medan på stader som i Sogn og langs kysten må du tenkja logistikk kring ras, vegarbeid, tunnelar og alt som kjem i tillegg.

Fosse Nes nemner som eit eksempel ein laurdag då ho hadde fire oppdrag i Nordland. Då køyrde ho 400 kilometer på ein dag, ikkje medrekna ferje og snøggbåt.

– Men der er jo folk vande med avstandar. Dei kunne gjerne verta glade berre eg kom same dag dei ringde.

Fysisk og psykisk tøft

For det er gjerne slik at dyrlegen i distrikta er mykje åleine, har lange reisevegar og er på jobb døgeret rundt. I tillegg må dei ofte kommunisera og samhandla med menneske i krise. Det tar på.

– Det som overraskar meg er at det er innlysande at til dømes brann- og politifolk skal få stønad og debrief etter traumatiske hendingar. Ingen stiller spørsmål ved det, men me har ikkje høve til det.

Fosse Nes meiner det er mykje med rammene rundt veterinærane som kunne og burde vorte betre. Ho trur det er mange som gjev seg i yrket på grunn av den psykiske og fysiske belastninga det medfører, slik ho gjorde.

Hanna Marie Fosse Nes har valt å skriva bok om veterinæryrket for å visa korleis kvardagen deira eigentleg ser ut.

– Det vert sagt at det er veterinærmangel, men eg spør meg om problemet heller er å halda på dei ein har. Det finst inga oversikt over kor veterinærar hamar etter fullført utdanning. Eg kjenner til dømes ei på min alder som elska jobben som veterinær, men som vidareutdanna seg til lektor fordi ho ikkje orka meir.

Likevel ser Hanne Marie Fosse Nes ikkje berre mørkt på det. Ho stiller seg mellom anna særs positiv til mentorprogrammet for nyutdanna veterinærar som vart sett i verk for eir par år sidan.

Mentorar kan letta vegen inn

Hulda Bysheim er ikkje snau med å svara når ho får spørsmål om mentorprogrammet og korleis det fungerer. Ho er fagveterinær og ansvarleg for ordninga, som vert drifta gjennom Den norske veterinærforening.

– Eg vil gjerne få ut den glade bodskapen, seier ho.

Ordninga går ut på at nyutdanna veterinærar skal få betre støtte både under og etter studiet av meir erfarne kollegaer. Programmet er sikta mot dei som vil arbeida med produksjonsdyr, altså nyttedyr i landbruket. For det er gjerne i distrikta og i meir grisgrendte strøk at det både er mest behov for dei og vanskelegast å rekruttera.

– Me har fått gode tilbakemeldingar frå dei med mentorar om at dette er ein trygg måte å testa ut praksis i produksjon på. Dei kan ofte meir enn dei trur, men dei er gjerne usikre på eigen kompetanse. Dei treng ofte berre å diskutera litt, seier Bysheim.

Mentorprogrammet byrja opphavleg som eit pilotprosjekt tidleg i 2024, men då prosjektet var over i oktober i fjor gav Landbruks- og matdepartementet, som står for finansieringa, beskjed om at det skulle verta permanent. Det er Bysheim særs glad for.

– Dette har vore gjort før også. Dei fleste stader har ein vore flinke med å ta med studentar, læra opp nye kollegaer, og slikt. Det ligg litt i bransjen si sjel, men det har ikkje vore noko system før no.

Gamle kart, nye utfordringar

Trass i at ho er begeistra for mentorordninga, meiner forfattar Fosse Nes at mykje står att. Ho peikar på fleire konkrete problem.

– Me må gjera noko med det organisatoriske. Det er ikkje langt frå totalt anarki. Det er fritt fram å oppretta verksemd kor som helst, anten i konkurranse eller i samarbeid med andre.

I dag er Noreg delt inn i 160 vaktdistrikt for veterinærar. Fosse Nes meiner det er langt på overtid å teikna dette kartet på nytt.

Det var mange fine dagar på jobben som veterinær, seier Hanna Marie Fosse Nes. Her er ho saman med nokre kyr på beite.

– Inntrykket mitt er at det berre vart delt inn ein gong utan at nokon har sett på det sidan. Samstundes er kommunar pålagde å ha veterinærar.

Det kan bety at somme område der det tidlegare var mykje landbruk i dag ikkje lenger treng like stor tettleik av dyrlegar ettersom gardar har lagt ned drifta. Då kan veterinærar i desse områda enda opp med altfor få oppdrag til å få rekneskapen til å gå opp.

– Då kan somme veterinærar ta på seg ansvar til særs uheldige vilkår, meiner Fosse Nes.

Også Bysheim i Veterinærforeininga trekkjer fram dette problemet. Ho seier at om det berre er inntektsgrunnlag til ein enkelt dyrlege, kan jo ikkje denne vera på vakt døgeret rundt, heile året. For å bøta på dette kan kommunen søkja om midlar, men det er ikkje alltid like enkelt.

– Kommunen kan søkja stimuleringstilskot frå Statsforvaltaren, men det er underfinansiert. Det vert søkt om meir midlar enn det finst tilgjengeleg.

Framleis førebudd

Trass i at veterinæryrket har mange utfordringar vil Hanne Marie Fosse Nes likevel tilrå det til dei som er interesserte i helsefremjande arbeid for både dyr, menneske og miljø. Det er nemleg mykje ho tykkjer er fint med det.

– Det er så fint å få vera så tett på liv, både menneske me møter via dyr og med dyra sjølve. Å sjå den koplinga til naturen og å få sjå så mange ulike delar av landet. Frå ribbåt i Nordland til å verta beden inn til folk på nyttårsaftan fordi dei veit du er åleine. Slike mellommenneskelege ting overraska meg og eg sette stor pris på det.

Forfattaren seier mange veterinærar har lese boka hennar, og kome med takk for at ho ikkje berre skriv om det vanskelege, men også set ord på det vakre.

– Det er ikkje berre kattungar, men også redding av liv i ei møkkarenne. Det å nyansera det fine med konkrete forteljingar er viktig.

– Det sa stopp for meg

Likevel er ho ikkje sikker på om ho nokon gong kjem til å venda attende til den kliniske delen av yrket, sjølv om ho framleis har alt utstyret sitt.

– Det er eit ope spørsmål for meg. Det sa stopp for meg. Eg var heldig med kollegium og distrikt, men kjente ei totalbelastning av å stå tett på realitetane av eit samfunn som stadig skal intensiverast.

– Likevel klarar eg ikkje å seia at eg aldri skal attende. Det er mange som seier det, at dei ikkje kvittar seg med utstyret. Interessa er med ein.

Powered by Labrador CMS