frå papirarkivet
Krossen i fjellveggen
Berget var nok like freistande som eit tomt lerret for karen som målte inn ein kross. Truleg for rundt 130 år sidan.Saka var på trykk i Sommarvind 2015.
Det kan sjå ut som eit minnesmerke, men er nok berre ei form for gatekunst frå omlag 1850-talet. For langs fjellet her gjekk det folk før – på veg til Tveit, eller på kyrkjeveg til Vikebygd. Stien er der framleis, men har ikkje vore i bruk på mange år. Det er fullt muleg å ta seg fram, turen frå Hovda til Tveitsjøen tar om lag 30 minutt utan bør og heft.
Sunnøve Lervik har vakse opp på staden, og er lommekjend i området. Far hennar kom til garden då han var 2 månadar gamal i 1914, og levde resten av livet sitt her fram til 1986.
Gardbrukarane har rydda skog framføre krossen, som er i berget om lag 10 meter frå stien. Det blir og passa på at malinga blir friska opp no og då. Før var det omtrent ikkje tre her, og symbolet var godt synleg for farande.
– Det seiest at det var ein Peder Lervik frå garden Lervik på Kvalvåg som malte krossen. Han tok på seg malaroppdrag i bygdene, fortel Sunnøve.
Orda som står rundt krossen er tilført seinare, truleg på 40-talet. Vilhelm Egge Hovda, som var far til Sunnøve, skreiv fleire notat på 1980-talet, der mellom anna dette merket er nemnt.