frå papirarkivet

30. mai 1996:

Bjarte Flatnes og Arild Skogland – to flittige gjester på Sambrukshuset. Her er det til og med lov å ha beina på bordet!

- Nei, vi er ikkje pøblar

Denne saka var på trykk i Vestavind 30. mai 1996. 
– Overdramatisert, meiner gutane i den gamle sofaen på Sambrukshuset, om påstandane om hærverk og pøbel i stor stil i Sveio sentrum. Vestavind stakk nasa oppom loftsetasjen og lodda stemninga blant ungdomane – og idrettslagleiar Ole Johan Sveen.

Publisert
Vestavind 30. mai 1996.

Oppe på loftet på Sambrukshuset pressar dei seg tett saman i gamle skinnsofaer. Slenger Petter Røes-badla på bordet og gliser, her er det inga bestemor som ser.

Veggene er dekorert med eigne plakatar, musikken som dundrar ut i rommet har dei med heimafrå. I starten var det mest gutar her, etter kvart har jentene også kome til. Dei yngste går i 5.-6. klasse, dei eldste køyrer bil.

Rommet er blitt nett slik ungdommane ynskja seg: Ein plass dei kan vere for seg sjølv, drikke cola, le av teite vitsar, høyre på musikk og røykje, om dei vil. Utan vaksne hengjande over hovudet.

Ja, jenter har også lov å besøkje rommet opp trappa. Men så langt er det gutane som er i fleirtal.

Om hærverket

Joda, det har nok skjedd ein del, medgir dei, men gutane på loftet ler av påstandane om at det skal vere ein gjeng på 20–25 ungdommar som står bak hærverket og pøbelstrekane i Sveio sentrum.

– Det er overdramatisert, meiner Asgeir Kinn og Bjarte Flatnes.

– Dette her er jo blitt ei skikkeleg sladrebygd! Det er ikkje meir enn 5–6 personar dette her dreier seg om.

Gjengen på loftet seier dei aldri har høyrt om at inngangsdøra til likningskontoret er blitt tilgrisa med mat, heller ikkje at det er blitt kasta brennande sigarettstumpar inn postluka.

– Kva dei gjer på bak der? Står og røykjer vel! Ingen stiller seg opp ned ved senteret og røykjer, men bak likningskontoret er det fint, svarar ein av gutane i benken.

– Du har vel høyrt om BUL-shit, diskoteket på Bua? spør Arild Skogland. Veggene i 2. etasje er dekorerte med eigne plakatar!

Greie ungdomar

Leiar i Sveio idrettslag, Ole Johan Sveen er innom Sambrukshuset nesten kvar einaste kveld. Han tar seg oftast ein tur oppom loftet, men er obs på 2. etasjen er den yngre garde som har førsteprioritet på.

– Når dei vil prate med oss vaksne, kjem dei ned, seier han.

– Før vi gjekk i stand og laga til dette rommet, spurte vi ungdommane kva dei ville ha.

Svaret var; ein plass der dei kunne vere for seg sjølv, utan ein flokk vaksne som sprang rundt og passa på – og eit stereoanlegg. Det har dei fått.

Ikkje særleg storforlangande?

– Nei, dei er ikkje det. Og når dei går før kvelden ryddar dei og gjer reint etter seg sjølv. Du blir overraska nå? Nei, vi har ingen ting å klage på, seier ein svært så godt nøgd Ole Johan Sveen.

Espen Alsaker ler av CD-coveret, eller kva var det nå igjen?

Uorganisert eller organisert?

Sveen likar ikkje stempelet «uorganisert ungdom», eller «organisert ungdom» for den del.

Fritidstilbodet på Sambrukshuset er like mykje for begge grupper, poengterer han.

– Dei som spelar fotball er aktivisert nokre timar eit par kveldar i veka, resten av fritida deira er dei like «uorganiserte» som dei som verkeleg er det.

Sambrukshuset er ope kvar dag frå måndag til fredag, i første etasje får ein kjøpt seg snop, litt varm mat om ein vil ha det – og ein kan spele bordtennis eller biljard. Alt i regi av Sveio I.L.

Powered by Labrador CMS