Temakafé: For kreftpasientar, pårørande og etterlatte
29. april 2026 kl. 18:00-20:00, Dagsenter, Sveio omsorgssenter
VELKOMMEN TIL TEMAKAFÉ
For kreftpasientar, pårørande og etterlatte
Treng du ein stad å møte andre som forstår?
Temakafé er ein uformell og trygg møteplass for deg som er ramma av kreft – anten du er pasient, pårørande eller etterlatt.
Her kan du:
☕ treffe andre i liknande situasjon
💬 dele tankar og erfaringar – eller berre lytte
🌱 få fagleg påfyll og ny inspirasjon
Vi legg til rette for gode samtalar i varme og trygge omgjevnader.
Tema for kvelden: Fysisk aktivitet
Rørsle kan vere eit viktig verktøy – også når livet er krevjande.
Tilpassa fysisk aktivitet kan bidra til:
- meir energi i kvardagen
- betre søvn og humør
- styrka kropp og auka meistringskjensle
Du treng ikkje gjere mykje – små steg kan ha stor betydning.
👩⚕ Foredragshaldar:
Karethe Markhus Breiteig, Fysioterapeut i Sveio kommune
Arrangementet er gratis
Ingen påmelding nødvendig
📞 Kontakt ved spørsmål:
Marit Leanne Vos, kreftkoordinator i Sveio kommune
Mob: 903 62 208
Ta gjerne med deg ein ven – du er hjarteleg velkomen slik som du er.