Temakafé: Sorg og høgtider

25. november 2026 kl. 18:00-20:00. Stad: Dagsenter på Sveio omsorgssenter

Velkomen til temakafé! 

På denne temakaféen får vi besøk av Valborg Sinnes, som skal setje ord på sorg, ventesorg og korleis det kan vere å møte jul og høgtider når livet er annleis enn før. 

Sorg kan vere sterk og uoversiktleg. For mange er høgtider ekstra såre, særleg den første jula etter eit dødsfall. Ein person som skulle ha vore der, manglar. 

Du er hjarteleg velkomen, anten du er pasient, pårørande, etterlaten eller ønskjer å høyre meir om temaet. 

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Marit Leanne Vos på mob. 903 62 208 

Powered by Labrador CMS