Vigdar Grunn­eigarlag: Utdeling av midlar

Søknadsfrist 1. desember 2026

Årsmøtet til Vigdar Grunneigarlag tildeler kvart år stønad til føremål som skal gå til tiltak som fremjer interessa og aktiviteten for innlandsfiske, friluftsliv og anna bruk av Vigdarvatnet og vassdraget. Barn og ungdom er prioriterte målgrupper.

Stønad kan gjevast til gjennomføring av praktiske eller haldningskapande tiltak som støttar opp rundt føremålet, eller som del av eit investeringstiltak. 

Søknaden skal innehalda ei skildring av dei tiltaka ein ynskjer å gjennomføra, samt budsjett eller estimert kostnad. 

Søknad kan sendast: 

Vigdar Grunneigarlag v/ Mikkel Thorkildsen
Nesevegen 48, 5550 Sveio

mikkel.thorkildsen@gmail.com eller thomasdanielsen87@gmail.com

Søknadsfrist er sett til 1. desember 2026.

Powered by Labrador CMS