lesarbidrag
Det blømer i hagen på Hovdatun
Sommaren er på hell, men ennå blømer det rundt i hagane. Det gjer det også hos Dale Ann Huxtable på Hovda.
Måndag 7. september var Bua kvinne- og familielag invitert til å sjå den flotte hagen Dale har laga. Her bugnar det av blomar og grønsaker i mange variantar. Utruleg kva ho har fått til på den korte tida ho har budd her ute på Gullkysten.
Ikkje berre fekk medlemmene i laget nyta synet av den flotte hagen. Dale bad oss også plukka blomar og gi til bebuarane på sjukeheimen. Dermed får mange glede av denne blomeprakten.
Tysdag tok nokre medlemmer i Bua kvinne- og familielaget turen til SOS for å overbringa blomane. Nå står det bukettar rundt på alle avdelingane og lyser kanskje litt ekstra opp kvardagen for dei som bur og jobbar der.
Astrid Hovda