lesarbidrag

Den fargerike hytta er bygd av søppel, det vil seia plast og drivved frå havet. Det var kunstnar Solveig Egeland som stod bak prosjektet, og ho bygde denne første hytta samarbeid med elevar frå Utsira skule i 2011.

Flott turoppleving på Utsira

49 turdeltakarar var lukkelege over at Yr sitt varsel om regn på Utsira 31. mai ikkje slo til. 

Rett nok gøymde sola seg bak skyene, men frå me kom til øya med Utsira-båten og til me skulle om bord igjen, var det opphaldsvêr, varmt og vindstille. 

Arnstein Eek var lokal og dyktig kjentmann i over tre timar, med start frå Nordevågen og til austre marka. Ein svart og kvit katt hadde ikkje meld seg på, men slo følgje med oss ei god stund. 

Utsira er landets minste kommune ut frå folketalet. Her er det eit unikt fugleliv, ein flott fyrstasjon, kystkultur, historiske turstiar og om lag 1.000 villsauer, i følgje Eek. 

På Dalanauster serverte Anders Myklebust og hans driftige son på 12 år velsmakande middag til oss alle. Turleiarar var Lars Tore Nordskog og Elisabeth Hauge Bakke. 


Elisabeth Hauge Bakke, Sveio Turlag

Turgjengen på veg frå Måkeskitmyra oppover til Ruggesteinen.


Aasa Helgesen var jordmor før ho blei Noregs første ordførar. 100 år seinare ville Utsira Art hylla henne, og den internasjonale gatekunstnaren ZABOU tok på seg oppgåva med å måla dette portrettet på veggen på gamleskulen. Utruleg at kunstnaren makta å få til dette med spraybokser, ikkje med malarpensel. Aasa Helgesen var ordførar i Utsira kommune i perioden 1926-1928.
Powered by Labrador CMS