lesarbidrag

Spelarbussane i sikte.

Reisebrev frå parade

Dagstur til London for å gå og stå i kø heile dagen er ikkje for alle, men kva gjer ikkje fotballfans for laget i sitt hjarte?

Ein grytidleg start på lørdagen for å komme med flyet frå Flesland. Der var det mange med kanona på brystet som hadde samme mål. Ein flytur av det vanlege slaget, fulgt av ein togtur inn mot sentrum der fleire og fleire rød skjorter dukkar opp. Veldig mange undergroundstasjonar var stengt grunna dei store folkemengdene som var forventa, så det var bra trøkk på dei nærmaste som var åpne. 

Eg drog til Angel, heilt i kanten på Islington, Arsenal si høyborg. Der slo songen mot deg når du gjekk av toget, og fulgte deg opp i friluft. Klokka var 10.50, og bussen var venta i dette området rundt klokka 16.00. Gata var allerede fullpakka og røde bluss brant. Gateselgarane levde godt, og eg fekk med meg eit nytt flagg på vegen. Det tok 20 minuttar å flytte seg 400 meter opp i gata der eg skulle møte sveibu og ihuga Arsenalfan Gaute Vihovde Haug. Så var det berre finne ein god plass å stille seg opp å vente – i fem timar.

Men fotballfans er gode på å vente. Det var full trøkk på kjente fotballrop, og nye blei stadig dikta ettersom det bydde seg ein mulighet. Ballar blei kasta fram og tilbake over vegen, og det var konkurranse med motsatt side om å synge høgast. Det var så mykje folk at verken telefon eller 5G virka, så ingen heime fekk oppdateringar. Det var og umogleg å finne igjen Gaute etter at me kom frå kvarandre. Fans prøvde med chanten «Give us your wifi» til ein gjeng på ein takterasse der, uten at det gjorde anna enn å få fram smilet hjå folk.

Å stå som sild i tønne i timesvis i varmen, er ingen lek, og det tok ikkje lang tid før eg kjente det i bein og rygg. Av frykt for å miste min gode plass, blei det ingen toalettbesøk. Væskeinntaket måtte vere begrensa, men litt påfyll var viktig. Det var 23 grader i London, og sola kikka fram ganske så ofte. 

Varmen blei for mykje for fleire, med då var paramedics på plass for å hjelpe. For eigen del forbanna eg meg sjølv for at eg ikkje tok på shortsen eg hadde i sekken på flyplassen. Det var og andre der som ikkje var så nøye på væskeinntaket, og la bakpå i store mengder. Menn finn alltid ei løysing, men det var lange køar til dametoalettet. 

Stemninga var elektrisk, og det var så mykje rød og kvit røyk at det blei vondt å puste.

Omsider kom spelarbussane, litt etter skjema rundt 16.15. Stemninga var elektrisk, og det var så mykje rød og kvit røyk at det blei vondt å puste. Spelarane vinka og såg både glade og rørte ut akkurat som oss andre. 

Arsenal hadde tapt Champions League finalen kvelden i forvegen på straffesparkkonkurranse. Nettopp derfor var det så fantastisk at så mange var ute for å likevel feire og støtte laget. Stopparkjempa Gabriel bomma på den avgjerande straffa, og blei såleis «syndebukken», men det var ingen songar som blei sungne med sånn innlevelse som hans. Det varma mitt hjarta!

Så var det over, og eg og dei andre skulle heimover. Det var ikkje gjort i hasta. Ein må både ver tålmodig og samtidig smidig for å komme seg framover i sneglefart. Dei anslår at det var rundt 1,5 millionar fans i gatene der denne dagen – den største paraden i London og Englands historie, uavhengig av anledning. Og akkurat sånn føltes det. Ruta hadde blitt forlenga med 4 km samanlikna med førre parade, og det blei ingen stopp for å løfte trofeet, det var dei redde for at skulle bli farleg med så mange folk. Det trur eg var lurt. 

Eg gjekk ned til King’s Cross for å ta toget til Gatwick igjen. Kor ein du gjekk song me. Me dekka heile breidden på vegen, så bilane kom seg ikkje av flekken. Toga til Gatwick gjekk ikkje her frå denne dagen, så me måtte ned på undergrunnen. Og eg seier me, for nå virka telefonnettet igjen, så eg fann Gaute. Me stimlar oss sakte men sikkert mot plattforma på King’s Cross, og har nesten målet i siktet. Då kjem beskjeden over høytaleranlegget at stasjonen må stenge grunna eit nødstilfelle, og alle må ut. 

Frustrasjon for alle involverte, men ein fotballsong kan fikse det meste. Og det må eg seie: så mange mennesker på ein stad, og det var berre god stemning. Ikkje ein liten krangel ein gong, så vidt eg såg. Alle forent av kjærligheten til fotballklubben i sitt hjarte.

Resten av turen gjekk som planlagt. På vegen heim blei det å reflektere litt over kva me nettopp har fått vere med på. Eg visste at Arsenal var ein stor klubb, men kor stor, det trur eg nok mange har blitt overraska over. Så håpar me at det ikkje blir 22 år til me gjentar dette. Uansett vil dette minnet vere med meg for alltid!

Leif Sverre Haga

Powered by Labrador CMS