Dette betyr omgrepa som blir brukte av Bedriftsroboten.
Driftsinntekter: Blir også kalla omsetning, og er samla inntekter frå drift i ein gitt periode.
Driftsresultat: Det ein sitter igjen med etter å ha trekt frå det drifta har kosta i perioden.
Resultat før skatt: Driftsresultatet, men først blir lagt såkalla finansinntekter til. Det kan vera vinst frå renter og aksjar. Deretter blir finanskostnadene trekte frå. Typisk er dette gjeldsutgifter.
Driftsmargin: Forholdet mellom driftsresultat og omsetning, framstilt i prosent. Gir ein peikepinn på kor lønnsam ein bedrift er. kva som blir rekna som ein god margin, kan variera frå bransje til bransje.
Aksjeselskap: Blir ofte forkorta til AS, og er ei verksemd med kapital fordelt på én eller fleire andelar. Disse blir kalla aksjar. Aksjonærane har ikkje personleg ansvar for forpliktingane eller gjelda til selskapet..
Utbytte: Utdeling frå eit aksjeselskap til aksjonærene, vanligvis i form av kontantar eller aksjar.
Eigenkapitalprosent: Summen av gjelda og eigenkapitalen, altså det bedrifta eig, kallar me totalkapital. Eigenkapitalprosenten seier noko om kor solid ei bedrift er. Høg eigenkapitalprosent betyr god soliditet.
Bransje: Næringslivet kan delast inn i ulike næringar, som igjen består av ulike bransjar. Bedriftsroboten tek utgangspunkt i offisielle nærings- og bransjekodar. Du kan lesa meir om dei her.