nyhende

To ungdommar på elsparkesykkel i Oslo sentrum. Allereie frå neste vår vil Statens vegvesen innføre 16-årsgrense på slike syklar.

16-årsgrense for elsparkesykkel sendt på høyring

Talet på skadar kopla til ulykker med elsparkesykkel, har eksplodert sidan 2019. No er Vegvesenet sitt forslag om å innføre 16-årsgrense sendt på høyring.

Publisert

Offisiell ulykkesstatistikk viser at 242 personar vart skadde og to personar omkom i ulykker med elsparkesykkel i fjor. Dette er opp frå 15 skadde og ingen omkomne i 2019. Statens vegvesen har likevel jamført desse tala opp mot Oslo legevakt sine registrerte skadar frå elsparkesyklar i same periode, og dei viser heilt andre tal.

I 2019 vart det registrert 773 slike skadar, og i fjor enda oversikta med 1542 tilfelle. Toppåret var likevel i 2021 då legevakta i hovudstaden behandla heile 1878 skadar etter ulykker med elsparkesykkel. Barn og unge er overrepresenterte blant dei skadde, og barn mellom 12 og 16 år står for 28 prosent av dei registrerte skadane.

Torsdag vart Statens vegvesen sitt forslag om å innføre aldersgrense på 16 år sendt på høyring. Målet er at endringane kan gjelde allereie frå neste vår.

Må gjere noko

– Barn og unge skadar seg på elsparkesykkel som aldri før, og det må vi gjere noko med. På oppdrag frå regjeringa sender Statens vegvesen i dag forslaget om å heve aldersgrensa til 16 år på høyring, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam i ei pressemelding.

Forslaget går ut på å heve aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel og andre små elektriske motorvogner frå 12 til 16 år. Det er same aldersgrense som for moped, lett motorsykkel og traktor.

I dag er det påbode for barn mellom 12 og 15 år å bruke sykkelhjelm når dei køyrer elsparkesykkel. Dette påbodet vil naturleg nok bli oppheva dersom ny aldersgrense blir vedteken.

Hjelm eige prosjekt

– Det går føre seg eit eige arbeid med å greie ut eit meir generelt hjelmpåbod ved bruk av elsparkesykkel og andre små elektriske motorvogner. Eventuelle framtidige reglar om hjelmbruk vil bli vurderte som ein del av dette arbeidet, står det i høyringsnotatet.

Brot på reglane kan medføre informasjon og rettleiing på kontrollstaden, men også kontakt med foreldre og føresette.

Fleire europeiske land har allereie ei aldersgrense på 14, 15 eller 16 år, og dei fleste utleigeselskapa i Noreg har i dag ei aldersgrense på 15 eller 16 år.

Powered by Labrador CMS