nyhende
17-åring frå Fitjar verdas første med flylappen for elfly
Einar Rydland Auestad frå Fitjar er den første i flyhistoria som tek flysertifikat berre med elfly.
Det opplyser Norges luftsportforbund i ei pressemelding og viser til at Auestad har gjennomført utdanningsprogrammet på elektrisk fly. 17-åringen bestod oppflyging 12. november.
Han har ikkje lov til å køyre bil enno, men har flysertifikat (LAPL-A).
Auestad seier at han heile livet har hatt lyst til å bli pilot.
– Eg er oppvaksen under innflyginga til Stord lufthamn, og mamma har sagt at heilt sidan eg låg i barnevogna, så vart eg heilt rastlaus og glad av å sjå flya over meg, seier Auestad.
– Det er ein fantastisk prestasjon og eit skikkeleg bra prosjekt der vestlandske eldsjeler har teke luftfarten eit lite steg vidare inn i framtida, seier Odin Sætre, instruktør og skulesjef i Bergen Aero Klubb, der Auestad har trena.
Den ferske piloten brukte ein Pipistrel Velis Electro med registrering LN-ELB frå Norges luftsportforbund. Dette er verdas første typesertifiserte elektriske fly, med ein kapasitet på rundt ein time flytid.