nyhende
4A ved Sveio skule hoppa seg opp på pallen
4A klasse ved Sveio skule hoppa seg til andreplass i Nasjonalforeningen for folkehelsen sin hoppetaukonkurranse i 2026 i tidlegare Hordaland.
Elevane i klassen hoppa 60 minutt per dag, noko som er maksimalt av kva dei kunne få poeng for. Rundt 95.000 elevar frå heile landet har i år vore med på konkurransen, som vart arrangert for 21. gong. Ved Sveio skule deltok klassar frå 4., 5. og 6. klassetrinn.
Fredag morgon kom leiar Brit Jorun Haukås og Kari Olsen i Sveio helselag på overraskande morgenbesøk til 4A. Med seg hadde dei diplom til alle 15 elevane i klassen og ei pengegave på 1.000 kroner. Den får lærar Marie Holme ansvaret for, men klassen skal saman bestemma kva pengane skal brukast til.
– Ein kjempeinnsats
Det blei eit lurveleven av glede, og klapping for kvar enkelt elev som kom opp og fekk diplom av Brit og Kari. Og ein runde med hoppetau for å visa Vestavind at dette kan dei.
– Det er lenge sidan Sveio skule har vore med, og kanskje kan årets innsats og premie gjera at det blir ein tradisjon framover, seier Brit og Kari.
– Me gratulerer så mykje til elevane ved Sveio skule med innsatsen i hoppetaukonkurransen «Hopp for hjartet» i Hordaland. Dei har gjort ein kjempeinnsats, seier generalsekretær i Nasjonalforeininga for folkehelsa, Bo Gleditsch.
Har vore med i alle år
Valestrand oppvekstsenter har vore på med på «Hopp for hjartet» i alle år konkurransen har pågått. For to år sidan fekk dei også med seg ordføraren på opninga av hoppeveka.
– Det er veldig bra at skulen har vore med i alle desse åra, og dei siste året har me hatt samling med elevane i starten. Der serverer me også ein god frukost og snakkar litt om kor viktig aktivitet og sunn mat er for helsa vår, fortel Inger Bente Strand Nilsen, leiar i Einstadbøvoll helselag.
1.200 barneskular totalt
I år var i alt 1.200 barneskular i Noreg med på «Hopp for hjartet» som vart arrangerte mellom 4. og 8. mai. I Hordaland deltok 173 skular og om lag 10.300 elevar. Klassane har konkurrert som lag, og fått poeng for kvart minutt dei har hoppa opp til 60 minutt.
Det var fleire klassar som har hoppa maksimalt av kva dei kunne få poeng for, og derfor har vinnaren vorte trekt blant desse. I tillegg til at alle fylkesstyra i Nasjonalforeningen for folkehelsen har kåra ein vinnar, er det også kåra ein nasjonal vinnar. Det var klasse 4A ved Mehamn skole i Finnmark som stakk av med sigeren for heile landet.