nyhende
5. klasse rocka fullsett Vigdartun
For ein sommaravslutning for 5. klassetrinn på Sveio skule! Først imponerande musikal, så grilling og aktivitetar. Vestavind var med på første del: musikalversjonen av filmen «Olsenbanden jr. på rockern».
Kabareten til 10. klasse i februar er berømt. No spørs det om dei 44 elevane i dei tre 5. klassane – og lærarane – har starta ein ny tradisjon.
I 12 veker har dei samarbeidd tverrfagleg i ulike produksjonsgrupper: skodespelargruppe, lyd-og lysgruppe, PR-gruppe, kostymegruppe, rekvisittgruppe og assistentgruppe.
Fullsett sal
Og for ei forestilling det vart onsdag kveld framfor eit fullsett auditorium i Vigdartun med foreldre, søsken, besteforeldre og andre.
Olsenbanden jr. har sine eigne karakterar, men unge Egon, Kjell, Benny, Dynamitt-Harry og Valborg er sjølvsagt med. Kveldens artigaste var kringkastingssjefen. Latteren sat laust i salen kvar gong han kom inn med replikkar.
Kjell sin kjærleik til Valborg er stor, og då han fekk eit kyss på kinnet, blei det song:
Talentkonkurranse
Kort fortalt var Sveio skule plukka ut av Norsk rikskringkasting til å halda ein talentkonkurranse. Vinnaren ville få både sendetid på NRK og pengepremie. Egon hadde sjølvsagt ein plan, og danna band med Kjell, Benny og Dynamitt-Harry.
Dei fekk hard konkurranse av Biffen Band og Hermann. Men ting gjekk ikkje heilt som planlagt for dei to andre deltakarane, og Egon & co. vann konkurransen.
Sleip amerikaner
Amerikanske Pop-Johansen (med fantastisk norskamerikansk dialekt) og Dolly Svendsen kom seglande inn og lova platekontrakt. Dei var sjølvsagt berre ute etter pengepremien, og Egon & co begynte å ana ugler i mosen.
Ingen Egon-musikal utan politi, og då Pop-Johansen og assistenten prøvde å stikka av med pengane, blei det vill politijaktjakt med fleire rundar rundt heile auditoriet før politibetjent Hermansen og politiassistent Holm fakka dei falske plateselskapfolka.
Egon blei – sjølvsagt – mistenkt for å stå bak det heile, men ved hjelp av opptak frå NRK blei det bevist at Egon & co var uskuldige.
Fellesnummera var høgdepunkt
I musikalen var det gode prestasjoner av alle skodespelarane. For underteikna var likevel høgdepunkta fellesnummera der heile trinnet song og dansa saman på scena.
– I arbeidet med musikalen har kreative, praktiske og sosiale prosessar vore minst like viktige som sluttproduktet, seier lærar Tiril Birkelid, som har skrive manuset ut frå filmen «Olsenbanden jr. på rocker´n» og vore produsent og drivkrafta i arbeidet. Ho fekk vel fortent ros og blomar då forestillinga var over.
Ordførar André Mundal Haukås var også til stades, og takka for ei imponerande forestilling. Han kom også med litt fun facts: Filmen musikalen er basert på kom i 2004. Då gjekk ordføraren sjølv i 5. klasse.