nyhende

Bjørn Storebø og Aud Nilsen smiler og held kvar sin grøn behaldar i eit innandørs lokale.
Bjørn Storebø og Aud Nilsen brukte den flotte haustsøndagen til å gjera ein innsats som bøsseberarar.

58.000 i kontantar kom inn på bøssene

Talet er 11.000 kroner lågare enn i fjor, men kjem ganske sikkert til å endra seg når også Vipps-innbetalingar og andre bidrag kjem med.

Publisert Sist oppdatert

Portalen til TV-aksjonen er nede slik at i skrivande stund er det ikkje mogeleg å få samla tal frå Sveio, kor mykje som er gitt per innbyggar eller kor mykje næringslivet har bidratt med. Heller ikkje kor mykje som er gitt dei føregåande åra.

Berre kontantar førebels

Summen på 58.000 kroner er difor berre kontantar frå bøssene. Haugesund Sparebank hadde ikkje høve til å bidra med teljinga, så aksjonsleiar Kristin B. Robberstad og ordførar André Mundal Haukås tok den jobben.

Pengane blir no frakta med sikker transport frå Frivilligsentralen til finteljing i Haugesund.

To personar tel pengar rundt eit bord med beger, teljebrett og innsamla småpengar.
Haugesund Sparebank kunne ikkje stilla med teljemaskin og folk, så aksjonsleiar Kristsin Robberstad og og ordførar André Mundal Haukås tok den jobben.

Men innsamlinga pågår enno nokre veker. Eit av dei siste bidraga frå Sveio brukar å koma frå FN-dagen på Førde skule. Den summen brukar å vera så høg at det gir eit løft til kor mykje som blir gitt per innbyggar i Sveio.

Nøgde med dagen

Dei to som har hatt hovudansvaret i dag er strålande nøgde både med dagen og innsatsen til bøsseberarane. Som i mange andre kommunar har det vore mangel på bøsseberarar, men det blei inga krise i Sveio.

– Me hadde trong for litt over 60 bøsseberarar, og kom opp i 46. Ein del av desse gjekk ekstra lange rundar slik at me likevel fekk dekka mykje, seier Robberstad.

Både ho og ordføraren gjekk med bøsser, og fortel om ein veldig kjekk søndagstur.

André Mundal Haukås og Kristine Almås tel pengar ved eit bord i eit møterom.
Ordførar André Mundal Haukås og rodeleiar i Førde, Kristine Almås, i gong med å tømma bøsser i lokala til Frivilligsentralen.

– Unge som eldre venta på at bøsseberarane skulle koma. Mange hadde kontantar klare, og mange har også brukt Vipps. Tilbakemeldingane frå bøsseberarane er at det var ein del hus der ikkje det ikkje var folk heime. Det kan mogelegvis skuldast det fine vêret. Samstundes fekk ein del hyttefolk besøk og var glade for det, fortel ordføraren.

Håpa det var kongen som kom

– Korleis skal dei som ikkje var heime, eller ikkje fekk besøk, gjera det om dei vil bidra?

– Då er det Vipps som gjeld. Gå inn på tvaksjonen.no og klikk på Gi nå, oppfordrar dei to.

Leif Sverre Haga held ei kvit bøtte framfor Sveio Frivilligsentral.
Leif Sverre Haga er fast rodeleiar for Sveio.

Som begge fekk fleire artige tilbakemeldingar på at folk var litt skuffa:

– Dei spøkte med at dei hadde håpa det var kongen som kom sidan han skulle ut og går med bøsse, ler dei.

Her skal Flykninghjelpen (NRC) bidra

Midlane frå TV-aksjonen vil bli fordelt på seks land der befolkninga har kritisk behov for støtte dei næraste åra.

Gaza: Krigen i Gaza har øydelagt fleire enn ni av ti heimar. Heile bydelar og nabolag ligg i ruinar. Sjølv om ein våpenkvileavtale blei underteikna i oktober 2025, har fortsatt rundt éin million menneske akutt behov for å skaffa seg ein stad å bu per februar 2026. Den demokratiske republikken Kongo

I Den demokratiske republikken Kongo er om lag 5,7 millionar menneske internt fordrive. I tillegg har over éin million søkt beskyttelse i nabolanda. Dette er ein av dei de største og samtidig mest neglisjerte fluktkrisene i verda.

Sudan og Tsjad: Krigen som braut ut i Sudan i 2023 har drive nær 14 millionar menneske på flukt og skapt ei av verdas største humanitære kriser.

Rundt éin million sudanarar har flyktet til nabolandet Tsjad, i tillegg til rundt 400.000 menneske fra Tsjad, som har returnert på grunn av konflikten. I enkelte vertssamfunn i Tsjad utgjer no flyktningane fleirtalet av befolkninga. Dette er blant dei fattigaste områda i eit av verdas fattigaste land.

Afghanistan: Årevis med krig og konflikt, klimaendringar, naturkatastrofer og kutt i humanitær støtte har ført til eit enormt udekka behov for nødhjelp og husly i Afghanistan.

Over 3,2 millioner menneske er registrerte som internt fordrivne. Nesten 22 millionar afghanere – halvparten av befolkningen – har framleis behov for humanitær hjelp.

Syria: Siden 2011 er over 12 millionar menneske blitt drivet på flukt. Millionar av syrere øyner nå et håp om å kunne vende hjem, men omfattende ødeleggelser, mangel på husly, høy arbeidsledighet og mangel på offentlige tjenester gjør dette svært vanskelig.

Powered by Labrador CMS