nyhende
99 prosent av oss vil helst reparere – ikkje kjøpe nytt
Vi kan alle tenkje oss å reparere produkt som går sund. – Stortinget må støtte dette, seier Forbrukarrådet.
– Vi er opptekne av at det må vere lønnsamt og enkelt og trygt å velje reparasjon framfor å kjøpe nytt, seier Elin Volder Rutle, som er fagsjef for berekraft i Forbrukarrådet.
Ho viser til at alle partia har stilt seg positive til redusert moms for reparasjon.
– No er vi spente på om dette kan få ein større plass i budsjettforhandlingane.
I budsjettforslaget er det lagt inn ein pilot om reparasjon av kvitevarer. Men store produktgrupper som mobilar, PC-ar og møblar er ikkje inkluderte.
Likar å reparere
Ei kartlegging som blir presentert torsdag, viser at 99 prosent av dei spurde kan tenkje seg å reparere produkt som går sund.
– Særleg er pris og økonomi ein motivasjon, seier Rutle.
Nordmenn likar å reparere. 45 prosent av oss fortel at vi fiksar alt som vi sjølv kan reparere, framfor å kjøpe nytt. Her er det særleg menn som viser seg engasjerte.
Samtidig ønskjer 49 prosent at det er stader i nærleiken der dei kan få saker reparerte. Her er kvinner overrepresenterte.
Forbrukarrådet meiner at eit reparasjonstilbod, reklamasjonsrett og krav til kvalitet, og kontroll ved import kan bidra til lengre levetid for produkt, mindre avfall og lågare materialforbruk.
– Det kan redusere avfallsmengda og behovet for å produsere nye varer, noko som igjen kan gi lågare materialforbruk og utslepp.
Betre i Sverige
Klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap) og representantar frå alle partia er til stades når Klimabarometer for 2026 blir lagt fram torsdag.
Eit anna tydeleg svar frå forbrukarane som er spurde, er at 89 prosent meiner dei får for mykje reklame i sosiale medium.
– Det er veldig bra at mange nordmenn tek klimaomsyn i kvardagen. At ni av ti meiner at vi får for mykje reklame i sosiale medium, er eit tydeleg signal om at mange ønskjer å redusere forbruket, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap).
Ho viser til at det no mellom anna skal testast ut ei støtteordning for reparasjon av kvitevarer.
– Mange ønskjer seg løysingar som gjer det enklare å reparere og bruke om igjen. Ein av hovudprioriteringane mine denne regjeringsperioden er at det skal bli enklare for folk å velje brukt, reparasjon og ombruk.
Ventar på regjeringa
Lars Haltbrekken i SV sit i energi- og miljøkomiteen. Han seier at Stortinget avtalen om revidert nasjonalbudsjett gav regjeringa beskjed om å sjå på verkemiddel for å stimulere til reparasjon – ikkje berre av kvitevarer, men også elektronikk.
– Vi ventar på desse utgreiingane.
Partiet har i det alternative budsjettet sitt funne plass for ei pilotordning for reparasjon av brukte klede, ala den regjeringa har på kvitevarer.
Forbrukarrådet viser til at EU i sommar fekk lova for rett til reparasjon. Den er framleis ikkje teken inn i EØS-avtalen.
– Her har norske forbrukarar faktisk svakare rettar enn forbrukarane i nabolanda våre, fortel fagsjefen i Forbrukarrådet.
Mange reagerer på krysspress
Eit stort fleirtal av dei spurde reagerer på at det er så mykje reklame på sosiale medium, og det er eit tydeleg signal på at fleire ønskjer å redusere forbruket, meiner Rutle.
Vi blir utsette for reklamepress, samtidig som samfunnet ventar at vi skal forbruke mindre og ta meir berekraftige val.
– Vi veit at mange ofte handlar meir enn planlagt. Etterpå ønskjer dei at dei hadde tenkt seg om.
Forbrukarrådet seier at koplinga mellom reklame og impulskjøp ikkje er heilt tilfeldig. For sosiale medium ser ein at grensene mellom innhald, underhaldning og reklame veldig ofte opplevest som uklare.
Ønskjer reklamegrense i sosiale medium
I lineær TV er det i dag ei grense på 20 prosent for reklame eller kommersielt innhald.
– Vi ønskjer oss ei regulering som set ei grense på tvers av ulike kanalar og plattformer, seier Rutle.
I EU er det i dag sett i gang eit arbeid som kan bidra til å finne ei løysing for regulering av reklame via lovforarbeidet til Digital Fairness Act (DFA).
2027 personar har svart på undersøkinga til Kantar. Feilmarginen er på pluss og minus 2,2 prosent. Resultata er representative for kjønn, alder og geografi.